Løpskarusellen

Postet av Olden IL den 30. Sep 2011

Vi avsluttar friidrettssesongen med eit ekstra løp i løpskarusellen tysdag 4. oktober kl. 18.00. Møt opp ved Olden skule.  Påmelding ved start. Vi sjekkar haustforma og ser om nokon kan forbetre tidene sine frå i vår eller frå i fjor. Løpet er opent for alle. Du treng ikkje ha delteke på tidlegare løp eller ha vore med på friiidrettstreningar for å stille opp.

Vi tek etter dette ein pause på ca. ein månad.Førebuingane til neste sesong vil starte opp igjen i november for dei som er 12 år og eldre neste sesong (fødde i 2000 eller før). Desse treningane vil bli relativt spesifikke. Dvs, retta mot å bli betre i friidrett. Dei yngste får tilbod om trening etter jul. Her vil det bli meir leikprega trening. For dei som startar i nov. vert det ein kombinasjon av løpstrening ute og trening i gymsalen.  Kor mange offisielle treningar vi skal legge opp til vil vere avhengig av eit utøvar/foreldremøte vi skal ha før oppstarten til ein ny sesong. Skal vi få framgang resultatmessig må det trenast. Vi er elles heilt avhengige av at foreldre/føresette viser interesse. Treninga vi gjennomfører vil ha positiv effekt også for den som driv med andre idrettar. Vi kjem tilbake med aktuelle tidspunkt.

Det er nok av friidrettstalent i Olden. Spørsmålet er om dei er villige til å utvikle talentet gjennom trening. Dersom svaret er ja, vil friidrettsgruppa syte for den hjelp som trengst.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.