Flott avslutningsfest for fotball/friidrett.
Postet av Olden IL den 19. Nov 2011
Ca. 45 av dei 62 inviterte i alderen 6-18 år møtte opp på avslutningsfesten for fotball/friidrett på kroa fredag 18. nov. Det var fint at også ein del foreldre hadde høve til å vere med. Alle som hadde delteke på fotball (40 stk.) fekk flotte premiar for innsatsen i 2011. I friidrett vanka det premiar for løpskarusellen og lagsmeisterskapa. Her var det 38 som hadde vore med på eitt eller fleire av lagsarrangementa.
Elles viste Bjarte Haugen mange flotte bilete frå årets sesong. Det er fint for dei unge å sjå seg sjølve i aksjon. Hans-Petter Galtung stod for sportsquiz. Laget H.E.R.O.S. greidde her fantastiske 26 av 27 moglege poeng. Det bestod av Odd Sindre, Harald Andre, Espen, Rasmus og Sondre G. Flott at dei unge følgjer så godt med i sportsverda.
Leiar i Olden IL, Per Muri, stod for utdeling av gåvekort til trenarane. Elles var det sjølvsagt pizza og brus. Det var god stemning på det vellukka arrangementet. No er det berre å satse vidare mot neste sesong. Det er 3 ting som gjeld dersom ein vil bli god i idrett ; trening, trening og atter trening.
Vi kjem tilbake med bilete seinare.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.