Hafsås må stå over 12 t.-løpet på Bislet

Postet av Olden IL den 4. Des 2007

Laurdag 8. desember skulle Helge Hafsås stilt på 12 t. løpet på Bislet. P.ga. skade må han dessverre stå over denne urfordringa. Målet var å setje nordisk rekord og kanskje til og med snuse på verdsrekorden som er på 162,4 km. Under 24 t. løpet i fjor hadde han heile 149 km etter 12 timar, så med Helge i vanleg god form burde den gjevaste rekorden absolutt vore innan rekkevidde.

 

Etter 100 km-løpet i Bergen 20. oktober har Helge hatt problem både med ryggen og lårmuskulaturen. Vi håpar at han er tilbake for fullt til neste sesong.

Uansett har Helge Hafsås levert ein ny fantastisk sesong. Høgdepunkta var nok den nordiske rekorden på 6t. løp på Eidsvoll i august der han sprang 85490m og Ålesund maraton som markerte maratonsiger nr. 100. Helge har til no vunne 107 maratonløp. I 2007 har han sprunge 15 maratonløp og vunne 13 av desse og blitt nr. 2 i dei to andre. Han vann også 100 km-løpet under Bergen Ultra. Tida hans her er norsk årsbeste.



Idrettskulen

Postet av Olden IL den 21. Nov 2007

Foto: Halvard Muri 

Olden IL sin idrettsskule tilbyr også ei år mange ulike aktivitetar. I slutten av oktober var det golf på bana på Sætre i Stryn. Så langt i november har det vore kick-puls og bading.
Vi presenterer her planen fram til 24. januar.

Oversikt

Bilder Sætre



Idrettslagsbasar i Olden

Postet av Olden IL den 19. Nov 2007

 Foto: Egil Åbrekk

Sondre Guddal Muri. vinnar av Ricco Vero pokalen 2007 for god innsats gjennom sesongen.

Olden idrettslag arrangerte basar i Aldaheim søndag 11. november. Oppmøtet var godt og vinnarlykka stor. Laget fekk inn heile kr 34.415.- Dette er eit svært godt resultat og på linje med tidlegare basarar
 Foto: Egil Åbrekk

 "Ricco-Vero pokalen" som er Olden IL sin stimulansepokal vart i år tildelt Sondre Guddal Muri. Han har i år vore ein av dei aller beste friidrettsutøverane i Sogn og Fjordane i si klasse (14 år). Særleg har han hevda seg godt i spydkast der han har det nest lengste kastet i fylket i år. Han har vore på krinslaget i friidrett og har hevda seg godt også i løp og hopp. Sondre Guddal Muri har og vore ein sentral spelar på smågutelaget i fotball til Loen/Olden som vart krinsmeisterar i år. Han har solid treningsframmøte og viser gode haldningar til idretten.

 

Gutelaget til Olden som i år vann Breimstafetten for fyrste gong, vart også heidra på scena med utdeling av blomster.

 Sondre Guddal Muri.

 

 

 Foto: Sigrid Skarstein

Leiar i laget Leiv Arne Egset delte ut æresmedlemskap til Hans Petter Galtung. Han har vore ein profil i laget, og har utmerka seg både som aktiv, men kanskje mest som trenar og organisator i laget. Olden Idrettslag er heldige som har ein slik ressursperson i laget.

Laget takkar basarkomiteen for godt gjennomført arrangement, og alle som gav gevinstar til basaren.

 Hans Petter Galtung  


Handlekveldar på Sport1 for medlemmar Olden IL

Postet av Olden IL den 18. Nov 2007

  Handlekveldar på Sport1 for medlemmar Olden IL
 
22.11: 18-21
27.11: 19-21
29.11: 18-21
 
Generell rabatt 20%
Konkuranse utstyr gis det meir rabatt.
 


Idrettslagsbasaren søndag 11. november

Postet av Olden IL den 5. Nov 2007

   Søndag 11.november kl. 14.00 er det klart for den årlege idrettslagsbasaren i Aldaheim. Loddseljarane har allereie vore i sving ei god stund no. Som tidlegare år vert det mange flotte gevinstar, så her er det berre å møte opp for å støtte idrettslaget sitt viktige arbeid i bygda og kanskje få med seg ein gevinst eller to heim. Det vil og bli utdeling av "Ricco Vero-pokalen" som er ein stimulanspokal som går til eit av bygda sine idrettstalent.


Avslutningsfest for fotball/friidrett

Postet av Olden IL den 4. Nov 2007

Fredag 2. november var ca. 70 små og store samla i Aldaheim for å markere avslutninga på fotball- og friidrettssesongen 2007. I kjellaren vart det servert pizza og oppe var det premieutdeling og filmglimt frå årets sesong.

Alle som hadde delteke på fotballen fekk utdelt ein flott statuett + drikkeflasker. Dei 7 gutane som vart krinsmeistrar i fotball i klasse 13-14 år vart gjort ekstra ære på.

I friidrett vart det delt ut pokalar for løpskarusellen og for lagsmeisterskapa innandørs og utandørs. I alt var 35 med på eitt løp eller meir i løpskarusellen. Dei 17 som var med på alle 3 løpa fekk ein ekstra stor pokal. Totalt var 27 utøvarar med på 1 eller 2 lagsmeisterskap.

Kari Tonning oppsummerte fotballsesongen og Hans-Petter Galtung friidrettssesongen. Begge understreka kor viktig det er å drive allsidig idrett når ein er unge og poengterte at ein gjennom friidretten får utvikla eigenskapar som også er svært viktige dersom ein ynskjer å bli gode i fotball. Hans-Petter meinte at friidrettssesongen 2007 har vore ein av dei aller beste når det gjeld den yngre garde i Olden IL si historie. Eitt av dei store høgdepunkta var gutelaget sin siger i Breimstafetten.

Leiar I Olden IL, Leiv Arne Egset, overleverte blomster til dei som har vore trenarar i fotball og friidrett.



Meir om Bergen Ultra

Postet av Olden IL den 21. Okt 2007

Foto: Kondis.no   
Den offisielle vinnartida til Helge på 100km vart 7.07.33. Nest beste tid fekk Per Olav Bøyum på rundt 7.30. Helge opna som vanleg optimistisk og passerte maraton på sterke 2.40, men etter kvart måtte han slå kraftig av på tempoet.

Fra Kondis.no

I rekordløpet i fjor var maratonpasseringa på vel 2.38. I følgje ei nederlandsk prestasjonstabell tilsvarar ei 100 km tid på 7.07.33 ca. 2.26.15 på maratondistansen, altså godt under Helge sin personlege rekord. Hans eiga vinnartid i fjor på 6.50.15 tilsvarar 2.21 på maraton. Det kan altså sjå ut til at Hafsås presterer betre på dei verkeleg lange løpa. Den nordiske rekorden på 6 timers-løpet på Eidsvoll tidlegare i haust,stadfestar dette.

Laurdag 8. desember skal Helge prøve seg på 12 timers-løp på Bislett og i 2008 er det offisielt noregsmeisterskap på 100 km !



Loen/Olden krinsmeister i fotball

Postet av Olden IL den 20. Okt 2007

Foto: Loen ILDenne veka møttest Loen/Olden og Kaupanger til avgjerande kampar om krinsmeisterskapen i fotball i 2. divisjon for gutar 13-14 år. På måndag vart det 4-2 siger på Loen stadion. Det heile vart avgjort på Kaupanger stadion på torsdag. Loen/Olden måtte då sjå seg slått 3-2, men samanlagt heldt det likevel til krinsmeistertittel. Vi gratulerer spelarane og trenar Jan Henning Brynestad med ein flott sesong som til slutt vart krona med krinsmeisterskap.

Se bilder fra Loen IL

Sju spelarar frå Olden IL har vore med på laget. Desse er : Knut Alsaker, Henrik Drageset, Harald Andre Galtung, Joakim Eide Gjerde, Sondre Guddal Muri, Anders Muri og Ole Myklebust.

