Kjell Bjarne Sunde med ny rekord i fjelltrimmen.

Postet av Olden IL den 10. Nov 2011

Foto:HP Galtung

Leiaren i fjelltrimgruppa i Olden IL, Anders Bruvoll har no telt opp. Suveren vinnar av fjelltrimmen til Olden IL i 2011 vart Kjell Bjarne Sunde med 2258 poeng.  Han knuste dermed Birger Fagerid sin forrige rekord frå 2009 på 1892 poeng. Vi kan her nemne at Kjell m.a. hadde 85 turar til Honnvasshytta ,120 til Nonshaugen, 195 til Vanbergssetra og 295 til Skarsteinsetra. Beste kvinne vart Anne Berit  Bjørdal med 1314 poeng. Ho var den som sanka nest flest poeng i fjelltrimmen 2011 uansett klasse med m.a. 272 turar til Huaren og 64 turar til den høgastliggande setra i Olden ; Avleisetra. Den tredje som kom over 1000 p. var Birger Fagerli med 1068 p.

Det mest populære turmålet var Skarsteinsetra med 3072 besøk. Nest flest besøk hadde Huaren med 2053. På tredjeplass kom Laukisetra med 568 besøk. Vi kan og nemne at 20 personar fekk bonuspoeng for å ha vore innom alle dei 19 postane. Totalt kan vi notere 10.685 registreringar på postane. I fjor hadde vi 12101. Nedgangen trur vi alle regnversdagane i år får ta hovudskulda for.  

Vi oppfordrar alle som har "innvendingar" om å ta kontakt med Anders. Det kan sjølvsagt ha snike seg inn feil i oppteljinga.

Årsmelding 2011

Adelskalender

Tidligere årsmeldinger


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.