Helge Hafsås sine prestasjonar

Postet av Olden IL den 16. Des 2010

Statistikken for Helge Hafsås er no oppdatert. Du finn oversikta under arkiv - Helge Hafsås - dokumentarkiv. Her er full oversikt over alle dei 137 maratonløpa Helge har vunne så langt. Du vil og finne ei oversikt over rekordar/løyperekordar, sigrar fordelt på arrangement og liste over dei 15 ultraløpa han har vunne. Statistikken vart oppdatert pr. 23/11 men gjeld og pr. dags dato 16/12-10.


Per Muri gjenvald som leiar i Olden IL

Postet av Olden IL den 9. Des 2010

På årsmøtet i Olden IL på Olden helsetun 8. des. vart Per Muri gjenvald som leiar. Med seg i styret har han Hans-Petter Galtung, John Gunnar Mørch, Liv Elisabet Rygg og Terese Sunde (ny). Dei viktigaste sakene som vart handsama var byggjing av delanlegg for friidrett ved Olden skule og fotballsamarbeid med Loen. Idrettslaget har for for tida ein veldig solid økonomi. Dette kjem vel med i høve utbyggjing av anlegg. Referat frå årsmøtet vil bli lagt ut ved eit seinare høve.


Friidrettstreningar før jul

Postet av Olden IL den 2. Des 2010

Det vert friidrettstrening i Olden skule måndag 6/12 og måndag 13/12. Treningane er lagde opp som basistrening både for friidrett og fotball. For dei yngste vil det bli lagt vekt på koordinasjon,teknikk, hurtighet, leik og moro. På gruppe 2 vil treningane fokusere meir på spenst, styrke, hurtighet og uthald. Vi skal likevel få plass til ballspel som basket og fotball. Treningane vil halde fram etter jul.

18.00-19-00   Gruppe 1 :     2. - 6. klasse

18.30-19.55   Gruppe 2  :    7. klasse og oppover

Gruppe 2 startar med løpetrening ute kl. 18.30. Hugs refleksvest og gjerne hovudlykt.  Trening i gymsalen frå kl. 19.00.

Friidrettsgruppa.

Kontaktperson Hans-Petter Galtung    tlf. 90418186



Vellukka avslutningsfest.

Postet av Olden IL den 1. Des 2010

Ca. 50 unge hadde møtt opp på avslutningsfesten for fotball og friidrett på kroa. I tillegg kom ein del vaksne. Alle som hadde delteke på fotball og/eller friidrettsaktivitetane i løpet av sesongen fekk flotte premiar. Bjarte Haugen hadde sett saman eit flott bildeshow med tilbakeblikk på 2010-sesongen. Hans-Petter Galtung stod for sportsquiz. Vinnarar her vart "Bedrevitarane" Knut og Kari Alsaker, Rasmus E. Skarstein, Sondre Guddal Muri og Harald Andre Ljosdal Galtung. Kun 1 poeng  bak følgde "Team Casino" med Jonas H. Drageset, Tony Haugen, Olav Egset og Odd Sindre Tonning. Dei vaksne måtte ta til takke med 3. plassen. 9 lag deltok. Quizen viste at mange av dei unge er svært godt orientert i sportsverda. I pausen vart det servert pizza og brus. Leiar i Olden IL og vert Per Muri, stod for utdeling av gåvekort til trenarane i fotball og friidrett.  No er det berre å legge seg i trening framfor 2011-sesongen.

Bjarte har lagt ut mange fine bilete frå avslutningsfesten under bilder på fotballsida. Sjå link til fotballen i Olden i menyen.



Avslutningsfest på kroa onsdag 1. desember

Postet av Olden IL den 30. Nov 2010

Onsdag 1 des. kl. 19.00 har Olden IL invitert alle som har delteke på fotball og friidrett i sesongen 2010 til avslutningsfest på kroa. Det vert premieutdeling, tilbakeblikk på sesongen i form av bilete, sportsquiz og matservering. Alle som har vore med på fotball (miniturneringar og serie) og friidrett (løpskarusell og lagsmeisterskap) er inviterte. Fotballdraktene skal leverast inn denne kvelden. Dersom du ikkje kan møte, må du prøve å sende drakta med nokon andre.    Vel møtt !


Juleavslutning for idrettsskulen

Postet av Olden IL den 30. Nov 2010

Torsdag 2. desember avsluttar idrettsskulen aktivitetane før jul med bowling i Stryn. Gruppe 1 ( 1-3 klasse) kl.  17.30-18.30, gruppe 2 (4-7 klasse) kl. 18.30-19.30


Helge Hafsås vann Jessheim vintermaraton

Postet av Olden IL den 22. Nov 2010

Søndag 21. nov. tok Helge sin tredje siger i Jessheim vintermaraton. Dette var hans 11. siger på maratondistansen i 2010 og den 137. totalt. Med tida 2.43.02 var han 1.34 min føre toaren Knut Eraker Hole. Det var vinterlege tilhøve under løpet, 2-3 minusgrader og til dels slaps og snø i traseen.


Vellukka idrettslagsbasar søndag 21.nov

Postet av Olden IL den 22. Nov 2010

I år vart den årvisse idrettslagsbasaren lagt til ein søndag. Frammøtet vart etter kvart godt og idrettslaget kunne notere seg for ei bruttoinntekt på 32.450. Vi takkar basarkomiteen v/leiar Leiv Arne Egset for ein godt gjennomførd basar. Vi vil og takke alle som ga åregevinstar og loddgevinstar og bygdefolket for god støtte.

Rasmus E. Skarstein vart i pausen tildelt Olden IL sin stimulanspokal for 2010. Han fekk pokalen først og fremst for sine gode resultat i alpint. Sist vinter vart han m.a. krinsmeister i storslalom i klasse 13 år. Han vart nr. 2 samanlagt i Fjord1-cupen i storslalom. Under landsfinalen for 12/13-åringar på Oppdal kom han på premieplass i alle øvingar. Aller best gjekk det i storslalom der han fekk ein 22. plass av 110 deltakarar. Rasmus har og vore svært aktiv i friidrett og fotball. Han har i fleire år vore fast på Olden IL sitt gode stafettlag og var m.a. med på å vinne Breimstafetten i 2007. Han har hatt eit svært godt treningsframmøte og vist gode haldningar til idretten. Olden IL ynskjer han lukke til med den komande sesongen.