Dei tre sistnemde er no også tekne ut til eit sonelag som skal møtast til treningar på Nordfjordeid. Alle tilhøyrer den sterke 1993-årgangen som og har hevda seg svært godt i friidrett. Det er no veldig viktig at dei som vil satse vidare på idrett, får eit opplegg som kan sikre dei ei gunstig idrettsleg utvikling.

 



Suveren siger til Helge Hafsås på Bergen Ultra.

Postet av Olden IL den 20. Okt 2007

Laurdag vann Helge Hafsås 100 km under Bergen Ultra for tredje året på rad. Vi har ikkje fått dei offisielle resultata, men vinnartida ligg på rundt 7 timar og 7 minutt. For eit år sidan sette Helge norsk bestenotering på distansen med tida 6.50.15, men forma hans har ikkje vore like god denne hausten. 7.07 er likevel ei god tid som er årsbeste i Noreg. Før løpet meinte han sjølv at han ville slite med å kome under 7.30, medan vårt tips var ei tid rundt 7.10. Vi kjem tilbake med meir stoff frå løpet seinare.


Heimesida vår er populær

Postet av Olden IL den 2. Okt 2007

Sidan Olden IL tok heimesida aktivt i bruk i byrjinga av september 2006 har sida hatt ca. 13.000 treff. I den månaden vi nett har lagt bak oss (sept.2007) vart det sett ny månadsrekord med 1534 treff. Den førre månadsrekorden var mai 2007 med 1255 vitjingar. Hovudæra for at Olden IL no har ei oppdatert heimesida må tilskrivast John Gunnar Mørch, som også har halde fram med å gjere ein jobb med sida etter at han flytta tilbake til Oslo. Han har og sagt seg villeg til å halde fram som kasserar i idrettslaget fram til årsmøtet i desember. Friidrettsgruppa er den desidert flittigaste til å legge ut stoff på heimesida. Idrettslaget håpar at også fleire grupper etter kvart ser verdien av å legge ut stoff og infomasjon på nettet.


Hafsås med sin 6.siger på Floramila

Postet av Olden IL den 30. Sep 2007

 Foto Linda Regina Bruvik Laurdag 29. sept. tok Helge Hafsås sin 6. siger på Floramila. Med tida 35.32 var han knappe 2 min. føre nestemann i løpet, Magnar Solheim frå Norddalsfjord. Tida kunne vore enno betre, men ei feilspringing undervegs kosta Helge bortimot 30 sek. Forrige helg tok Helge noko så sjeldan som ei frihelg frå konkurransar p.g.a. lyskeproblem. Men desse problema har betra seg, noko sigeren i Floramila stadfestar. Helge ser no fram mot 100km-løpet i Bergen om 3 veker. Han kan og sjå fram mot neste sesong, der det er bestemt at det skal avviklast offisielt NM på 100 km.

Resultater

 


Fin friidrettsdag på Byrkjelo

Postet av Olden IL den 30. Sep 2007

Laurdag 29.sept. vart friidrettssesongen 2007 avslutta på Byrkjelo stadion. Olden og Vikane gjekk i lag om å arrangere lagsmeisterskap. I tillegg arrangerte Jølster IL friidrettskarusell for sine yngste utøvarar, så det vart etter kvart folksomt på Byrkjelo stadion. Tilhøva var fine, om enn noko kjøleg. Frammøtet på friidrettstreningane har vore svært godt i haust, så det var noko skuffande at berre 11 frå Olden stilte opp på stemnet. Denne gongen vart vi slått av Vikane som hadde 14 deltakarar.

Anders Muri sprang 60m på 7,8 og 200m på 26,0. I kast var det Sondre Muri som oppnådde dei beste resultata. Han kasta 37.06 i spyd (600 gr.) og 62.90 med liten ball (150 gr.) Elles sette fleire av dei yngre fine besteresultat. For Olden sin del vart det konkurrert i desse øvingane : 60m, 200m, 600m, lengde, liten ball, diskos og spyd.

Det beste resultatet på stemnet oppnådde 11-åringen Oskar Raftevold frå Vikane. Han hoppa heile 1.47 i høgde.

Resultata.



Våte regionsleikar på Sandane

Postet av Olden IL den 24. Sep 2007

 

Foto:Hans-Petter Galtung 

Søndag stilte Olden med 6 deltakarar på Regionsleikane for 9-12-åringar på Sandane. Heller ikkje denne stemnedagen vart det opphaldsver og etter kvart vart det så mykje overvatn på den nye løpebana, at stafetten måtte avlysast. Totalt deltok 50 utøvarar som tevla i øvingane 60m, lengde og liten ball.

Men temperaturen var bra og oldarane oppnådde mange fine resultat og gode plasseringar. Alle sette personlege rekordar i minst ei av øvingane. Dei 6 gutane som deltok var Mons Eirik Vangberg (9), Sondre Ljosdal Galtung (9), Andreas Løken (10), Rasmus E. Skarstein (10), Anders Egset (11) og Asgeir Flåten (12). Men kvar vert jentene av ?

Flere bilder!



Hafsås tok sin 13 maratonsiger for året

Postet av Olden IL den 17. Sep 2007

For fjerde året på rad vann Helge Hafsås Stemshaug maraton og tok dermed sin 107. siger på distansen totalt sett. Under vanskelege tilhøve med sterk vind og haglbyger sprang han inn til tida 2.46.12. Løypetraseen på Aure på Nordmøre er heller ikkje av dei lettaste. Helge har og hatt problem med lysken på dei siste løpa, men satsar nok på å prøve seg på 100 km under Bergen Ultra 20. oktober

 



Anders Muri imponerte stort under 2. dag av NCC-leikane

Postet av Olden IL den 9. Sep 2007

Arkivbilde  Dei to 14-åringane våre stod for svært gode prestasjonar også under 2. dag av NCC-leikane i Haugesund, som vart avvikla under langt betre vertilhøve enn det som var tilfelle på laurdag. Anders slo til med 2. plass både på 60m og i tresteg ! Sondre fekk 4. plass i spyd og debuterte på 1500m med ein 7. plass.

Resultater

Anders vann sitt forsøksheat på 60m med 7.94. I finalen vart det 2. plass med 7.78 i 1,1 m/sek.motvind. Dette var berre 7/100 bak landets beste 14-åring på 60m, Mathias Øverland frå Vegårdshei i Aust-Agder. Sjølv meiner Anders at dette var det beste løpet han har gjennomført nokon gong. Persen på 7.75 frå Lillehammer i juni vart sett i medvind 

Kanskje like imponerande er Anders sitt tresteg-resultat. Her vart han etteranmeld og leia konkurransen heilt til siste omgang då Øverland gjekk forbi med resultatet 12.24. Anders sitt resultat, 11.86, er faktisk det 3. beste resultatet i Norge i år. Imponerande, særleg sett på bakgrunn av at dette var første gongen han prøvde seg i øvinga. Einaste treninga har vore at vi har brukt stille tresteg som spensttrening i gymsalen på Olden skule. Totalt enda då Anders opp med tre 2. plassar (60m, lengde og tresteg) og ein 4. plass (200m) på stemnet + 3. plass på stafetten. Det er ikkje lett å gå heilt til topps når ein må konkurrere med norges beste 14-åring i lengde,tresteg og på 60m.

Sondre Guddal Muri vart nr. 4 av 16 deltakarar i spyd. Resultatet 37.41 er kun ein god meter bak persen frå Byrkjelo i juni i år. Sondre prøvde seg og på 1500m for første gong. Her vart det 7. plass med tida 4.57.35 . Totalt sett på stemnet enda då Sondre opp med ein 4. plass, ein 5.plass og to 7.plassar. Flott innsats !



Hafsås som venta best i Trondheim maraton

Postet av Olden IL den 9. Sep 2007

Fra Kondis.noSøndag tok Helge Hafsås sin 7. siger på rad i Trondheim maraton. Han kom i mål på tida 2.40.11 og var med det vel 11 min. føre nr. 2 i løpet. På den andre sida var han nesten 10 min bak sin eigen løyperekord. 32 løparar gjennomførde heilmaraton og 117 halvmaraton.


