Oldestafetten 2007

Postet av Olden IL den 29. Apr 2007

Oldestafetten vart avvikla i eit fantastisk vårver søndag 29 april. Medrekna dei 6 laga i ministafetten var i alt 36 lag i aksjon i løypene.

Jølster imponerte også i år ved å vinne 3 klassar, gutar, jenter og senior herrer. Jølstra-gutane vann faktisk for 9. året på rad og sletta sin eigen løyperekord frå 2005 med 4/10 sek.

Men Olden var og med å setje sitt preg på stafetten. Særleg vart vi imponerte av gutane våre. 1 laget (Anders Muri, Asgeir Flåten, Johnny Myklebust, Anders Egset og Sondre Muri) vart nr. 2 på den svært gode tida 5.59.0. I den noverande løypa (brukt frå 2000) er det kun Jølster som har notert betre tid. Fjellhug/Vereide oppnådde elles også 5.59.0 i 2005.

 

Resultater    Bilder

Kanskje er det nettopp Olden som kan hindre Jølster sitt gutelag i å ta sin 10 siger på rad i 2008 ?

Olden 2 (Ole Myklebust, Harald Andre Galtung, Knut Alsaker, Kristian L. Gjerde og Are Tenden) sprang og veldig bra og vart nr. 5 av dei 11 startande laga.Tida 6.32 er den desidert beste Olden 2 nokon gong har oppnådd. Dette lovar svært godt framfor Breimstafetten komande søndag, ein stafett som går over 8 etappar.

Veteranane våre ( Joar Sunde, Roar Alsaker, Helge Hafsås, Einar Strand og Asbjørn Gjerde) tok sin 3 siger på rad og sikra seg dermed sin 2. vandrepokal til odel og eige.

Dette var Olden sin 6 siger i veteranklassa. Totalt sett er Olden no oppe i 12 topp-plasseringar i vår eigen stafett, 6 i veteran, 3 i senior og 3 i guteklassa.

Asbjørn Gjerde sprang i år sin 37. Oldestafett på rad. Han har vore med å vinne Oldestafetten heile 10 gongar. Ein imponerande prestasjon.

Jentelaget vårt ( Terese Tenden, Kristine Eide, Lillian Eide, Andrea Guddal Muri og Janne Alsaker) vart i år nr. 6 av 8 lag. Tida 7.41 var klart betre enn dei to siste åra, så også her er det framgang å spore.

Nytt av året var ei såkalla open klasse. Her stilte 4 lag til start i ein meir uhøgtidleg konkurranse. Løypa var den same som dame/veteranklassa nyttar. Bruvollsfamilien imponerte med å stille heile 3 lag. Neste år håpar vi at også lag frå andre bygder vil melde seg på i denne klassa som var eit fint innslag i ein elles tradisjonell stafett.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.