Olden IL ville og setje pris på sin mest profilerte utøvar, Helge Hafsås. Sjølvsagt sprang han også denne dagen maratonløp, og sjølvsagt kunne han innkassere ei ny topp-plassering. Denne gongen galdt det Jessheim vintermaraton. Blomsterbuketten måtte derfor overleverast i etterkant. Idrettslaget ville med den markere at han den 10. april tok ein ny offisiell NM-tiittel på 100km, den tredje i ultraløp på like mange forsøk. Han har elles så langt i 2010 vunne 11 maratonløp og står no bokført med heile 137 sigrar på maratondistansen.



Idrettsbasaren

Postet av Olden IL den 20. Nov 2010

Vi minner om idrettslagsbasaren i Aldaheim i morgon søndag 21. november kl. 14.00. Åresal, loddsal, matservering og prisutdelingar.


Idrettsbasaren

Postet av Olden IL den 20. Nov 2010

Vi minner om at idrettslagsbaseren vert avvikla i Aldaheim 21. nov. kl 14.00. Det vert åresal, loddsal, matservering og utdeling av stimualnspokal m.m.


Hafsås vann Bergen maraton

Postet av Olden IL den 24. Okt 2010

I helga kunne Helge Hafsås notere seg for sin maratonsiger nr. 136. Med tida 2.42.33 gjekk han til topps i Begen maraton. Han var vel 3. min føre nestemann i løpet. Vinteren har også innteke Bergen og det var derfor glatt i delar av løypa.


Idrettslagsbasaren

Postet av Olden IL den 22. Okt 2010

Den årlege basaren til Olden IL vert avvikla i Aldaheim søndag 21. november. Loddsal, åresal, matservering og utdeling av stimulanspokal. Ta godt imot loddseljarane som er på farten no i desse dagar.

 



Sesongens siste friidrettstrening

Postet av Olden IL den 4. Okt 2010

Siste friidrettstreninga denne sesongen vert tysdag 5. oktober kl. 17.30 på Alda stadion. Vi tek no ein pause før vi startar opp med treningar i gymsalen.


Løpskausellen

Postet av Olden IL den 1. Okt 2010

Foto:H.P Galtung

Det tredje og siste løpet i løpskarusellen til Olden IL vart avvikla i joggestien ved Olden skule fredag 1. oktober. Litt skuffande var det at kun 13 løparar stilte til start. Men dei som var med gjorde ein flott innsats. Mange av dei sette fine personlege rekordar i joggeløypa.

Resultater



3. løpet i løpskarusellen

Postet av Olden IL den 30. Sep 2010

Tredje og siste løpet i løpskarusellen vert avvikla ved Olden skule fredag 1. oktober kl. 18.00. Klassar frå 7 år (fødd 2003) og oppover. Det er ikkje nødvendig å ha vore med på dei tidlegare løpa for å stille opp. Alle som deltek vil uansett få premie på avslutningsfesten.

Friidrettsgruppa



Hafsås vann Flora-mila

Postet av Olden IL den 30. Sep 2010

http://www.firdaposten.no
I år som i fjor var Helge Hafsås raskast på Flora-mila. Med tida 36.41 var han knapt minuttet føre Jan Arve Solheim. Einar Strand vart nr. 10 med 43.29.

Resultater



Krinsleikar i Førde

Postet av Olden IL den 19. Sep 2010

4 utøvarar frå Olden deltok i krinsleikane i friidrett i Førde på laurdag. Alle var i alderen 10-12 år. På KM som gjekk i Førde på laurdag og på Byrkjelo på søndag, hadde vi ingen deltakarar. Beste resultat i Førde oppnådde ti-åringen Olav Egset med 3.plass i liten ball (13 deltakarar) og 4.plass på 60m (15 deltakarar). Jens August Guddal Muri (11) fekk si beste plassering i lengde med ein 4. plass. Rafael Gildestad (11) vart nr. 5 på 60 m. Sondre L. Galtung (12)vart nr. 5 i liten ball.

Generelt viser resultata at her må det meir spesifikk friidrettstrening til . Olden IL lir elles veldig under mangelen på anlegg. Utøvarane får kun skikkelege tilhøve under konkurransar. Det er veldig tungt å drive friidrett i ein slik situasjon.



Oppdatert statistikk Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 16. Sep 2010

Under arkiv, Helge Hafsås kan du finne oppdaterte statistikkar pr. 13/9 2010. Her finn du ei fullstendig liste over alle dei 135 maratonløpa Helge har vunne frå Hornindal 23.07.94 t.o.m. Trondheim 12.09.10. Her er og liste over rekordar, maratonsigrar fordelt på arrangement og oversikt over 1. plassar i ultraløp.


Hafsås tok sin 9,. siger i Trondheim maraton

Postet av Olden IL den 13. Sep 2010

Søndag gjekk Helge Hafsås til topps på Trondheim maraton for 9. gong. Tida vart så bra som 2.39.53. Nr. 2 i løpet kom inn på 2.48.08. Med andre ord, ein ny solid maratonsiger til Helge.


Konkurransekåte Hafsås

Postet av Olden IL den 13. Sep 2010

Vi må og ta med at Helge Hafsås dagen før Trondheim maraton vann Nordstrandløpet som var årets siste løp i Nordfjordkarusellen. Maratonoppladninga elles var som vanleg nattbuss til trøndarane sin hovudstad. Konkurranse dagen før og nattbuss til løpet, er vel ikkje beste oppladninga til ein maraton. Likevel tok Helge sin 9. maratonsiger for året. Han kom under 2.40 for 2. gong denne sesongen.

På Nordstrandløpet deltok Einar Strand i klasse 50-54 år. Han vann denne klassa samanlagt i Nordfjordkarusellen.