Flott Olden-innsats på 1. dag av NCC-leikane i Haugesund

Postet av Olden IL den 8. Sep 2007

Anders Muri og Sondre Guddal Muri sette personlege rekordar i alle øvingane dei deltok i under 1. dag av NCC-leikane i Haugesund. Beste plasseringa oppnådde Anders i lengde, der han tok 2. plassen med resultatet 5.70. Men medvinden var  altfor sterk til at resultatet kan godkjennast. Vinnaren hoppa 5.96. På 200m vart det 4. plass på Anders på 26.17, solid pers. trass i 1,5 sek/m. motvind.

Sondre Guddal Muri konkurrerte i diskos (1 kg) for første gong. Trass i minimalt med trening, greidde han ein fin 5. plass med resultatet 26.77. Sondre sette og pers. på 600m. Tida 1.42.89 heldt til 7. plass av 13 deltakarar.

Vi tek og med at Siv Malin Nesje (13), frå Oppstryn, men med far frå Olden, gjekk heilt til topps i diskos med det flotte resultatet 27.45. Ho fekk og ein fin 5. plass i lengde der ho hoppa 4.69

Stemnet held fram i morgon. Då har både Anders og Sondre sine beste øvingar, høvervis på 60m og i spyd.

Elles må vi opplyse at vi tok feil dag når det gjeld Trondheim maraton. Løpet, der Helge er ein av favorittane, går ikkje før i morgon - søndag.

 



Meir om Haugesund

Postet av Olden IL den 8. Sep 2007

I mix stafetten over 10x80m vart Sogn og Fjordane nr. 3 etter Hordaland og Agder. Her sprang Anders Muri siste etappe. Stillinga i krinskampen etter 1. dag er slik : 1. Hordaland 135p. 2. Agder 109 p. 3. Sogn og Fjordane 94 p. 4. Rogaland 90 p.


Friidrett til helga

Postet av Olden IL den 5. Sep 2007

Laurdag og søndag stiller Anders Muri og Sondre Guddal Muri til start på dei regionale NCC-leikane i Haugesund. Her møter dei hard konkurranse, men presterer dei opp mot sitt beste vil dei kunne oppnå gode plasseringar.

Helge Hafsås skal laurdag prøve å ta sin 7. siger på rad i Trondheim maraton. I fjor sette ha løyperekord med 2.30.50 . Spørsmålet er om forma er god nok til å nærme seg denne tida i år. Helge har lagt opp til eit utruleg hardt konkurranseprogram med 6-timersløp for 14 dagar sidan, Nordvest maraton sist laurdag, Trondheim maraton komande laurdag og Stemshaug maraton laurdagen deretter.



Fire KM-medaljar til Olden på Byrkjelo, 60m-gull til Anders Muri og stafett-gull til Olden

Postet av Olden IL den 1. Sep 2007

 

 
Tilhøva var ikkje dei aller beste, med 9 grader og regn, då 1. dag av KM 13-18-år + regionsleikar 10-12 år vart avvikla på Byrkjelo laurdag. Anders Muri leverte eit svært godt løp på 60m. Med tida 7.88 i svak motvind (-0,6), tok han ein klar siger i klasse 14 år. Gull vart det også til Olden på 4x60m stafett, klasse 13-14 år.

I lengde vart det sølv på Anders med resultatet 5.11. Vinnar vart Jens Christian Andenes, Fjellhug/Vereide med 5.30. Sølv vart det også på Sondre Guddal Muri med 34.80 i spyd. Sondre vart også nr. 4 på 60m med 8.64.

I år som på KM i Florø i fjor, vart det gull til Olden på 4x60m stafett, klasse 13-14 år. På laget sprang : Sondre Guddal Muri, Harald Andre Galtung, Asgeir Flåten og Anders Muri. Sjølv om Olden var åleine i heatet vart tida så pass bra som 34.36, kun 6/10 svakare enn på KM i fjor. I år stilte vi og med eit yngre lag. Dette var Olden sin 4 siger på 4x60m stafett i KM og DM i løpet av dei to siste åra. Ingen tvil om at Olden og stafett høyrer i hop. Synd at ingen andre lag ville ta kampen om KM-tittelen opp med Olden.

På jentesida var vi representert med Janne Alsaker og Terese Tenden, som leverte god innsats, sjølv om dei ikkje var med i medaljekampen denne gongen.

På regionsleikane deltok Andreas Løken, Anders Egset, Are Tenden og Asgeir Flåten. Beste plasseringane oppnådde Anders Egset (11) med 5 plass på 60m og Andreas Løken (10) med same plassering i kule. P.g.a. kollisjon med presentasjon av konfirmantane og dessutan fotballkamp, skal ikkje oldarane delta på 2. dag av KM. Til slutt kan vi legge til at startaren på stemnet denne gongen kom frå Olden.



Helge Hafsås tok sin 105. maratonsiger

Postet av Olden IL den 1. Sep 2007

Laurdag vann Helge som venta Nordvest Maraton på Hareid. Dette var hans sjette siger i dette løpet som vart arrangert for 17. gong. Helge si vinnartid på 2.44.03 var på sekundet 10. min. svakare enn hans eigen løyperekord frå i fjor. Tilhøva var imdilertid ikkje dei beste med regn og ein del vind. Nr. 2 i løpet kom inn på 3.07.33. 19 løparar fullførte heilmaraton, deriblant Inge Asbjørn Haugen som sette årsbeste i sitt 315. maratonløp.


Friidrett i helga

Postet av Olden IL den 31. Aug 2007

Ni utøvarar frå Olden skal delta på Byrkjelo på laurdag. 5 av desse stiller i krinsmeisterskapen, 4 deltek i regionleikar for 10-12 år.

Helge Hafsås er klar for eit nytt maratonløp berre ei veke etter at han sette nordisk rekord i 6 timersløpet på Trandum. I dette løpet passerte han maraton på 2.46.02. Laurdag er Nordvest maraton med Hareid IL som arrangør, som står for tur. Løpet startar på den kjende fugleøya Runde og går over bruer og øyer, opp og ned bakkar til Hareid stadion. Helge står bokført med 5 sigrar i dette løpet og sette i fjor ein solid løyperekord med 2.33.03.



To oldarar på krinslaget i friidrett

Postet av Olden IL den 28. Aug 2007

Dei to 14-åringane Sondre Guddal Muri og Anders Muri er tekne ut til å representere Sogn og Fjordane på NCC leikane i Haugesund 8-9. september. Regionleikane er ein lagkonkurranse  i klasse 13-14 år mellom Sogn og Fjordane, Rogaland, Aust- og Vest-Agder og Hordaland. Den beste utøvaren frå kvar krins i kvar øving tel med i poengberekninga.

 

Anders og Sondre deltok på desse regionale ungdomsleikane i Haugesund også i fjor. Krinsen opplyser at ein del utøvarar i år er uttekne i øvingar dei har konkurrert lite i tidlegare, men håpar alle tek det sporty for å skaffe poeng i krinskampen. 

Aktuelle øvingar : Anders : 60m, 200m og lengde + stafett. Sondre : 600m, 1500m, spyd og diskos + eventuelt stafett.

I fjor vart Anders nr. 2 på 60m og i lengde og nr. 6 på 200m. Sondre fekk sitt beste resultat i spyd med 6. plass. Sogn og Fjordane vart nr.2 i krinskampen etter Hordaland.



KM-friidrett 13-18 år, regionsleikar 10-12 år

Postet av Olden IL den 27. Aug 2007

Krinsmeisterskapen i friidrett for aldersbestemte klassar 13-18 år vert arrangert på Byrkjelo stadion 1-2. september. Laurdag 1. september vert det og krinsleikar for klassane 10-12 år på Byrkjelo. For dei som er 13 år og eldre er dette det siste større stemnet her i Sogn og Fjordane denne sesongen.

Påmelding til Hans-Petter seinast torsdag 30/8, tlf. 41530792. Olden IL dekker startkontingent og organiserer transport.

