Vellukka Strynehalleikar
Postet av Olden IL den 9. Mar 2013
(Premieutdeling på 40m gutar 13. Frå venstre : Olav Egset, Olden, Robert Andre Moldestad, Breimsbygda (halv oldar) og Ivar Saunes Moldskred, Dimna) Foto : Mette Hansen
Strynehalleikane vart avvikla etter tradisjonelt mønster laurdag 9. mars. Arrangørane hadde nok håpa på fleire deltakarar enn dei 47 frå 9 ulike lag som stilte opp. Arrangørlaga Oppstryn og Olden hadde flest deltakarar med høvesvis 12 og 10.
Det vart oppnådd mange fine resultat. VI merka oss særleg at Jenny Vik Skrede (14) frå Stryn T&IL sprang 40m på 5.9 og at Johanne Rise Kvalen (13), Dimna IL, hoppa 4.39 i lengde. Ingar Hjelle, Oppstryn, støytte 4kg.-kula 9.78 og hoppa 1.55 i høgde. Begge desse resultata er blant dei 10 beste i landet så langt i år.
Oldarane gjorde ein flott innsats. 12-åringen Stian Olsbø var best i alle øvingane. Jannike Melheim, også 12 år, vann kule og vart nr. 2 på 40m. Olav Egset (13) vart nr. 2 på 40m. I klasse 14 år vart Matias Melheim nr. 2 i lengde (1cm frå 1.plassen) og nr. 3 i kule. Rafael Gildestad vart nr. 2 på 40m. Dei andre som deltok for Olden viste og fin framgang og oppnådde gode reultat.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024