KM OG KRINSLEIKAR I FRIIDRETT

Postet av Olden IL den 11. Sep 2010

Det har vore dårleg med stemnetilbod i krinsen denne sesongen m.a. p.g.a. reparasjonar på Byrkjelo stadion, men no er sjansen her.

Laurdag 18 september på Førde stadion :

Krinsleikar 10-12 år : 60m, lengde, liten ball og 600m.

Krinsmeisterskap : For alle 13 år og over. Alle løpsøvingane med stafettar.

Søndag 19 september på Byrkjelo :

KM : Hopp- og kastøvingar for dei som er 13 år og eldre.

Påmelding til Hans-Petter, tlf. 41530792, seinast onsdag 15. sept. kl. 20.00.

Laurdag : Avreise frå Ica kl. 10.45

Søndag : Etter nærare avtale.

Innbyding



Olden IL-jakke

Postet av Olden IL den 11. Sep 2010

Kven har gløymt igjen ei Olden IL-jakke på miniturneringa/LM i friidrett i Hornindal ? Eg har den. Kontakt Hans-Petter på tlf. 41530792


To oldarar først over Brekka.

Postet av Olden IL den 9. Sep 2010

Helge Hafsås tok ein ny siger i landevegsløpet Over Brekka søndag 5/9. Tida vart 29.17. Einar Strand vann klasse 50-59 år og vart med tida 32.28 totalt nr. 2 i løpet som var det nest siste i Nordfjordkarusellen.


To oldarar først over Brekka.

Postet av Olden IL den 8. Sep 2010

Søndag 5/9 tok Helge Hafsås ein ny siger i landevegsløpet Over Brekka. Tida vart 29.17. Einar Strand vann klasse 50-59 år på tida 32.28. Han vart totalt nr. 2 i løpet som er ein del av Nordfjordkarusellen.


Lagsmeisterskap i friidrett i Hornindal søndag 29.aug

Postet av Olden IL den 26. Aug 2010

Det har vore dårleg med stemnetilbod i friidrett denne hausten. Men Hornindal IL inviterer no til eit utvida lagsmeisterskap på Hornindal stadion søndag 29. august. Hornindal, Oppstryn, Vikane og Olden vil samarbeide om arrangementet.

Påmelding ved frammøte i Hornindal kl. 14.30. Stemnestart kl. 15.00. Tidspunktet er sett så seint fordi Hornindal denne dagen også arrangerer miniturnering i fotball. Dei som er med her kan no få prøve seg på nokre friidrettsøvingar etter fotballen.

Aldersgruppe frå 8 år og oppover. Ingen startkontingent. Olden vil premiere sine utøvarar på avslutningsfesten i Aldaheim. Øvingar : 60m/100m, lengde, høgde, liten ball, spyd, kule, 600m/800m.

Dei som treng transport må ta kontakt med Hans-Petter på førehand. Tlf. 41530792. Avreise frå Ica kl. 13.30



Maratonsiger nr. 134 til Hafsås

Postet av Olden IL den 26. Aug 2010

Sist helg vart det ein ny maratonsiger til Helge Hafsås då han var først i mål under Nordvest maraton på Sunnmøre. Dette var hans 9. siger i dette løpet og den 6. på rad. Helge kom i mål på tida 2.45.19 og var suverent best denne gongen. Einar Strand vann halvmaraton i klasse 50-54 år på tida 1.31.24.


Sparebankleikane er avlyst.

Postet av Olden IL den 3. Aug 2010

Sparebankleikane som skulle vore arrangert på Byrkjelo 6-8 aug. er avlyst p.g.a. at stadion på Byrkjelo ikkje er ferdig rehabilitert.


Nok ein 2. plass til Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 26. Jul 2010

Helge Hafsås greidde ikkje å ta sin 15 siger på Hornindalsvatnet maraton sist laurdag. Ein strekk i låret etter berre ein km er nok hovudforklaringa. Men som den hardhaus Helge er, greidde han likevel å fullføre maraton på tida 3.03.59. Vinnaren Jan Birger Hansen kom i mål på 2.51.39. På halvmaraton vart Einar Strand nr. 2 i klasse 50-54 år med 1.33.44


Nok ein maratonsiger til Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 6. Jul 2010

Laurdag 3. juli sikra Helge Hafsås seg sin 11. siger på Jølster maraton. Han sprang inn til ein suveren 1. plass på tida 2.47.07. Det var altfor varmt til å oppnå dei store tidene. Målaren viste 25 grader i skuggen. Einar Strand gjennomførde halvmaraton. Tida 1.35.09 heldt til ein 3. plass i klasse 50-54 år.

Det at Helge vinn maratonløp er ingen sensasjon. Det er ein langt større sensasjon at han blir nr. 2. Det skjedde  på Nordmarka skogsmaraton den 12. juni. Alle som har sprunge i Nordmarka veit at dette er eit terreng som ikkje passar Helge spesielt godt. Likevel hadde han leiinga storparten av løpet. Men på slutten vart Harald Solhaug Næss frå idrettslaget Driv for sterk. Han kom først i mål på tida 2.48.20. Helge fekk 2.51.39 i sin debut i den kuperte traseen.



Fin friidrettsdag i Førde

Postet av Olden IL den 15. Jun 2010

Åtte frå Olden i alderen 9-12 år var blant dei ca. 150 deltakarane på YIT-leikane i Førde laurdag 12. juni. Ekstra gledeleg var det at vi denne gongen hadde jenter som stilte opp. Det vart ingen 1. plassar til Olden denne gongen, men flott innsats og mange personlege rekordar. I klasse 9 år vart Jannicke Melheim nr. 3 på 60m. Kristine Tonning (12) vart nr. 4 på 60m og fekk nest beste tid på 600m trass i at ho måtte springe heilt åleine i eit ekstra løp. Olav Egset (10) vart nr. 7 av 13 deltakarar på 60m.  Rafael Gildestad (11) gjorde det best på 60m der han vart nr. 8 av 18 deltakarar. I lengde i same klasse vart Jens Guddal Muri nr. 8 av 17 deltakarar. Mathias Melheim (11) gjorde det best på 60m der han vart nr. 12 av 18. I 12-årsklassa vart Odd Sindre Tonning nr. 3 på 60m. Sondre L. Galtung vart nr. 3 i lengde. Han vart og nr. 3 i spyd i klasse 13 år.

