Bra deltaking på 1. løpet i løpskarusellen.
Postet av Olden IL den 15. Apr 2014
18 små og store stilte opp då Olden IL måndag 14. april arrangerte det første løpet i løpskarusellen 2014. P.g.a. den pågåande utbyggjinga av idrettsanlegg ved Olden skule, var løypene denne gongen lagt på Oldeleirane, med start og mål ved musikkpaviljongen. I den kortaste løypa hadde Elias Henden Drageset best tid. I mellomlang løype var Jannike Melheim (13) og Olav Egset (14) raskast. Matias Melheim (15) oppnådde best tid i den lengste løypa. Olden IL oppfordrar alle til å stille på treningar og kome seg ut og springe. Oldestafetten er ikkje langt unna - søndag 27.april.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
SKØYTELØP 2026
17.02.2026
Innkalling årsmøte 24.03.26
20.01.2026
Fjelltrimen 2025
17.12.2025
Resultat fjelltrimen 2024
13.06.2025
Årsmelding og sakliste til årsmøte 2025
19.03.2025