Stemningsrapport fjelltrim.

Postet av Olden IL den 30. Sep 2013

Du set deg ned i vestveggen på Honnvasshytta ein haustkveld. Du har sprunge opp frå Gildestad på ei tid du er godt fornøgd med. Du er høg på endorfiner etter å ha forsert dei 750 høgdemetarane og den låge haustsola som varmar det sveitte ansiktet ditt, gjev deg ei intens kjensle av velvære. Fjellstilla, med ein sildrande bekk nede ved Agjeldsvatnet som akkompagnement, forsterkar den indre roa du føler. Berre nokre ørretar som vakar bryt den oljeblanke overflata på eit vatn som avspeglar solnedgangen der langt ute i vest. Du får assosiasjonar til Garborgs flotte dikt : Mot soleglad ; "Det stig av hav eit alveland med tind og mo, det kviler klårt mot himmelrand i kveldblå ro ......., men landet fyrst kan syna seg når sol gjeng ned".

Dette var siste dag av fjelltrimmen denne sesongen. Eg hadde nok teke ein treningstur uansett denne flotte kvelden, men kanskje var det nettopp fjelltrimmen som gjorde at eg gjekk/sprang så langt som til "Honn". I morgon startar ein ny fjelltrimsesong. Olden IL håpar at tiltaket skal stimulere til meir fysisk aktivitet og flotte naturopplevingar som den eg hadde den siste septemberdagen på Skarsteinfjellet.

Hans-Petter Galtung


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.