Sparebankleikane på Byrkjelo

Postet av Olden IL den 3. Jul 2007

To frå Olden var tekne ut til å representere Sogn og Fjordane i den innlagde krinskampen mot Hordaland. Det var Anders Muri og Sondre Guddal Muri. I fjor enda det heile uavgjort, men i år vart Hordaland for sterke og vann med 173 mot 141 poeng.

Denne helga vart det mange 3. plassar på oldarane. Sondre Guddal Muri kasta opp mot sitt beste i spyd og vart nr. 3 med resulatet 38.14. Han debuterte på 800m med den gode tida tida 2.19.68. Dette heldt også til ein fin 3. plass.

Anders Muri var ikkje heilt heldig med starten på 60m og måtte denne gongen ta til takke med ein 3.plass på tida 8.04. Tredje plass vart det også på Anders i lengde med 5.22. Han er nok ikkje heilt fornøgd med desse resulatata, men kjenner vi han rett kjem han nok sterkare igjen til hausten.

Den tredje 14-åringen får Olden som deltok på Byrkjelo var Knut Alsaker. Han viste igjen fin framgang og persa seg i 3 øvingar : spyd, 60m og lengde. Sitt beste resultat, i følgje Tyrving-tabella, oppnådde han i lengde med 4.49.

I klasse 13 år deltok Janne Alsaker på 60m. Ho presterte opp mot sitt beste utan at det vart pers. denne gongen.

 

No kan friidrettsutøvarane våre ta seg ein velfortent sommarferie (konkurranseferie, ikkje treningsferie) etter ein fantastisk flott sesong så langt både når det gjeld innandørsstevne, stafettar og banestemne.

Vi har vist at vi kan hevde oss på nasjonalt nivå til tross for dårlege treningstilhøve.

Kva vi kunne fått til med eit friidrettsanlegg i bygda, kan vi berre tenkje oss.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.