På regionsleikane 10-12 år er det deltakarpremie til alle. Øvingane er 60m, lengde og kule.

KM 13 - 18 år : Medalje til dei 3 beste.

Øvingar  :

 G/J : 13-14 år : Laurdag : 60m, 1500m, stav, lengde, spyd, 4x60m stafett

                       Søndag : 80m hekk, 600m, høgde, kule, diskos

                     4X60m stafett : samla alder ikkje over 55 år. Vi håpar på to gutelag og eitt jentelag på stafetten.

G15-16 år : Laurdag : 100m, 800m, høgde, tresteg, stav. slegge,spyd, 4x100m

                Søndag : 100m hekk, lengde, 400m, 2000m/3000m, diskos, kule

 

                    

 

                                    

 



Helge med norsk og nordisk rekord i 6 timers-løp

Postet av Olden IL den 26. Aug 2007

Laurdag 25 august sprang Helge Hafsås 85,490 km under Eidsvoll 6 timers på Trandum. Dette er både ny norsk og nordisk rekord. Helge var knapt 2,3 km føre nr. 2 i løpet John Henry Strupstad, FIK Ren-eng.

Strupstad var oppe i teten midtvegs, men Helge viste dei beste stayer-eigenskapane og var klart først i mål. Den tidlegare nordiske rekorden var på 84,251 km og tilhøyrde Reima Hartikainen. Den gamle norske rekorden var sett av Rune Gilberg i 2006 med 82,899 km.

Olden IL gratulerer Helge med dei imponerande rekordane. Utvilsomt ein sterk prestasjon sidan tilhøva heller  ikkje var ideelle for slike kraftprøver - steikande sol og fleire og tjue varmegrader med til dels sjenerande vind.

Norsk og nordisk rekord vart det også i kvinneklassa. Margrethe Løgavlen, Tønsberg FIK, imponerte stort ved å springe heile 79,090 km på dei 6 timane.

Reportasje fra Kondis.no



Hafsås med maratonsiger nr. 104

Postet av Olden IL den 21. Aug 2007

Laurdag 11. august tok Helge Hafsås sin maratonsiger nr. 104 på Ørlandet i Trøndelag. Kun 6 løparar deltok på heilmaraton. Helge brukte denne gongen 2.52.40 på distansen og vann med solid margin. Ein annan nordfjording, Inge Asbjørn Haugen sprang sitt maratonløp nr. 313 og sette årsbeste med 3.57.31. 4 november skal han delta i New York maraton for 2. gong.


Nye løyperekordar i Skåla Opp

Postet av Olden IL den 21. Aug 2007

Det vart nye løyperekordar både i dame- og herreklassen under Skåla opp på laurdag.Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre kom inn på sterke 1.20.43, medan Jon tvedt, Gular sprang på fantastiske 1.08.39. Fleire frå Olden viste og god form. Roar Alsaker debuterte i løpet på den gode tida 1.35.53. Ingrid Fjellestad kom under 2t. grensa og fekk tida 1.59.02. Einar Strand brukte 1.47.34 og Joar Sunde 1.49.55. Tilhøva var ikkje dei aller beste med blaut veg/sti nederst og nysnø på toppen.

Resultater



Siste runde i løps- og hoppkarusellen

Postet av Olden IL den 9. Aug 2007

3. og siste runde i løps- og hoppkarusellen vart avvikla på Førde stadion onsdag. Einaste deltakar frå Olden var 14-åringen Anders Muri. Han deltok på 100m, 400m og i lengde. Best fornøgd var han nok med lengderesultatet 5.30 som kun var 10 cm bak persen frå tidlegare i år. 100m gjekk unna på 12.74 og 400m på 65.43. Det var heller kjøleg og regnver under stemnet som innleia haustsesongen i friidrett.


Helge Hafsås til topps i Kongsvinger maraton også i år

Postet av Olden IL den 7. Aug 2007

Etter 2. plassar både på Jølster maraton og på Hornindalsvatnet maraton, tok Helge ein ny maratonsiger på Kongsvinger sist laurdag. Han forsvarte dermed sigeren sin frå i fjor.
Med tida 2.47.40 var han vel 4 min. føre nest beste løpar, Jan Halland, Statkraft.
Helge var eit stykke bak sin eigen løyperekord frå i fjor, men har hatt eit hardt konkurranseprogram i det siste. Han har så langt i 2007 allereie vunne 9 maratonløp.




Nasjonalt stemne i Hyen

Postet av Olden IL den 24. Jul 2007

Oldarane markerte seg på 3000m under det nasjonale stemnet i Hyen i forrige veke.

I heatet som kun bestod av veteranar var Helge Hafsås først over målstreken føre Joar Sunde.

klasse 40-44 år på tida 9.51. Joar Sunde vann klasse 35-39 år med 10.34.5. Joar Sunde deltok også i diskos der han vart nr. 2 etter tvillingbroren Ståle Sunde som representerer Oppstryn. Joar oppnådde 25.92 med 2 kg. diskos. I samband med dette er vi interesserte i opplysningar om kva som er lagsrekorden for Olden IL i diskos. Diskos har vel aldri vore noko stor øving i Olden IL.

Men har nokon kasta lenger enn det Joar Sunde gjorde i Hyen ?



Løps- og hoppkarusellen 2007

Postet av Olden IL den 24. Jul 2007

Stemnet som skulle vore arrangert i Førde 21 juli er flytta til onsdag 8. august kl. 18.00

Øvingar er : 100m, 400m, 1500m, 10.000m, lengde, høgde og tresteg.

Påmelding seinast 1/2 time før start.

For å oppnå premiering må ein delta i minst to rundar og ha delteke i minst 3 startar.



Info. frå friidrettsgruppa

Postet av Olden IL den 24. Jul 2007

  Treningane startar opp igjen onsdag 15. august kl. 18.00 på Alda stadion.

Det er for tida sommarferie, men det betyr ikkje at ein skal ligge på latsida. Ver fysisk aktive med ulike aktivitetar. Ein løpetur inn i mellom bør ein ta seg tid til. Fjellturar gjev og god trening både for friidrett og fotball.



Helge Hafsås nr. 2 på Jølster

Postet av Olden IL den 9. Jul 2007

Helge Hafsås greidde ikkje å ta sin 10. siger på Jølster maraton på laurdag. Den langt yngre Svein Ove Risa frå Undheim i Rogaland var først i mål på tida 2.39.04. Helge kom i mål på 2.44.35.

Dette er vel 14 min svakare enn vinnartida hans i fjor på 2.30.22. I den sterke varmen var det mange som sleit og kun 3 mann kom under 3 timar.
Svein Ove Risa er imidlertid ein svært god løpar som seinast i vår tok sølv i NM på maraton med tida 2.28.32. Det var såleis ikkje uventa at Hafsås denne gongen ville få svært tøff konkurranse.
Einar Strand deltok på halvmaraton og vart nr. 5 i klasse 50-54 år. Også han sprang på ei tid som var langt svakare enn normalt.
I 2008 er Jølster tildelt NM på maraton for junior, senior og veteran.

Hafsås sitt første maratontap i Norge på nesten to år

Vi kan legge til at Jølster maraton i år var Hafsås sitt første tap på eit norsk maratonløp på nesten to år. Ikkje sidan Oslo maraton 2 oktober 2005 har han hatt nokon føre seg i mål.
Før 2. plassen på laurdag hadde han gått til topps på 24 !!! norske maratonløp på rad. Ein fantastisk prestasjon som i det minste også må vere norsk rekord.
Når vi først er inne på statistikk, kan vi nemne at før Oslo maraton i 2005, hadde Helge vunne 14 maratonløp på rad. Denne sigersrekkja er no altså forbetra til 24 på rad.




Helge Hafsås heidra under Oldedagane

Postet av Olden IL den 3. Jul 2007

 Verdas mestvinnande maratonløpar, Helge Hafsås (Foto: Hans-Petter Galtung)

Olden idrettslag ved leiar Leiv Arne Egset og leiar i friidrettsgruppa, Hans-Petter Galtung, delte ut rosemåla fat og Olden-drakt til Helge Hafsås under Oldedagane.

