LAGSMEISTERSKAP I FRIIDRETT MED RESULTAT I LANDSTOPPEN
Postet av Olden IL den 24. Sep 2016
Olden IL hadde håpa på fleire deltakarar enn 11 då lagsmeisterskapen i friidrett vart avvikla sist fredag.Men dei som stilte opp viste stor innsats og oppnådde fleire gode resultat på 60m, i lengde, høgde og kule. I kule (3kg) var 13-åringen Steffen Melheim berre 6cm bak det lengste støtet i klassen i Norge i år. Det flotte resultatet 12.86 var ei personleg rekordforbetring med 54 cm. I diskos toppar han framleis norgesstatistikken. Mathias Melheim (17) gjekk opp ei klasse og prøvde seg med 6kg-kule. 13.26 her lovar bra framfor neste sesong. I J13 viste Lene Egset fine takter med 9,2 på 60m og 4,01 i lengde. Stemnet viser elles at Olden IL har fleire talent både i løp, hopp og kast. Trenar Sondre Guddal Muri og Mette Hansen organiserte stemnet med god hjelp av ivrige foreldre.
Åtte-åringane Margrethe Krogh Opheim og Brage Holen klare for kulestøt.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Olden IL
Registreringsskjema fjelltrimmen 2024-2025
03.09.2024
Invitasjon Oldestafetten 21.04.24
11.04.2024
Årsmelding 2023
08.04.2024
Årmelding 2022
21.03.2024
Sakliste årsmøte
07.03.2024
Resultat fjelltrimmen 2023
23.01.2024