Kjempe-innsats av oldarane på Byrkjelo
Postet av Olden IL den 24. Sep 2006
8 gull og totalt 20 medaljar under DM i friidrett for Nordfjord
Olden IL var representert med heile 15 utøvarar under DM og krinsleikar i friidrett på Byrkjelo stadion laurdag 23 sept. Dei 9 deltakarane i DM kunne innkassere heile 8 gullmedaljar og totalt 20 medaljar. Vi trur at dette må vere den beste Olden-innsatsen på eit DM gjennom tidene og altså endå betre enn DM i 2004 då Olden tok 17 medaljar derav 2 gull.
Her kjem medaljelista :
Anders Muri (13) : Gull : 60m, 600m og lengde. Sølv i høgde.
Dag Asle Mykløen (14) : Gull 60m og lengde. Sølv i kule
Andrea Guddal Muri (11) : Gull i kule. Sølv i høgde
Asgeir Flåten (11) : Gull på 600m
Gull vart det også på 4 x 60m stafett. Med på vinnarlaget var : Dag Asle Mykløen, Sondre Guddal Muri, Nils Rytterager og Anders Muri. Men denne gongen vart Svelgen (DM for Sunnfjord) for sterke. Anders Muri stod for ei fantastisk opphenting på sisteetappen, men kom 1/100 sek. for seint.
Sondre Guddal Muri (13) : Sølv i kule og spyd. Bronse på 60m
Helga Skarstein ( 11) : Sølv i lengde og bronse i høgde.
Nils Rytterager (11) : Sølv på 60m og liten ball. Bronse i lengde.
Erik Sunde (11) : Bronse i kule
Dei som var 9 og 10 år deltok på krinsleikar i øvingane 60m, lengde og liten ball. Her deltok ti-åringane Anders Egset og Are Tenden. I klasse 9 år var desse med : Andreas Løken, Lars Marius Kveen Gjertsen, Rasmus Skarstein og Jonas Eide. Også desse oppnådde mange gode resultat.
Vi kjem tilbake med bilete seinare.
Vi minner elles om påmeldingsfristen for Prix Regionsleikar på Sandane 1/10. Fristen er 27/9.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.