No vert det pause i konkurransane. Neste banestemne vi skal stille på her i krinsen er Sparebankleikane på Byrkjelo 6-8 august. DM for Nordfjord er sett opp 22. august og KM 18-19sept. Vi skal og ha eit løp til i løpskarusellen og arrangere lagsmeisterskap på bane.



Flott Olden-innsats på Sandane

Postet av Olden IL den 7. Jun 2010

Foto:Hans-Petter Galtung

Omlag 90 utøvarar deltok i regionsleikane på Sandane på søndag. Det var strålande forhold, men litt skuffande at berre 4 frå Olden prioriterte å vere med på dette flotte rekrutteringsstemnet. Men dei som var med frå Olden gjorde ein flott innsats. Dei konkurrerte i øvingane 60m, lengde og liten ball. Sondre L. Galtung vann alle øvingane i 12-årsklassa. I klasse 10 år vann Olav Egset 60m, fekk delt 1. plass i lengde og vart nr. 2 i liten ball. Blant 11-åringane oppnådde Rafael Gildestad den beste plasseringa på 60m med ein 4, plass. I same øving vart Matias Melheim nr.5 av 9 deltakarar. På 4x60m stafett vann Olden sitt heat klart og vart totalt nr. 2 av i alt 21 lag, kun 1/10 sek. bak Brodd. Dei 4 gutane forsvarte dermed Olden sine sterke stafett-tradisjonar. For fullstendig resultatliste sjå heimesida til Fjellhug/Vereide !

Komande laurdag er det klart for YIT-leikane i Førde. Dette stemnet er for alle i alderen 8-22 år. Sjå innbyding under info. frå friiidrettsgruppa annan stad på nettsida ! Vi håpar at fleire frå Olden då vil nytte sjansen til å prøve seg i eit stemne før sommarferien. 

Bilder



Løpskarusellen

Postet av Olden IL den 6. Jun 2010

Andre løpet i løpskarusellen vart avvikla i joggeløype ved Olden skule på laurdag. Det var svært skuffande at kun 7 deltakarar stilte opp i det flotte veret. Så dårleg deltaking har vi ikkje hatt på ti år.  Kanskje tidspunktet var feil eller kanskje veret var for fint. Uansett gjorde dei som var med ein flott innsats. Fleire forbetra seg kraftig tidsmessig.

Resultat



Hafsås raskast over Valdresflya

Postet av Olden IL den 5. Jun 2010

Helge Hafsås tok laurdag 5.juni sin 6. siger i Det norske fjellmaraton. Han var knapt 4 min. føre nr. 2 i løpet. Tida 2.49.11 var vel eit min. raskare enn hans eiga vinnartid frå i fjor. På halvmaraton vart Einar Strand nr. 10 i klasse 50-54 år på tida 1.31.01.


Olden-Loen 6-3

Postet av Olden IL den 3. Jun 2010

Olden G12 (11-12 år) gjorde ein god kamp og slo Loen 6-3 på Alda stadion i kveld. Sjølv minnest eg ein gutekamp (eller var det småguatar) rundt 1970 då vi slo Loen 10-3 på bortebane. Det levde vi på lenge. Denne sigeren over Loen var nok og svært viktig for dei unge fotballtalenta våre. Vi har stor tru på at dette laget kjem til å vinne fleire kampar utover i sesongen. Dei som spelte for Olden var : Espen Haugen, Rafael Gildestad, Jens Guddal Muri, Henki Briksdal, Odd Sindre Tonning, Ole Morten Risøy, Thomas Tonning, Matias Melheim, Bjørnar L. Gjerde og Sondre L. Galtung


Årets kamp på Alda stadion

Postet av Olden IL den 2. Jun 2010

Torsdag 3. juni kl. 18.00  møtest 12-årslaga til Olden og Loen til dyst på Alda stadion. Ingenting er vel viktigare enn å slå nabolaget.  Still opp og støtt oldarane i denne viktige kampen ! 


Helge vann på Hadeland.

Postet av Olden IL den 31. Mai 2010

Helge Hafsås fekk suverent best tid då Hadeland maraton vart avvikla laurdag 29. mai. 2 42.21 er ei bra tid i den kuperte løypa. Helge vann også Hadeland maraton i 2007 og sette då løyperekord med 2.38.57. Neste helg ventar eit enno hardare maratonløp, nemleg  Det norske fjellmaraton over Valdresflya. Vi er spente på om Helge kan ta sin 6. siger i dette krevjande maratonløpet.


Informasjon frå friidrettsgruppa

Postet av Olden IL den 23. Mai 2010

ENDRINGAR PÅ TERMINLISTA : KM som var terminfesta til 12-13/6, vert flytta til hausten p.g.a. at Byrkjelo stadion ikkje er klar etter rehabiliteringa fram mot Hovud-NM i 2011. Ny terminliste

YIT-leikane i Førde vert derfor flytta frå 6. juni til 12. juni. Vi satsar på å få med mange oldarar til Førde den 12. juni. Innbydinga vil bli lagt ut på Olden si nettside så snart den ligg føre. Sjå innbyding

Regionsleikar/kongleleikar vert i år arrangert på Sandane søndag 6. juni kl. 13.00. Dette stemnet har tidlegare gått seint på hausten. Det er eit rekrutteringsstemne for aldersgruppa 8-12 år (f. 2002-1998). Alle konkurrerer i øvingane 60m, lengde og liten ball + 4x60m stafett. Alle som deltek får medalje. Vi håpar at mange frå Olden vil prøve seg i dette stemnet. Påmelding til Hans-Petter seinast onsdag 2. juni. Sjå innbyding !

 



Hafsås tok sin 12. siger i Ålesund maraton og sin 130. maratonsiger totalt.

