Vellukka Strynehalleikar
Postet av Olden IL den 2. Apr 2011
68 utøvarar frå 11 ulike lag frå Nordfjord og Sunnmøre deltok på dei 25. Strynehalleikane laurdag 2. april. Dette var litt betre enn i fjor. Oppstryn og Olden har ein erfaren arrangørstab som stod for eit godt gjennomført stemne. Det vart oppnådd fleire resultat som ligg på godt nasjonalt nivå. Aller beste prestasjonen stod 13-åringen Ingeborg Raftevold frå Vikane for. Ho greidde heile 1.52 i høgde. Dette er det klart beste resultatet i denne klassa i Norge i år.
13 frå Olden deltok i årets stemne. Det var kun Oppstryn som stilte med fleire deltakarar (17). Jannicke Melheim (10) fekk ein delt 1. plass i kule. Sondre Ljosdal Galtung (13) vann høgde og kule. I junior,18-19 år, vart Sondre Guddal Muri best på 40m, kule og lengde. Han hadde og det lengste lengdespranget uansett klasse med 5.34. Dei andre frå Olden gjorde ein flott innsats med mange personlege rekordar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024
Innkalling til årsmøte
23.01.2024
Registreringsskjema fjelltrimmen 2023-2024
07.09.2023
Adelskalenderen 2022
25.05.2023
Resultat fjelltrimmen 2022
25.05.2023