Suksess for Skarsteinsetra opp

Postet av Olden IL den 10. Sep 2011

Foto:HP Galtung122 tok seg opp til Skarsteinsetra i det flotte haustveret. 96 i trimklassen, 15 i konkurrranseklassen på sykkel og 11 i konkurranseklassen for løparar. Litt skuffande at ikkje fleire ville springe på tid, men arrangøren er godt fornøgd med deltakinga i sykkelklassen og ikkje minst i trimklassen.

Dag Arne Eide, Eidsfossen sykkel kom først opp på setra. Han brukte 22.02 på den 4,8 km lange løypa. Med 22.27 greidde også Roger Rake,Bærum og omegn sykkelklubb, å kome i mål føre den beste løparen. Dette var ikkje uventa Helge Hafsås som kom i mål på tida 23.29. I dameklassane var Anne Britt Eide, Olden den raskaste på sykkel. Solbjørg Vedde, Nesbyen vann løpsklassen. Olden IL håpar at langt fleire damer vil prøve seg på tid neste år.

Det var mykje folk og god stemning på Skarsteinsetra denne flotte septemberlaurdagen. Når ein er stinne av melkesyre i lår og legger den siste harde kneika før målgang, hjelper det godt på med heierop og applaus. Dei mange trimmarane kunne elles kose seg med Oldenvatn og grillmat medan dei venta på at racerane skulle kome i mål. Olden IL har fått mange gode tilbakemeldingar på arrangementet. "Motbakkegeneralen" Christian Prestegård, som vann løpsklassen 50-59 år, var godt nøgd og håpar at Olden vil satse vidare på "Skarsteinsetra opp". Olden IL takkar alle funksjonærane som stod bak eit vellukka arrangement. Ei særleg takk til Olden Raude kross hjelpekorps og til sponsorane Sparebanken Sogn og Fjordane og Olden Brevatn. Stor takk også til alle firma som støtta oss med flotte gåvepremiar som vart trekte ut blant alle deltakarane.

Resultatliste

Bilete.

Fleire bilete


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.