Testing av Skarsteinsetra opp.

Postet av Olden IL den 28. Jul 2011

Arrangøren får stadig inn rapportar om utøvarar som driv og trenar til Skarsteinsetra opp 10. sept. Den habile sylisten Roger Rake har sykla distansen på 22 min og Helge Hafås har etter det vi kjenner til sprunge den 4,7 km lange løypa på 21.50. Dette stadfestar vårt inntrykk av at det vil bli ein hard kamp om kven som kjem først opp. Vert det løparen eller den på sykkel ? For syklistane spørst det kva som vil svare seg, sitje på sykkelen heile tida eller gå av og springe ved sida av sykkelen i dei brattaste motane ? Som i terrengsykling er det fullt lovleg å gå av og springe, men sykkelen må uansett vere med til topps. 

 Men dette er ikkje berre eit arrangement for dei som trenar mykje. Det vert også eiga trimklasse der det er fullt lovleg å gå heile distansen og bruke den tida ein treng. Olden IL ynskjer at dette skal bli eit ei massemønstring der alle stiller opp uansett form. Merk av datoen no og still opp !


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.