Framfor eit stort publikum vart Helge heidra for sin maratonsiger nr. 100 i Ålesund 12 mai.

Egset sa mellom anna at Olden IL på denne måten ynskte  å heidre sin beste utøvar gjennom tidene.

Laurbærkransen frå Ålesund vil etter kvart bli brun i blada, derfor ville idrettslaget overlevere noko som står seg betre.

 

Bilder!

Helge fekk og overlevert fleire bilete frå løpet i Ålesund og dessutan ein fullstendig statistikk over sine lang-løpsprestasjonar opp gjennom tida.

Til stades var også ein annan maratonkonge, nemleg Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL som har gjennomført heile 309 maratonløp. Dette er solid norsk rekord.

 

Etter Ålesund har Helge vunne ytterlegare to maratonløp. Vi snakkar då om Hadeland maraton og Det norske fjellmaraton. På Hadeland sette han også ny løyperekord.

Så langt i 2007 har han allereie rukke å vinne 8 maratonløp og setje to nye løyperekordar.

Leiaren i friidrettsgruppa gjekk gjennom ein del av Hafsås si merittliste som m.a. inneheldt verdsrekord i tal maratonsigrar (102), verdsrekord på 50 km på tredemølle, norsk bestenotering på 100 km, 42 maratonløp på under 2.35, 83 løp på under 2.40, innehavar av minst 10 løyperekordar i norske maratonløp osv.

 

Hafsås si innstilling vart også trekt fram. Sjølv om han kunne teke det meir med ro og likevel vunne mange maratonløp, yter han alltid sitt beste. Her er det ikkje snakk om berre å trygge sigeren. Helge er elles kjent for sine uortodokse oppladningar som ofte inneber nattbuss til Bergen, Oslo eller Trondheim før maratonløp.

Han er også kjent for sine ofte knallharde opningar. Her fekk han ein liten korreks frå leiaren i friidrettsgruppa, som meinte at eit meir jamnt tempo oftast vil gje ei betre slutt-tid.

Helge er også trufast. Har han først stilt opp i eit eller anna maratonløp, held han fram med deltakinga. Mellom anna 12 sigrar i Hornindalsvatnet maraton og 10 sigrar på rad i Ålesund maraton ,skulle stadfeste dette.

 

Galtung trekte også fram den positive innstillinga Helge har til å stille opp for Olden IL ved å delta i stafettar, løpskarusell og lagsmeisterskap. Dette er viktig for dei yngre utøvarane. Fleire gongar har Helge stilt opp ved slike høve sjølv om han skulle stille til start på maratonløp dagen etter, eller har sprunge maraton dagen før.

 

På spørsmål om kor mange løp han har vunne totalt i karriera, svarte Hafsås at det måtte dreie eg om 3-400. Vi snakkar då om ultraløp, maratonløp, landevegsløp, terrengløp og baneløp. Har nokon tid til overs, er det berre å setje i gong med å finne ut av dette.

 

Helge var vidare usikker på om han ville stille opp i VM på 100 km i Nederland i september. Som vanleg var han usikker på forma og meinte han burde teste denne ut i eit par maratonløp først !

 

Olden IL har i dag fleire lovande friidrettsutøvarar som hevdar seg på nasjonalt nivå. Hafsås sine råd for kva som skal til for å bli verkeleg god var klare : trening, trening og atter trening + ein porsjon tålmodighet.

 

Helge si neste oppgåve er Jølster maraton til helga. Dette løpet har han allereie vunne 9 gongar. Kan han ta sin 10. siger på Jølster laurdag 7.  juli ?

Sjå også reportasje på www.kondis.no



Sparebankleikane på Byrkjelo

Postet av Olden IL den 3. Jul 2007

To frå Olden var tekne ut til å representere Sogn og Fjordane i den innlagde krinskampen mot Hordaland. Det var Anders Muri og Sondre Guddal Muri. I fjor enda det heile uavgjort, men i år vart Hordaland for sterke og vann med 173 mot 141 poeng.

Denne helga vart det mange 3. plassar på oldarane. Sondre Guddal Muri kasta opp mot sitt beste i spyd og vart nr. 3 med resulatet 38.14. Han debuterte på 800m med den gode tida tida 2.19.68. Dette heldt også til ein fin 3. plass.

Anders Muri var ikkje heilt heldig med starten på 60m og måtte denne gongen ta til takke med ein 3.plass på tida 8.04. Tredje plass vart det også på Anders i lengde med 5.22. Han er nok ikkje heilt fornøgd med desse resulatata, men kjenner vi han rett kjem han nok sterkare igjen til hausten.

Den tredje 14-åringen får Olden som deltok på Byrkjelo var Knut Alsaker. Han viste igjen fin framgang og persa seg i 3 øvingar : spyd, 60m og lengde. Sitt beste resultat, i følgje Tyrving-tabella, oppnådde han i lengde med 4.49.

I klasse 13 år deltok Janne Alsaker på 60m. Ho presterte opp mot sitt beste utan at det vart pers. denne gongen.

 

No kan friidrettsutøvarane våre ta seg ein velfortent sommarferie (konkurranseferie, ikkje treningsferie) etter ein fantastisk flott sesong så langt både når det gjeld innandørsstevne, stafettar og banestemne.

Vi har vist at vi kan hevde oss på nasjonalt nivå til tross for dårlege treningstilhøve.

Kva vi kunne fått til med eit friidrettsanlegg i bygda, kan vi berre tenkje oss.



Sparebankleikane på Byrkjelo til helga

Postet av Olden IL den 26. Jun 2007

Laurdag og søndag vert dei tradisjonelle Sparebankleikane arrangert på Byrkjelo. Her er det klassar frå 10 år og oppover. Når det gjeld øvingsutval m.m. viser vi til innbydinga. Dessverre kolliderer arrangementet med Oldedagane, men vi reknar med at nokre utøvarar frå Olden likevel vil stille til start. Påmelding til Hans-Petter seinast om kvelden onsdag 27. juni.
Anders Muri er teken ut på krinslaget til Sogn og Fjordane som skal møte Hordaland i interkrinskamp under Sparebankleikane. Han er utteken på 60m, på 800m og i lengde.
I fjor vart det ein svært jamn kamp mellom to av dei aller sterkaste friidrettskrinsane i landet. Det heile enda til slutt uavgjort etter ei svært spennande avslutning på 800m.


Anders Muri nr. 2 på 60m på Lillehammer

Postet av Olden IL den 24. Jun 2007

 Anders Muri  og Sondre Guddal på Stampesletta Muri (Foto:Halvard Muri)

Anders Muri  og Sondre Guddal Muri på Stampesletta (Foto:Halvard Muri)

Anders Muri bekrefta sin posisjon som ein av norges aller beste friidrettsutøvarar i klasse 14 år under Veidekke-leikane på Lillehammer.
   

  Han kom til finalen i alle dei 3 øvingane han deltok i. Aller best gjekk det på 60m der han tok ein svært sterk 2 plass på tida 7.75 i svak medvind (+0,4). Vinnar vart Øystein K. Rødsjø, Byåsen IL med 7.66. Anders hadde og den nest beste tida i forsøksheata. Han vann sitt heat på 7.77 (+0,5). Den gamle persen var på 7,89 frå DM sist helg.

På søndag følgde Anders opp med 4 plass på 100m. Han sette klar ny pers i forsøket med 12.34 (+1,0). I finalen vart tida 12.57 i svak motvind (-0,6). Også her var det Rødsjø som var den sterkaste på 12.07

I lengde vart resultatet 5.39. Dette heldt til 5. plass og var kun 1 cm bak personleg rekord. Vinnaren, Filip Hjorth frå Sverige, hadde 5.83.

Sondre Guddal Muri var den andre oldaren som deltok på Lillehammer. Dessverre vart han sjuk og fekk berre med seg øvingane på søndag. I lengde vart han nr. 17 av 32 deltakarar med resultatet 4.85. Tida 13.79 på 100m heldt til ein 18. plass av 29 deltakarar. Mest synd var det at Sondre ikkje kunne stille opp i favorittøvinga si, spyd. Hadde han kasta rundt sitt vanlege nivå, ville det helde til 4.plass.

