Matias Melheim til topps på Tyrving-leikane.
Postet av Olden IL den 8. Feb 2014
Matias Melheim gjekk heilt til topps i kule på Tyrvingleikane i Bærum i dag. I 15-årsklassa oppnådde han 11.79 med 4 kg kula. Med dette resultatet vann han øvinga , ca, 1/2 m føre nestemann. Tyrvingleikane er eit av dei største innandørsstemna i friidrett i Norge. Dette lovar bra framfor UM innandørs og utandørs. Kanskje kan Olden IL igjen ta medalje i eit NM ?
Matias har lenge vore den ivrigaste til å stille opp på friidrettstreningane i Olden IL. I tillegg har han drive trening på eiga hand. Dette har gjeve flott framgong og gode resultat i fleire øvingar. Resultatet i kule i helga var ei personleg rekordforbetring på heile 1m og 74 cm. Dette var inga overrasking. På trening har Matias vist at han har enno betre lengder inne. Vi håpar at fleire av dei talentfulle utøvarane i Olden, vil satse på friidrett.
Olden IL satsar elles på at det nye friidrettsanlegget vårt skal vere klart til bruk i løpet aV 2014. Vi er godt fornøgde med framdrifta etter nyttår.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024