Stor dag for Helge Hafsås og Olden IL i Ålesund

Postet av Olden IL den 12. Mai 2007

Som venta hadde Helge ingen problem med å sikre seg sin maratonsiger nr. 100 i Ålesund laurdag 12 mai. Med tida 2.32.30 sette han også klar årsbeste og tok sin 10 siger på rad i Ålesund maraton og sin 6 maratonsiger for året.

Helge opna som vanleg hardt og passerte halvmaraton på sterke 1.12.55. Dette var kun 16 sek. bak vinnaren av halvmaratondistansen, Leif Sægrov frå Molde Olymp.

Desse to heldt stort sett følgje heile første runden av løpet, men siste halvmaratonen sprang Helge som han har for vane, i einsam majestet. Sjølv om det gjekk noko tyngre på slutten, særleg i motvinden dei siste 10 km, fullførde Helge i fin stil og oppnådde ei tid som var eit jubileumsløp verdig.

Nr. 2 i løpet vart Bjørn Gjerde, BUL på tida 3.04.17

Siste 50 meterane sprang Helge med laurbærkrans og norsk flagg. Vel i mål kunne han setje seg godt til rette i hovudpremien, ein flott kontorstol, og bli servert jubileumskake av arrangøren. Bløtkaka sparte nok Helge til seinare - kanskje ikkje akkurat den kosten som smakar best rett etter eit hardt maratonløp.

Nokre oldarar hadde funne vegen til Ålesund og kunne heie Helge (som sjølvsagt hadde fått tildelt startnr. 100) fram til siger nr. 100.

Olden IL gratulerer Helge med det historiske løpet og den fantastiske prestasjonen dette er.

 

Einar Strand var den andre oldaren som deltok i løpet. P.g.a. husbyggjing, har han trent mindre i år, men oppnådde likevel ein 2. plass på halvmaraton i klasse 50-54 år med tida 1.34.10

 

På heilmaraton deltok også to andre maratonkongar. Inge Asbjørn Haugen, Hornindal gjennomførde sitt maratonløp nr. 306 og forbetra dermed sin eigen norske rekord i antal løp. Bjørn Gjerde som er den nordmannen som har sprunge nest flest maratonløp sprang denne gongen sitt 282 løp. Gjerde er og den norske løparen som har sprunge flest maratonløp på under 3 timar.

 

Neste maratonløp for Helge vert Det norske fjellmaraton som går over Valdresflya 2. juni.

Men dette vert vel for lenge å vente for den konkurranseglade sambygdingen vår, så han sper nok på med andre, kortare løp før den tid.

 

Elles var både aviser og NRK godt representert på løpet. Følg med ! Det kjem nok innslag i det minste på Vestlandsrevyen.

 

Reportasje fra Kondis.no

 

Mer stoff om Helge finner du her

NRK skriver


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.