 

 

Veidekke-leikane (tidlegare G-sport leikane) er eit av dei verkeleg store friidrettsstemna i Norge. Her deltek stort sett alle dei beste, men samstundes er det ei massemønstring av deltakarar på ulike nivå. I år deltok 1476 utøvarar i 4721 startar.

 

 

Resultater

 



DM på Byrkjelo - 15 medaljar til Olden

Postet av Olden IL den 19. Jun 2007

(Foto:Hans-Petter Galtung)

( Bronse-jentene på 4x60m stafett 11-14 år :Frå v. Janne Alsaker, Nadia Kvamme Alim, Terese A. Tenden og Andrea Guddal Muri) 

Distriktsmeisterskapen for Nordfjord og Sunnfjord vart avvikla under svært gode tilhøve på Byrkjelo stadion søndag 17. juni. Oldarane fekk i alt 15 medaljar, derav 5 gull. Anders Muri og Sondre Guddal Muri imponerte med fleire sterke resultat. Men også dei andre oldarane gjorde ein flott innsats med mange personlege bestenoteringar.

 

Anders Muri tok 3 gull i klasse 14 år. På 60m vann han suverent på den sterke tida 7.89 i svak motvind. Siger vart det også i lengde, også her på ny pers. med gode 5.40m. Med ei svært sterk avslutning var Anders og først i mål på 600m. I tillegg avgjorde han stafetten til Olden sin fordel med ein sterk siste etappe.

Sondre Guddal Muri viste og solid form. Han vann kule og tok sølv både i spyd, på 60m og på 600m. I spyd kasta han heile 38,62 og var med det berre knappe 2m bak Jens Christian Andenes frå Fjellhug/Vereide. På 600m var Sondre berre 5/10 sek. bak Anders. Vidare mangla han kun 2 cm på å passere 5m-grensa i lengde for første gong.

(Gull til Olden på 4x60m stafett 11-14 år :Frå v. Asgeir Flåten, Sondre Guddal Muri, Anders Egset og Anders Muri)

    Til helga stiller Anders og Sondre til start på Veidekke-leikane på Lillehammer. Dette er eit storstemne der dei vil møte mange av dei beste 14-åringane i landet. Vi ynskjer dei lukke til i den harde konkurransen.    

 

Olden tok elles ein klar siger på 4x60m stafett 11-14 år, 1,3 sek føre Oppstryn. Tida 34,62 var nesten 4/10 sek. betre enn i fjor då Olden også vann.

Med på laget var Sondre Guddal Muri, Asgeir Flåten, Anders Egset og Anders Muri.

 

Svært gledeleg var det at Olden denne gongen også greidde å stille jentelag på 4x60m stafett. Janne Alsaker, Andrea Guddal Muri, Terese A.Tenden og Nadia Kvamme Alim sprang her inn til bronsemedalje.

 

Her er Olden sine individuelle medaljevinnarar :

 

Andrea Guddal Muri (12) : Bronse i høgde og liten ball.

 

Terese A. Tenden (13) : Sølv på 600m.

 

Asgeir Flåten (12) : Bronse på 600m og i lengde.

 

Erik Sunde (12) : Bronse i kule

 

Sondre Guddal Muri (14) : Gull i kule, sølv i spyd, på 60m og på 600m

 

Anders Muri (14) : Gull på 60m, 600m og i lengde

 

På DNB-Nor-leikane deltok Rasmus Skarstein. Han gjorde det best i liten ball der han oppnådde det lengste kastet blant 10-åringane.

 

Sjå elles resultatlista !

 

Bilder!



DM friidrett 11-18 år/Regionsleikar 9-12 år

Postet av Olden IL den 12. Jun 2007

Distriktsmeisterskapen (Nordfjordmeisterskapen) i friidrett for 11-18 år vert arrangert på Byrkjelo søndag 17. juni kl. 12.00. Dette er eit fellesarrangement med DM i Sunnfjord.

Påmelding til Hans-Petter seinast torsdag 14. juni. Tlf. 41530792

Det vert samstundes arrangert regionsleikar for aldersgruppa 9-12 år, men ingen yngre enn dei som er fødde i 1998 kan delta her.

På DM er det og 4x60m stafett for 11-14 år med samla alder ikkje over 51 år. Her håpar Olden å kunne stille med minst to lag.

For meir informasjon og øvingsutval sjå eiga innbyding.

Påmelding til Hans-Petter seinast torsdag 14. juni. Tlf. 41530792

Dei som ynskjer å prøve seg på eit banestemne før sommarferien, må  benytte sjansen no !

For dei yngste (9-10 år) kolliderer dette stemnet dessverre med fotballturnering. Dette p.g.a. at stemnet er blitt utsett frå 3. juni.



Varme Førdeleikar

Postet av Olden IL den 12. Jun 2007

Det var over 30 grader under Førdeleikane på "nye" Førde stadion på søndag.

Utøvarane våre leverte og resultat som varma godt.

Sondre Guddal Muri (14) fekk bestemannspremie for beste kastresultat i guteklassane. Han oppnådde gode 37.56 med 600 gr. spyd.

Anders Muri (14) var suveren både på 60m og i lengde. På 60m kom han for første gong under den magiske 8.00-grensa med elektronisk tidtaking.Tida 7.93 er foreløpig den nest beste tida som er oppnådd av ein 14-åring i Norge i år. Resultatet 5.36 i lengde var og klar personleg rekord utandørs.

Sondre Guddal Muri sette i tillegg til i spyd også personlege rekordar i lengde (4.83) og på 60m (8.59). Knut Alsaker vart nr. 3 i lengde og sikra dermed 3-dobbel siger til Olden i denne øvinga. Knut vart og nr. 2 i spyd og persa seg på 60m.

 

I alt deltok 8 utøvarar frå Olden på Førdeleikane i år.

Asgeir Flåten (12) vart nr. 2 på 600m, nr. 3 i høgde og nr. 7 av 16 deltakarar på 60m.

I jenter 13 år viste både Janne Alsaker og Terese Tenden framgang, sjølv om det ikkje vart premieplass denne gongen. Steven Solheim og Sondre L. Galtung (9) deltok på 60m, lengde og liten ball klasse 10 år.

 

Friidretten i Olden er altså i stadig framgang. 14-åringane våre leverer stadig resultat heilt i norgestoppen. Vi håpar at fleire av dei som var "heimestitjarar" under Førdeleikane vil delta på DM på Byrkjelo søndag 17. juni. Det kan vere greitt å ha prøvd seg i eit banestemne før sommarferien.

 

Det aller beste resultatet i Førde oppnådde Ørjan Midthjell (15) frå Fjellhug/Vereide. Han sprang 200m på 23.55. Dette er den beste tida som nokon gong er oppnådd av ein 15-åring frå Sogn og Fjordane.

 

Resultatene

 

Bestemannspremiane vart slik:

Beste gut løp:  Robert Løtuft  G15 Breimsbygda IL Høgde  1,73  951p

Beste gut hopp:  Ørjan Midthjell  G15 Fjellhug/Vereide IL 200m 23,55 1058p

Beste gut kast:  Sondre Guddal Muri G15 Olden IL  Spyd 37,56  831p

Beste jente løp:  Karoline U. Hove J16 Florø TIF  200m 27,09  946p

Beste jente hopp: Gunnvor L. Feidje J15 Florø TIF  3steg 10,55  983p

Beste jente kast: Siv Anita Myklebust J14 Førde IL Friidrett kule 10,67  976p

Arne Fiskerstrand,

Stemneskrivar

Førde IL Friidrett



Betaling av medlemskontigent til Olden IL

Postet av Olden IL den 8. Jun 2007

Har du betalt medlemskontigenten din ?

Alle som er med og trener i idrettslagets grupper må betale medlemsskap til idrettslaget.

