Flotte KM-dgar på Byrkjelo. 8 medaljar til Olden.
Postet av Olden IL den 28. Sep 2013
KM for Sogn og Fjordane sat langt inne i år, men dugnadsinnsats frå fleire lag m.a. Olden IL, gjorde at arrangementet kom vel i hamn. Ei kjempestor takk til funksjonærane våre Einar Strand, Kjell Johnny Melheim, Mette Hansen og Joar Sunde, som stod for gjennomføringa av spydkonkurransen. Det var elles fine forhold både på laurdag og søndag. Krinsmeisterskapen gjeld for dei som er 13 år og eldre.
Dei 5 deltakarane frå Olden IL sanka i alt 8 medaljar,derav 3 gull. Matias Melheim (14) vann diskos på ny pers (29.47) Han vann og kule (10.04 - 4kg) og vart nr. 3 i lengde og spyd. Helge Hafsås (vet. 45-49 år) stilte opp på 5000m og vann, trass i ein skade han pådrog seg på poengjakt i fjelltrimmen same dag. Tida 17.18.26 var 6 sek. betre enn då han vann veteran-NM i august. I høgde tok Jens August Guddal Muri (14) sølvmedalje med resultatet 1.50 (pers). Flott gjort, særleg sidan han ikkje har prøvd eg på høgde på eit halvt år. Rafael Gildestad (14) tok delt bronse på 60m. Han persa seg i forsøksheatet med 8.42. I finalen vart det 8.45. Elles flott at heile 10 gutar frå Sogn og Fjordane deltok på 60m. Her vart Matias Melheim nr. 6 i finalen med tida 8.53. Thomas Tonning (14) kom ikkje til finalen, men i forsøksheatet kom han for første gong under 9.00, med tida 8.99.
På 4x60m stafett, klasse 13-14 år, vart det oppnådd svært gode tider. Syril vann på den imponerande tida 30.72. Hornindal vart nr. 2 på 32.53 og Olden følgde på bronseplass med 33.44. På Olden sitt lag sprang Rafael Gildestad, Thomas Tonning, Jannike Melheim og Matias Melheim. Jannike, som berre er 12 år, viste ei sporty innstilling og stilte opp på gutelaget og gjorde eit godt løp. Tida er den beste Olden IL har oppnådd nokon gong. Den førre bestenoteringa på 33.76 skriv seg frå 2006.
Dessverre har deltakinga av oldarar på friidrettstemner vore svært varierande i år. Vi har vore representert på veldig mange stemner, men dessverre med altfor få deltakarar. Derfor var deltakinga på KM eit lyspunkt. Vi satsar på å kome sterkare tilbake i 2014.
Fullstendig resultatliste frå KM kan du finne på friidrettskrinsen si nettside.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024