Uavgjort mellom Hafsås og Engle.
Postet av Olden IL den 30. Apr 2013
Etter helga står både Helge Hafsås og amerikanaren Chuck Engle med 157 vinnarløp på maraton. Begge vann sine maratonløp sist laurdag. Helge sprang på 2.47.16 , medan Engle brukte 3.01.07 på dei 42195 metarane. Olden sin eigen maratonkonge var elles sporty nok til å stille opp på Olden sitt stafettlag dagen etter sigeren på Bergen City Maraton.
Vi vil her legge til at mange trur at den nøyaktige lengda på maratonløpet har med distansen frå Maraton til Athen å gjere. Legenda seier at Pheidippides i 490 f.Kr. segna død om etter å ha sprunge frå Maraton til Athen for å melde frå om at athenarane hadde vunne slaget mot perserane. Denne løypa vart nytta under det første moderne OL i Athen i 1896 og var 40 km lang. 42195 m skriv seg imidlertid frå OL i London i 1908 då løypa gjekk mellom Windsor og White City Stadium. Dei 2195 m ekstra skuldast at starten vart flytta slik at dei kongelege skulle få med seg den første delen av maratonløpet.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024