For medlemmene er dette viktig fordi medlemskapet inkluderer blant annet minimumsforsikringfor barn under 13 år igjennom Norges idrettsforbund.                       

Barn under 16 år    kr. 100,-
Støttemedlem   kr. 150,-
Vaksne 16 år +  kr. 200,-
Familie  kr. 300,-

Kontonummer til Olden idrettslag er: 3770.20.32211



Helge Hafsås utteken til VM på 100 km i Nederland

Postet av Olden IL den 6. Jun 2007

  Helge er uteken til å representere Norge i VM (med innlagt EM) på 100km i Winschoten i Nederland 8. sept.

Norge kan ha med 6 deltakarar. Tre av desse vil telje i den innlagde lagkonkurransen.

 

Helge har som kjent den offisielle norske bestenoteringa på 100 km, ei tid som i fjor heldt til ein 16 plass på verdsstatistikken.

Vi trur Helge har potensiale til å presse denne tida ein god del ned. Ei plassering blant dei 10 beste i VM (endå høgare i EM) burde vere realistisk.

Ein reknar med at dei beste på 100 km i Europa og i verda vil stå på startstreken

i Nederland.



Førde-leikane søndag 10 juni

Postet av Olden IL den 4. Jun 2007

Det er no klart at DM for Nordfjord vert utsett til hausten, men komande søndag er det klart for dei årvisse Førdeleikane. Det er no lagt nytt kunststoffdekke på Førde stadion, så alt skulle ligge til rette for eit godt stemne.

Stemnet er opent for utøvarar i alderen 10-22 år.For øvingar sjå innbydinga !

Påmelding til Hans-Petter seinast onsdag 6 juni.

Elles har 6 av 13-14åringane våre allereie prøvd seg på bane. 3 jenter og 3 gutar deltok på løps-og hoppkarusellen på Byrkjelo sist onsdag. Øvingane var 100m, 400m, høgde og lengde. Deltakarane våre fekk prøve seg på litt uvante distansar og sette fleire personlege rekordar. Anders Muri sprang ein god 100m, men tekniske problem gjorde at han ikkje fekk notert tid.



Helge vann også Det Norske Fjellmaraton

Postet av Olden IL den 3. Jun 2007

Helge Hafsås kunne laurdag 2. juni innkassere sin 3. siger på rad og sin 4. totalt på Det Norske Fjellmaraton. Dermed er han allereie oppe i utrulege 8 sigrar på maratondistansen så langt i 2007.

Det Norske Fjellmaraton vert karakterisert som eit av norges tøffaste maratonløp. Starten går på Besstrond vel 900 m.o.h. Halvmaraton vert passert på toppen av Valdresflya, 1400 m.o.h. Deretter er det unnabakke ned til Bygdin før ei ny tøff stigning opp til Båtskaret. På slutten er det unnabakke ned til målgang på Beitostølen vel 900 m.o.h.

Denne gongen møtte Helge tøffare motstand enn på lenge. Ein av norges aller beste uthaldsutøvarar, Kristen Aaby, heldt følgje svært lenge. Helge vann spurtprisen på toppen av Valdresflya, men deretter fekk Aaby igjen kontakt. Først i stigningane opp mot Båtskaret klarte Helge å rykke i frå. I mål var differansen knapt 3 min i Helge sin favør. Tida vart 2.43.47. Aaby som spring i klassa 45-49 år, har vunne løpet fleire gongar tidlegare.

Det var fine tilhøve under arrangementet, men svak motvind stort sett heile vegen.

På halvmaraton, som går frå toppen av Valdresflya til Beitostølen, deltok Einar Strand frå Olden. Vi har foreløpig ikkje fått den offisielle tida hans.



Helge Hafsås med ny løyperekord på Hadeland maraton

Postet av Olden IL den 27. Mai 2007

    Helge kviler ikkje på sine laurbær. Laurdag 26 mai tok han sin maratonsiger nr. 101 på Hadeland maraton. Med tida 2.38.57 forbetra han løyperekorden frå 1997 med 1.37 min. Løypa på Hadeland er ikkje av dei lettaste. Starten går på 190 m.o.h. Løypas høgaste punkt ligg på 310 m.o.h.

Dette var Helge sin debut i dette løpet som gjekk under fine forhold.



Ny sterk stafettinnsats av gutane

Postet av Olden IL den 21. Mai 2007

På Naustdalsstafetten 20 mai vart det for 3. gong i år duell mellom Olden og Førde.

Denne gongen vart Førde-gutane for sterke, men likevel flott innsats av oldarane som tok ein klar 2. plass berre knapt 2 sek. bak  vinnarlaget frå Førde.

Olden stilte med følgjande lag : Anders Egset (11), Rasmus Skarstein (10), Are Tenden (11), Sondre Guddal Muri (14), Knut Alsaker (14) og Anders Muri (14).

Førde leia stafetten frå start til mål og som venta vart Olden liggande eit stykke bak, sidan vi i motsetning til Førde hadde valt å køyre alle dei yngste på dei 3 første etappane. Ved siste veksling var Olden på ein delt 3. plass, ca. 60-70m bak Førde.

Anders Muri leverte ein kjempe-etappe, distanserte dei andre laga kraftig og greidde nesten å ta igjen Førde på dei 450 meterane inne på bana. Vi trur faktisk han kunne greidd det dersom etappen hadde vore 50m lenger. Men alt i alt ein velfortent siger til Førde-gutane som dermed fekk revansj for Breimstafetten.

På dei neste plassane følgde Florø og Tambarskjelvar. I alt deltok 12 lag i guteklassen.

Blant jentene var Florø raskast føre Jølster og Tambarskjelvar. Jølster tok ein ny siger i herrer senior føre Florø. I veteranklassa kopierte Florø sigeren frå Breim. Olden stilte ikkje veteran-lag denne gongen. Blant damane vann Florø knapt føre Gloppen og Vik.

Naustdalstafetten er ein tradisjonsrik stafett som vart starta same året som Oldestafetten i 1955. Den vart lagt ned i 1996, men starta opp igjen i 2005 i samband med Tambarskjelvar IL sitt 100-årsjubileum. Etter deltakinga å dømme er stafetten liv laga.

Dette var siste terrengstafetten for Olden i år. Særleg gutelaget har levert ein fantastisk stafett-sesong med ein 1. plass og to 2. plassar. Veteranane har ein 1. plass og ein 2. plass.

No står banesesongen for døra. Første større stemne vert DM på Byrkljelo 3. juni.



God deltaking i "Jakobsprinten"

Postet av Olden IL den 21. Mai 2007

Den tradisjonelle "Jakobsprinten" vart avvikla på Tungøyane i Oldedalen onsdag 23 mai. Heile 29 stilte opp i regnveret. Dette var 3. og siste løpet i løpskarusellen 2007. Jakob R. Aaberg hadde som vanleg laga til fine terrengløyper. Sjølv om tilhøva var langt tyngre enn i fjor, hadde så og seie alle stor framgang tidsmessig.

Det vert premieutdeling på avslutningsfesten til Olden IL ut på hausten.

Resultatlista er sett opp alfabetisk for alle klassar t.o.m. 12 år

Kort løype

G6

Svein Jarle Mykløen 1.55

G7

Olav Egset 1.30

G8

Jens August Guddal Muri 1.24

G9

Sondre L. Galtung 1.26

Asgeir Mykløen 1.44

Stig Daniel Mykløen 1.25

Mellomlang løype

J10

Jenny Vangberg Solstad 2.44

G10

Bendik Kvamme 2.35

Lars Marius Gjertsen Kveen 2.31

Andreas Løken 2.28

Rasmus Skarstein 2.23

Steven Solheim 2.40

J11

Viviane Mate 2.49

Adele Solheim 2.54

Lina Vangberg Solstad 2.58

G11

Anders Egset 2.11

Are Tenden 2.15

J12

Kristine Eide 2.34

Andrea Guddal Muri 2.35

G12

Asgeir Flåten 2.10

Erik Sunde 2.33

J13

Terese Tenden 2.28

Nadia Kvamme Alim 2.32

J15

Lillian Eide 2.24

Lang løype

G14

Anders Muri 2.22

Sondre Guddal Muri 2.23

Knut Alsaker 2.28

Harald Andre L. Galtung 2.48

VET. 35-39 år

Joar Sunde 2.15



God deltaking i 2. løpet i løpskarusellen

Postet av Olden IL den 16. Mai 2007

Løp nr. 2 i løpskarusellen 2007 vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule fredag 11. mai.  alt 28 i alderen 6-14 år stilte opp. Dette var 5 fleire enn sist. Tidene vart noko svakare denne gongen m.a. p.g.a. ei mindre omlegging av løypa.