Postet av Olden IL den 8. Mai 2010

Helge Hafsås vann i dag Ålesund maraton for 12. gong. Dette var hans 130. siger på maratondistansen. Tida vart 2.38.29 som er årsbeste. Ingen andre kom under 3 timar. Forholda var ikkje dei aller beste med regn og kun 6-7 grader. Einar Strand sprang halvmaraton og vart nr. 2 i klasse 50-54 år på tida 1.31.54.

Inge Asbjørn Haugen fullførte sitt maratonløp nr. 383. Dvs. at han har 17 løp igjen for å nå målet sitt om å springe sitt maratonløp nr. 400 i løpet av 2010.  Neste veke skal han til Sverige for å springe 5 maratonløp på 5 dagar !

Statistikk om Helge Hafsås finner du her



Meir om Breimstafetten

Postet av Olden IL den 3. Mai 2010

Som nemnt vart det ein flott Breimstafett 2. mai. 50 lag deltok i hovudstafetten og i Kongleriket ministafett (skulelag for "småskulen") var 25 lag med.  På Olden sitt vinnarlag i opa klasse (mix stafett) sprang : Harald Andre Galtung, Hildegunn Mykløen, Sondre Guddal Muri, Ole Myklebust, Ingrid Fjellestad og Anders Muri. Harald Andre veksla som nr. 2 av 7 lag på 1. etappe etter ei sterk forsering i motebakken. Hildegunn heldt godt følgje. Sondre plukka opp og Ole sprang oss opp i leiinga på 4. etappe. Ingrid heldt god fart, men måtte sleppe Breimsbygda forbi seg. Med Anders på siste etappe var det likevel ikkje tvil om kvar sigeren ville hamne.

På det vinnande veteranlaget sprang : Helge Hafsås, Einar Strand, Joar Sunde, Roar Alsaker, Arild Hafsås og Asbjørn Gjerde. Helge sleit med tunge bein på 1. etappe, men både Joar og Roar plukka folk på sine etappar. Arild og Asbjørn kunne derfor sikre 1. plassen på dei to siste etappane.

På det svært unge gutelaget vårt sprang : Kristine Tonning (12), Sondre L. Galtung (12), Andreas Løken (13), Stian Olsbø (9), Asgeir Flåten (15), Jens Guddal Muri (11), Odd Sindre Tonning (12) og Jonas Henden Drageset (10). Dette gjev ein samla alder på 94 som er 10 år under den max.alderen vi kunne ha. Dei gjorde ein flott innsats og slo Fjellhug/Vereide og sprang raskare enn i fjor. Dette er absolutt løparar for framtida dersom dei er villige til å trene vidare.



Flott Breimstafett med to klassesigrar til Olden

Postet av Olden IL den 2. Mai 2010

Det vart ein flott stafettdag på Reed i dag. Fint ver, tørre løyper og to klassesigrar til Olden. I opa klasse vart det siger for 3. året på rad, knappe 7 sek føre Breimsbygda. Tida var kun 3/10 sek. svakare enn i fjor. Ny på laget i år var Ingrid Fjellestad. Ho sprang ein god etappe og viste sporty innstilling ved å stille opp på kort varsel. Veteranlaget gjorde og jobben og vann klart føre Jølster. Dette var Olden sin 5. siger i veteranklassa på Breim. Vi fekk og revansj over Jølster etter nederlaget på Oldestafetten. Imidlertid hadde Jølster sitt lag i superveteran-klassa betre tid. Det svært unge gutelaget vårt greidde å unngå sisteplassen og sprang på ei tid som var 7 sek betre enn ifjor. Laget kjem nok til å markere seg langt sterkare allereie neste år. Anders Muri kom seg ikkje til finalen i kraftprøva. I kvalifiseringsheatet fekk han ein dårleg start, men kom sterkt på slutten. Det måtte målfoto til for å avgjere finaleplassen. Finalen vart vunnen av Ørjan Midthjell. Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete frå Breimstafetten seinare.

Resultater

Bilder



Meir om den 56. Oldestafetten

Postet av Olden IL den 27. Apr 2010

 

Bilder.

Som nemnt deltok 28 lag i Oldestafetten sist søndag I tillegg var 6 lag med på ministafetten på idrettsplassen. Johanna Nygjerd hadde fått det ærefulle oppdraget å halde appellen. Ho sette deltakarne i den rette stemninga før start. Det var heller kjøleg vårver under tilskipinga og på langt nær så gode tilhøve som i fjor. Derfor vart det heller ikkje sett nye rekordar i årets stafett.

Som vanleg var det best deltaking i guteklassa med 12 lag. Hyen kopierte her fjorårssigeren etter hard kamp mot Førde som hamna 1,6 sek. bak. Desse to laga var i særklasse. På 3. plass følgde STIL. Oppstryn gjorde det betre enn på lenge med ein fin 5. plass. Olden stilte i år med svært unge gutelag. Førstelaget kom i mål på 8. plass.

Hyen hadde og det beste jentelaget. Hornindal leia lenge, men måtte sjå seg slått på siste etappe. Olden låg lenge på 3. plass etter at Kristine Tonning hadde sprunge laget heilt opp i teten på 2. etappe. Men jentene måtte til slutt ta til takke med 4. plass for tredje året på rad. Elles var det gledeleg at Hornindal er tilbake og stilte to lag både i guteklassen og i jenteklassen.

I dameklassa var det også Hyen som var sterkast. Olden stilte eit reint søsterlag. Søstrene Eide (Løbakkane) imponerte og var ikkje altfor langt bak hyarane i mål. Dei leverte den desidert beste tida av eit damelag frå Olden nokon gong. Gratulerer til Audhild, Elisabet, Solvor, Kristine og Lillian.

I herreklassa stilte 3 lag. Jølster var denne gongen klart føre Gloppen FIL. Olden stilte med eit svært ungt lag, men dei fem 17-åringane våre greidde seg fint. Tida 9.45 er eit halvt min. betre enn det Olden presterte sist vi stilte seniolag i jubileumsstafetten i 2004.

Olden har vunne veteranstafetten mange gongar, men utan ein sjuk Asbjørn Gjerde på laget vart Jøster denne gongen for sterke.

