Sparebanken Møre-leikane i friidrett på Høddvoll stadion.
Postet av Olden IL den 21. Sep 2013
Dei fleste forbind vel Høddvoll først og fremst med fotball, men denne laurdagen (21/9) var det friidretten som stod i fokus. På Hareidlandet dreier det seg altså ikkje berre om fotball, også friidretten står veldig sterkt. No for tida først og fremst representert ved Dimna IL som og stod som arrangør for stemnet. Dimna er for ordens skuld ei eiga øy med brusamband til Hareidlandet. Dimna har uitvikla seg til å bli ein av dei beste juniorklubbane i Noreg. No vert det og satsa på eit innandørs friidrettsanlegg.
Tilhøva var mildt sagt svært varierande, vind og regn med nokre glimt av sol inn i mellom.Det er første gong, eller i det minste svært lenge sidan, oldarar har delteke på eit stemne i Ulsteinvik. Den lovande 10-åringen vår, Steffen Melheim, hevda seg svært godt i kampen mot mange sunnmøringar og nokre få nordfjordingar. På 60m vart det 2. plass (14 deltakarar). Han vann sitt heat på 9.96 i motvind. Vinnaren sprang i eit anna heat med vindstille. 2. plass vart det også i liten ball (11 deltakarar) og på 600m (5 deltakarar). I lengde vart det ikkje fullklaff denne gongen. Resulatatet 3.25 heldt til ein 5. plass av 12 deltakarar.
Matias Melheim (14) nådde ikkje opp mot sitt beste i dei øvingane han deltok i denne gongen. Likevel flott innsats i øvingane 60m, kule og 600m. Han vann kule og 600m og vart nr. 2 på 60m. Deltakinga i klassane frå 14 år og oppover var dessverre liten.
For resultat sjå nettsida til Dimna IL !
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024