Hafsås må stå over 12 t.-løpet på Bislet

Postet av Olden IL den 4. Des 2007

Laurdag 8. desember skulle Helge Hafsås stilt på 12 t. løpet på Bislet. P.ga. skade må han dessverre stå over denne urfordringa. Målet var å setje nordisk rekord og kanskje til og med snuse på verdsrekorden som er på 162,4 km. Under 24 t. løpet i fjor hadde han heile 149 km etter 12 timar, så med Helge i vanleg god form burde den gjevaste rekorden absolutt vore innan rekkevidde.

 

Etter 100 km-løpet i Bergen 20. oktober har Helge hatt problem både med ryggen og lårmuskulaturen. Vi håpar at han er tilbake for fullt til neste sesong.

Uansett har Helge Hafsås levert ein ny fantastisk sesong. Høgdepunkta var nok den nordiske rekorden på 6t. løp på Eidsvoll i august der han sprang 85490m og Ålesund maraton som markerte maratonsiger nr. 100. Helge har til no vunne 107 maratonløp. I 2007 har han sprunge 15 maratonløp og vunne 13 av desse og blitt nr. 2 i dei to andre. Han vann også 100 km-løpet under Bergen Ultra. Tida hans her er norsk årsbeste.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.