Hafsås vann "Det norske fjellmaraton" for 5.gong
Postet av Olden IL den 7. Jun 2009
Laurdag vann Helge Hafsås "Det norske fjellmaraton" for 5. gong. Med tida 2.50.20, var han vel minuttet føre nr. to Tore Sand-Hansen frå Modum. Det var sol og gode løpsforhold over Valdresflya under løpet, som vart arrangert for 30. gong. På halvmaraton vart Einar Strand nr. 11 i klasse 50-54 år på tida 1.27.56.
Helge har tidlegare vunne Fjellmaraton over Valdresflya i 1999, 2005,2006 og 2007. 5 km før mål i årets løp låg han på 2. plass, men Helge greidde altså å rive seg laus og sikre sigeren på dei siste kilometarane. Dette var Hafsås sin 119 siger på maratondistansen.Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.