I open klasse var "Dei fabelaktige fem" klart best og slo "Bruspulverguttene" med 34 sek. Tida var knapt 17 sek. betre enn den "Bruspulverguttene" oppnådde i fjor.

Og komande søndag er det Breimstafett.



Nok ein vellukka Oldestafett.

Postet av Olden IL den 25. Apr 2010

28 lag deltok i årets Oldestafett. Hyen vart også i år det store laget etter å ha gått til topps i 3 klassar ; gutar, jenter og damer. Jølster vann herreklassa og veteranklassa. I open klasse var det "Fabelaktige fem" som kom først i mål. På ministafetten deltok 6 lag.  Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete seinare.

Resultater



Hafsås tok laurdag sin 129. maratonsiger

Postet av Olden IL den 24. Apr 2010

Som venta var det ingen som kunne hindre Helge Hafsås i å ta sin 11. siger i maratonløpet "Rett Vest" i Florø og dermed hans 129. maratonsiger totalt. Det var motvind og låg temperatur under løpet frå Grøndalen til Florø. Helge si tid vart 2.46.47. Nærast kom Audun Skogen frå Innvik som med tida 2.49.52 kun var vel 2 min. bak Helge. Begge spring i klasse 40-44 år. Desse to var dei einaste som kom under 3-timers grensa. Vi får elles håpe at maratonkongen har litt krefter igjen til Oldestafetten på søndag.


Oldestafetten

Postet av Olden IL den 23. Apr 2010

Laguttaket er no klart. Vi prøver å stille 2 gutelag, 2 jentelag, veteranlag og herrelag. I tillegg kjem laga i open klasse. Alle gutar og jenter må møte ved Aldaheim laurdag kl. 16.00

Sjå laguttak og infomasjon !



Oldestafetten på søndag

Postet av Olden IL den 23. Apr 2010

Det har ikkje sett heilt lyst ut med påmeldinga til den 56. Oldestafetten søndag 25.april. Men det ser no ut til at vi får minst 27 lag i dei ulike klassane. Kanskje kan vi og få fleire påmeldingar i siste liten.  (I fjor deltok 33 lag).  Olden stiller med 7 lag : 2 gutelag, 2 jentelag, veteranlag, herrelag og damelag. I tillegg kjem laga i open klasse og i ministafetten. For første gong sidan jubuileumsstafetten i 2004 stiller Olden i år også lag i herreklassa. Dette er eit lag med kun 17-åringar. Det vert nok altfor hardt å ta opp kampen mot "proffane" frå Gloppen og Jølster, men det er og viktig å prøve å måle krefter mot dei beste. Søstrene på Eide (Løbakkane) har og signalisert at dei vil stille lag i dameklassa eller open klasse. Alle har tidlegare vore sentrale på Olden sitt jentelag og det er flott at dei no stiller eit eige "søsterlag.

Elles har vi høyrt rykter om at det er fleire lag på gang i open klasse. Det gjenstår berre å sjå om desse kan omsetje ord til handling og stille opp når det gjeld på søndag.

Vi oppfordrar oldarane til å heise flagget på søndag. Oldestafetten er ein institusjon i bygda og det er fint for dei tilreisande å kome til ei flaggpryda bygd.

Vi oppfordrar og oldarane til å stille opp som publikum og på den måten slutte opp om eit viktig arrangement for bygda. Det er gratis adgang, kiosk og du deltek i lotteri med mange fine gevinstar ved å kjøpe programheftet.



Resultat Fjelltrimmen 2009

Postet av Olden IL den 15. Apr 2010

Fjelltrimmen 2009

Der var i 2009 12883 oppføringar mot 9334 året før. Skarsteinsætra er den klart mest besøkte posten med 3451 oppføringar framfor Huaren som har 2664.

Suveren vinnar samanlagt vart Birger Fagerlid som i 2008.

Frå i år innfører vi 100 bonuspoeng til dei som er innom alle postane. Det er lagt ut ny post på Fossen Brynestad og poenga på Murisætra er redusert tilsvarande. Heretter gjeld alle bøkene frå 1. oktober til 30. september året etter. Ny bok blir lagt ut i god tid før den gamle blir innsamla.

På dei ulike postane hadde vi desse registreringane. Tala for 2008 står i parentes:

