Olden IL si historie.

Postet av Olden IL den 7. Okt 2011

Olden IL vart skipa i 1920. Det er derfor nokre år til vi kan feire 100-årsjubileum. Likevel vert det no arbeidd med å få inn historiske data og bilete frå Olden IL si historie. På sikt ynskjer vi å gje ut ei jubileumsbok. Det vart skrive eit jubileumshefte i høve 75-årsjubileet i 1995. Vi laga og eit jubileumshefte i høve Oldestafetten sitt 50-årsjubileum. I begge tilfelle vart det gjort eit godt arbeid, men vi ynskjer no å gå enno grundigare til verks. Alle som har opplysningar, og bilete kan henvende seg til Hans-Petter Galtung, tlf. 90418186/57873050 eller mail : hans.petter.galtung@sfj.no

Alt er av interesse. Vi manglar årsmeldingar frå ein del periodar. Dessutan er mange av årsmeldingane dessverre nokså ufullstendige.  Olden IL har historisk sett  hevda seg godt i mange idrettar i periodar. Vi kan nevne friidrett, skeiser. alpint, langrenn/skiskyting og fotball (yngre årsklasser).  Vi veit og at det i periodar har vore drive med andre idrettar som turn, gymnastikk, boksing og handball. Turnringane som har henge i Aldaheim symboliserar ein periode av idrettsaktiviteten i Olden. Kva med boksekampane vi har høyrt vart utkjempa i Sjøatunet ?  Kva med turmarsjar og annan trimaktivitet ?  Veit vi nok om desse aktivitetane ? Svaret er nei.  Vi ynskjer her å kartlegge alt av idrettsaktivitet i Olden, også idrettsaktivitetar som har vore drive utanfor idrettslaget. Det kan t.d. gjelde idrettsleikane på 17.mai, ulike former for "karstykkje" som har vore utført. "Mannjevningar" som har vore  utkjempa. Alle som har opplysningar/bilete vert herved oppfordra til å ta kontakt med underteikna. Vi føler at vi har kontroll på det meste etter 1970. Minst veit vi om perioden før 2. verdskrigen. Alt er av interesse ; bilete, gode historier, gamle resultatlister m.m.

Hans-Petter Galtung

 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.