Fotball-mimring

Postet av Olden IL den 25. Feb 2007

I høve Arne Brynestad sin bortgang er det tid for litt mimring

 

Dette er laget som vann både Fjording-cupen og Alexandra-cupen i 1979. Olden har aldri vore noko stort fotball-lag, i allefall ikkje  i seniorsamanheng. men i perioden 1976-1985 oppnådde Olden verkeleg gode resultat i aldersbestemt fotball. Mykje av æra for dette hadde leiar i fotballgruppa og trenar Arne (Wilsen, Bakaren) Brynestad. Under hans kommando vann Olden også Fj-cupen i 1985.  Seinare vann Olden også Fj-cupen i 1995, då som hallturenering.

(Foto : Harald Vartdal, Fjordingen)

Vi vil i den samanheng sitere noko av det Inge Sandvik skreiv i jubileumsheftet til Olden IL sitt 75-års-jubileum i 1995 :

" Noko av det mest imponerande var oppslutninga og stemninga. det var meir folk på kampane i Fj-cupen enn på heimekampane til seniorlaga (Olden sine heimekampar vart spelte i Innvik og Stryn). Alle hysteriske mødre, fedre,søsken, besteforeldre, tanter og onklar møtte opp og heia og skreik på sine håpefulle. Og på finalen i 1979 heldt det på å gå over styr, då over 200 galne oldarar gjekk av hengslene på Stryn stadion. Ikkje så rart, for Olden var eit superlag.

Utan herr Arne "Wilsen" Brynestad hadde ikkje Olden sine prestasjonar vore moglege.

Han forma Olden slik Don Revie gjorde det med Leeds United sitt storlag på byrjinga av 70-talet. "Wilsen" var ein proff, ein "fotball-manager". Han trena Olden sitt Fjording-cuplag i 10 år, ytte stor respekt, møtte på kvar ei trening og ikkje minst hadde han stort tolmod med alle "smådjevlane". Så fotballen i Olden er Arne stor takk skuldig. Han ofra mesteparten av si fritid på Fj.cuplaget".


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.