Post Poeng Besøk Flest turar Turar
Honnvasshytta 5 791 Anders Bruvoll   104
    -465 Ola Vangberg 55
      Aage Eide         45
      Pål Skarstein              37
      Per W Skarstein 36
      Hans P Galtung 33
      Liv Elisabet Rygg 31
      Aslak Fure 31
      Kjell Bjarne Sunde  23
      Birger Fagerlid 22
      Svein Gildestad 19
      Reidun H Skarstein 15
      André Opheim 15
      Bente Ljosdal 13
      Anne Britt Eide 13
      Johan Fredheim 12
Nonshaugen 3 512 Anders Bruvoll 104
(Vangberg)   -204 Ola Vangberg      95
      Hans Petter Galtung  42
      Liv Elisabet Rygg 29
      Kjell Bjarne Sunde             29
      Aage Eide 26
      Pål Skarstein 21
      Birger Fagerlid 19
      Bente Ljosdal             18
      Per W Skarstein 14
      Johan Fredheim 12
      Svein Gildestad 10
Vangbergsetra 3 1041 Birger Fagerlid 200
(gamlesetra)   -760 Ola Vangberg                  163
      Anders Bruvoll 104
      Hans P Galtung          93
      Bente Ljosdal 75
      Kjell Bjarne Sunde  63
      Svein Gildestad 38
      Johan Fredheim  31
      Liv Elisabet Rygg 29
      Aage Eide 26
      Pål Skarstein 25
      Per W Skarstein 23
      Arne Heggestad 15
      Reidun H Skarstein 14
Agjeldsetra 3 107 Margun Nesje 12
    -135 Amund Nesje  10
      Bjarne Nesje 10
      Kristian Nesje 9
      Magne Agjeld 6
Skarsteinsetra 3 3451 Birger Fagerlid 375
    -2414 Bente Ljosdal 314
      Svein Gildestad 212
      Reidun Horrig Skarstein 211
      Johanna Nygjerd 204
      Gro Birgit Egset 133
      Hans P Galtung 120
      Per Wilhelm Skarstein  114
      Gunnar Nygjerd 104
      Kjell Bjarne Sunde            88
      Anders Bruvoll 58
      Margun Bjerkvik 53
      Terje Bjerkvik  53
      Lone F Kvamme 51
      Johan Fredheim 46
      Aslak Fure 46
      Brita Kvamme 41
      Pål Skarstein 41
      Asbjørg Horrig Skarstein 34
      Ola Vangberg 24
      Arne Heggestad 23
      Aage Eide 22
      Hazel Gildestad  21
      Osvald Olsen 21
      Sigrid E Skarstein 20
Huaren 3 2664 Anne Berit Bjørdal           240
    -2160 Tove Kristin Vedlog 213
      Gerd Sunde 147
      Bruncak Lobomir 111
      Egil Solheim     109
      Kari G. Solheim               100
      Anne Karin Hafsås 93
      Arne Steinar Muri 92
      Kari Tonning 70
      Oddbjørg Bø Muri 62
      Berit Folven Bergesen      48
      Inge Brynestad 46
      Arild Sunde 40
      Halvard Muri 39
      Eldbjørg Skarstein  36
      Gerd H Brynestad 30
      Terje Sundsøy 30
      Ingunn M Tonning  26
Avleisetra 3 301 Anne Berit Bjørdal   64
    -344 Magne Bjørdal 12
      Ottar Åbrekk       10
      Aud Sissel Auflem 7
Murisetra 6 137 Rasmus Brynestad 20
    -159 Bjørn Muri    19
      Aslak Fure             8
      Sondre G Muri 8
      Halvard Muri 5
Kvitefjellet 3 181 Liv Elisabet Rygg 112
Bruvoll   (ny) Magdeli Bruvoll 18
      Lin Gunhild Bruvoll 11
      Annegrete Bruvoll 8
      Anders Bruvoll 8
Solheimsætra 5 126 Roar Alsaker 13
    -77 Arild Hafsås  12
      Stig Melheim 10
      Gunnar Melheim 9
      Linda Alsaker 7
      Ole Solheim 7
      Berit Melheim 5
Laukisetra 5 727 Anne Britt Eide 85
    -540 Terje Sundsøy 32
      Inger Marie Eide 28
      Mette Hansen 22
      Elbjørg Skarstein 21
      Roar Alsaker 19
      Linda Muri 17
      Linda Alsaker 16
      Knut Alsaker 16
      Hege Gjertsen 16
      Aslaug Eide 14
      Asbjørn Lekanger 14
      Ove Hafsås 12
      Liv Elisabet Rygg             8
      Oddbjørg Bø Muri 8
Sundsetra 3 600 Einar Strand 111
    -566 Gunnar Gjerde            106
      Bjarne Gjerde 53
      Asbjørn Gjerde 35
      Janne Helen Gjerde 34
      Jon Gjerde 22
      Elbjørg Sunde 16
      Joar Sunde 11
      Frode Myrold 9
Sundsdalen 5 196 Bjarne Gjerde 26
(Myrane)   -124 Gunnar Gjerde 22
      Svein Gjerde                 20
      Elbjørg Sunde 15
      Asbjørn Gjerde 15
      Joar Sunde 6
      Einar Strand 6
      Raymond Molnes 5
Yrisetra 3 260 Lillian Mykløen 30
    -280 Einar Mykløen 29
      Kjell Magne Yri 18
      Rasmus Yri                  16
      Rune Rustøen 11
      Stig Daniel Mykløen    10
      Audny Kvame   9
      Fredrik Kvame 9
Høgalmesetra 4 320 Jan Høgalmen 158
    -449 Nils Roger Høgalmen 14
      Mathilde Høgalmen 13
      Rune Åbrekk       7
      Rune Rustøen        7
      Asgeir Mykløen 7
      Jakob Åberg     6
Kvamssetra 5 302 Jon Olav Kvamme       35
    -289 Per Magne Kvamme 25
      Jakob R Åberg         9
      Jan Høgalmen 8
      Geirmund Kvamme 8
      Olav Ingard Fjeldstad 8
      Møyfrid S Kvamme 7
      Fredrik Kvame 7
Flatsteinbu 7 106 Jan Høgalmen  5
    -103 Fredrik Kvame 3
Brenndalen 3 161 Signe Aabrekk 83
    -265 Asbjørn Indrebø 21
      Jon Olav Kvamme 7
      Bendik Kvamme 6
      Jan Høgalmen  6


    

Liste over dei som har over 400 poeng

  NAMN POENG
1 Birger Fagerlid 1892
2 Anders Bruvoll 1372
3 Bente Ljosdal 1286
4 Ola Vangberg 1138
5 Anne Berit Bjørdal 1111
6 Hans Petter Galtung 930
7 Svein Gildestad 875
8 Reidun Horrig Skarstein 768
9 Liv Elisabet Rygg    766
10 Jan Høgalmen 701
11 Kjell Bjarne Sunde   655
12 Per Wilhelm Skarstein 645
13 Tove Kristin Vedlog 642
14 Johanna Nygjerd 617
15 Aage Eide 497
16 Anne Britt Eide 490
17 Gerd Sunde  475
18 Pål Skarstein  446
19 Gunnar Gjerde  428
20 Gro Birgit Egset  407


 


Oldestafetten 25.april

Postet av Olden IL den 13. Apr 2010

Søndag 25. april er det klart for den 56. Oldestafetten. Påmeldingsfristen er sett til tysdag 20. april. Idrettslaget har fått løyve til å opne brua over Laukifossen på stafettdagen. Dette betyr at jente- og guteløypa vert den same som dei siste åra. I fjor deltok totalt 33 lag i hovudstafetten. Heile 17 gutelag stilte til start. Her sette Hyen ny solid løyperekord. Hyen (GFIL)  forbetra også rekorden i herreløypa.

