Rasmus Skarstein vann storslalåm på Utvikfjellet.
Postet av Olden IL den 2. Mar 2008
Det var god Olden-innsats då krinsmeisterskapen i slalåm og storslalåm vart avvikla på Utvikfjellet i helga. Søndag tok Rasmus Skarstein ein klar siger i 11-årsklassa i storslalåm, 2,48 sek. føre Sander Ness frå Sogndal. Laurdag fekk han 3. plass i slalåm.
(Fant dessverre bare bilde fra lørdag)
Helga Skarstein vart nr. 3 i begge disiplinar. Aller best gjekk det i storslalåm der ho kun mangla 1,05 sek. på å gå heilt til topps. I andre omgong hadde ho beste tid. Mathias Fjellestad (11) vart nr. 6 i slalåm og Anders Egset (12) nr. 13 i storslalåm. I klassa 8 år og yngre vart Jonas H. Drageset nr. 6 og Olav Egset nr. 7.Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.