Arrangøren håpar på mange deltakarlag og minner om open klasse som omfattar bedriftslag, familielag, grendalag eller andre konstellasjonar.

I fjor stilte Olden 3 gutelag, 2 jentelag, 1 damelag og 1 veteranlag. Vi håpar å få til minst det same i år. Vi satsar og på å få til eit herrelag.

Innbyding



Meir om NM i Bergen

Postet av Olden IL den 12. Apr 2010

Vi kan nemne at Helge passerte maraton på 2.42.51. Dette er faktisk den beste tida han har på distansen så langt i år. På siste delen av løpet gjekk km-tidene ganske mykje opp. Anna var vel heller ikkje å vente etter ei så hard opning. Uansett stod Helge distansen ut også denne gongen og vann med stor margin (tid : 7.17.21).  Dette var hans 6. siger på 100 km i Bergen på rad sidan 2005. Audun Skogen vart nr. 4 i løpet på 8.14.13. Inge Asbjørn Haugen fullførte på 10.49.27. Sidan maratonpasseringa også vert godkjent som eit maratonløp, var dette Haugen sitt løp nr. 380 ! Imponerande ! Så vidt vi veit har han som mål å springe sin maraton nr. 400 i løpet av 2010. Ingen i Norge er i nærleiken av å ha gjennomført så mange løp. Neste mann på lista er Bjørn Gjerde med 326.  I alt 67 norske løparar har passert 100 maratonløp. Helge Hafsås har registrert 170.

Neste oppgåver for Hafsås er maratonløpet Rett Vest i Florø 24.april og Oldestafetten dagen etter.



Helge Hafsås suveren norgesmeister

Postet av Olden IL den 10. Apr 2010

Som venta kunne Helge Hafsås innkassere ein ny NM-tittel i ultraløp på 100 km-distansen i Bergen i dag. Som vanleg gjekk Helge knallhardt ut og kvitta seg med konkurrentane tidleg i løpet. Slutt-tida vart 7.17.23. Sølv gjekk til Runar Gilberg på 7.47.00 og bronse til Tero Pivarinne på 7.49.50. Løpet er enno ikkje avslutta. Vi kjem tilbake med meir stoff seinare.  Olden IL gratulerer Helge med den tredje NM-tittelen på rad.


Lagsmeisterskap innandørs

Postet av Olden IL den 30. Mar 2010

27 deltakarar i alderen 9-17 år stilte opp då Olden IL arrangerte lagsmeisterskap i friidrett innandørs i Olden skule 23. mars. Mange viste god framgang, men dei heilt store resultata uteblei denne gongen. Neste år må vi nok organisere det heile på ein annan måte. Ein del venting førte til altfor mykje støy i gymsalen. Dette er ikkje bra for dei som skal konsentrere seg om å oppnå gode resultat.

Sjå reultatliste !



Ut på ski !

Postet av Olden IL den 7. Mar 2010

Kuldeperioden ser ut til å vere over, men det er enno godt med snø. Mildveret gjer det nok  litt vanskelegare å smørje, men det er no ein del av gamet. Olden IL vil køyre opp løyper så snart veret stabiliserer seg.

Vi vil slå eit slag for skiidretten og siterer Fridtjof Nansen : " Skiløpningen er den mest nasjonale av alle norske idretter og en herlig idrett er den,- fortjener noen navn av idrettenes idrett, så er det i sannhet den. Intet herder musklene og gjør legemet så kraftig som den,...., intet herder viljen og gjør sinnet så friskt som skiløpningen. Kan det tenkes noe sunnere og renere enn på en frisk vinterdag å få skiene på føttene og stryke til skogs? Kan det tenkes noe finere og edlere enn vår nordiske natur, når sneen ligger alendyp og hvit utover skog og åser ?"



Hafsås til topps i Bergen

Postet av Olden IL den 21. Feb 2010

Laurdag tok Helge Hafsås sin 128 maratonsiger då han vann maratonkarsusellen i Bergen på tida 2.45.02. Han var vel 6 min. føre nr. 2 i løpet.


Friidrettstrening

Postet av Olden IL den 2. Feb 2010

Tysdagar i Olden skule. Gruppe 1 8-12 år (2-6 klasse) kl. 17.30-18.30. Gruppe 2 frå 13 år (7. klasse) og oppover 18.15-19.30 Gruppe 2 startar med løpstrening ute frå kl. 18.15

Friidrettsgruppa



Ny maratonsiger til Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 23. Jan 2010

Helge Hafsås starta 2010-sesongen slik han avslutta den forrige, med maratonsiger. I det første løpet i Maratonkarusellen i Bergen vann han maratondistansen med ein margin på ca. 12 min.til nestemann. Tida 2.44.56 må seiast å vere god under dei rådande tilhøva med minusgrader og snøføre. Helge eksperimenterte med ullsokkar utanpå joggeskoa, men fann undervegs ut at dette ikkje fungerte optimalt.


Skiløyper

Postet av Olden IL den 23. Jan 2010

Olden IL har køyrt opp klassiske skiløyper på Muri/Brynestad og i skogsvegane på Muri og Avlei. Det er laga spor til Avleiåsen. Det er fine forhold.


Aktivitetsområde på Oldeleirane

Postet av Olden IL den 23. Jan 2010

Olden IL har enno ikkje gjeve opp kampen om det gjenståande området på Oldeleirane. Idrettslaget har i lang tid prøvd å få omregulert område på Oldeleirane til idretts- og aktivitetsføremål. Så langt har Stryn kommune vist lita forståing for Olden IL sine behov for areal til idrettsanlegg. Olden IL meinar at det attraktive området vest for musikkpaviljongen må omregulerast til friareal til beste for dei som bur i bygda. Her må felles interesser gå føre private interesser. Olden IL kan bidra til å gjere dette til eit flott område både for bygdefolk og turistar. Det er på tide at også dei som bestemmer i Stryn kommune evnar å tenkje på litt lenger sikt. Kva med å lære litt av andre kommunar som set fellesskapsverdiar høgt når det gjeld arealdisponering.