14-åringane som skulle spele fotballkamp same kveld sprang eit såkalla 0-løp. Her galdt det å springe to rundar så likt som mogleg utan å bruke klokke. Og fotballkampen ? Loen/Olden slo Vikane 9-0 på Loen stadion.

Elles var det svært gledeleg at også Oldedalen var representert med 3 deltakarar på dette løpet. Neste og siste løp er "Jakobsprinten" 23 mai. Då håpar vi på endå fleire deltakarar, særleg frå Oldedalen.

Sjå resultatliste!



Stor dag for Helge Hafsås og Olden IL i Ålesund

Postet av Olden IL den 12. Mai 2007

Som venta hadde Helge ingen problem med å sikre seg sin maratonsiger nr. 100 i Ålesund laurdag 12 mai. Med tida 2.32.30 sette han også klar årsbeste og tok sin 10 siger på rad i Ålesund maraton og sin 6 maratonsiger for året.

Helge opna som vanleg hardt og passerte halvmaraton på sterke 1.12.55. Dette var kun 16 sek. bak vinnaren av halvmaratondistansen, Leif Sægrov frå Molde Olymp.

Desse to heldt stort sett følgje heile første runden av løpet, men siste halvmaratonen sprang Helge som han har for vane, i einsam majestet. Sjølv om det gjekk noko tyngre på slutten, særleg i motvinden dei siste 10 km, fullførde Helge i fin stil og oppnådde ei tid som var eit jubileumsløp verdig.

Nr. 2 i løpet vart Bjørn Gjerde, BUL på tida 3.04.17

Siste 50 meterane sprang Helge med laurbærkrans og norsk flagg. Vel i mål kunne han setje seg godt til rette i hovudpremien, ein flott kontorstol, og bli servert jubileumskake av arrangøren. Bløtkaka sparte nok Helge til seinare - kanskje ikkje akkurat den kosten som smakar best rett etter eit hardt maratonløp.

Nokre oldarar hadde funne vegen til Ålesund og kunne heie Helge (som sjølvsagt hadde fått tildelt startnr. 100) fram til siger nr. 100.

Olden IL gratulerer Helge med det historiske løpet og den fantastiske prestasjonen dette er.

Einar Strand var den andre oldaren som deltok i løpet. P.g.a. husbyggjing, har han trent mindre i år, men oppnådde likevel ein 2. plass på halvmaraton i klasse 50-54 år med tida 1.34.10

På heilmaraton deltok også to andre maratonkongar. Inge Asbjørn Haugen, Hornindal gjennomførde sitt maratonløp nr. 306 og forbetra dermed sin eigen norske rekord i antal løp. Bjørn Gjerde som er den nordmannen som har sprunge nest flest maratonløp sprang denne gongen sitt 282 løp. Gjerde er og den norske løparen som har sprunge flest maratonløp på under 3 timar.

Neste maratonløp for Helge vert Det norske fjellmaraton som går over Valdresflya 2. juni.

Men dette vert vel for lenge å vente for den konkurranseglade sambygdingen vår, så han sper nok på med andre, kortare løp før den tid.

Elles var både aviser og NRK godt representert på løpet. Følg med ! Det kjem nok innslag i det minste på Vestlandsrevyen.

Reportasje fra Kondis.no

Mer stoff om Helge finner du her

NRK skriver



Plan for trening og konkurransar i friidrett i mai og juni.

Postet av Olden IL den 11. Mai 2007

Det vert trening kvar onsdag framover.

Du finn planen her !

FRIIDRETT MAI-JUNI -07

Fullstendig terminliste : sjå www.sffik.no

Følg også med på heimesida til Olden IL : http://idrett.speaker.no/il/olden

Onsdag 9/5 18.00

Trening Alda stadion

Fredag 11/5 18.00

2 løp i løpskarusellen, Olden skule

Påmelding ved start

Laurdag 12/5 12.00

Ålesund maraton, Moa

M.siger nr. 100 til Helge ?

Onsdag 16/5 18.00

Trening Alda stadion

Søndag 20/5 13.00

Naustdalstafetten

Vi stiller med eit gutelag ?

6 etappar, samla alder 75 år. Olden : 3x14 år + 3x11 år.

Onsdag 23/5 18.30

”Jakobsprinten” 3 og siste løp i løpskarusellen på Tungøyane i Oldedalen. Grilling etter løpet ?

For transport frammøte på Ica kl. 17.30

Påmelding ved start.

Fredag 25/5 18.00

Trening Alda stadion ?

Eventuelt på Byrkjelo

Endeleg informasjon seinare.

Onsdag 30/5 18.00

Trening Alda stadion ?

Eventuelt på Byrkjelo der det er hopp- og løpskarusell kl. 18.00

Endeleg informasjon seinare

Søndag 3/6

Byrkjelo :

DM 11-18 år for Nordfjord -

Regionsleikar 9-12 år : 60m, lengde,liten ball, 4x60m stafett

DM : Vanleg øvingsprogram

4 x 60m stafett 11-14 år

Max. Alder 51 år

Olden : 14+14+12+11 =51 år

Kanskje kan vi stille 2 lag og kanskje også jentelag.

Onsdag 6/6 18.00

Trening Alda stadion

Onsdag 13/6 18.00

Trening Alda stadion, evt. Byrkjelo

Endeleg info. Seinare.

Onsdag 20/6 18.00

Trening Alda stadion

Torsd. 21/6 : 17.00

Fred. 22/6 : 16.00

Laurd 23/6 : 10.00

Sønd. 24/6 : 10.00

Veidekke-leikane Lillehammer,

Klassar for 10 år – senior

(tidlegare G-sport leikane)

Påmeldingsfrist 1 juni.

Onsdag 27/6

Trening Alda stadion

Siste før ferien.

Laurdag 30/6 –

Søndag 1/7

Sparebankleikane på Byrkjelo

Nasjonalt stemne, klassar frå 10 år

Krinskamp mot Hordaland

13-14 år.

Når stafettsesongen er over vil det bli meir fokus på spyd, liten ball, kule og lengde og evt. høgde dersom vi reiser til Byrkjelo eller Innvik.Vi vil prøve å få til eit par treningar på skikkeleg bane (Byrkjelo) før distriktsmeisterskapen 3 juni og evt. også seinare.

Friidrettsgruppa i Olden IL Trenarar : Roar, Sigrid, Joar og Hans-Petter



Løpskarusellen 2007 held fram

Postet av Olden IL den 8. Mai 2007

Løp. nr 2 :  Fredag 11 mai kl. 18.00, joggeløypa ved Olden skule

Sjå eiga innbyding

Løp nr. 3 :  Onsdag 23 mai kl. 18.30 "Jakobsprinten" på Tungøyane i Oldedalen

                 Nærare informasjon om  dette avslutningsløpet seinare.



Dramatisk då Olden-gutane vann Breimstafetten

Postet av Olden IL den 6. Mai 2007

For første gong har eit gutelag frå Olden vunne Breimstafetten, men det skjedde ikkje utan dramatikk.

Se bilder!

Som på Oldestafetten fekk vi eit rivande spurtoppgjer på siste etappe mellom Sondre Guddal Muri, Olden og Torstein Frøholm,Førde. Men denne gongen var det Førde som var sterkast i spurten. Dessverre viste det seg at Førde hadde kutta siste svingen (sprunge klart innafor markeringa) før oppløpssida.

Sidan sigersmarginen var så liten og Førde hadde fått fordel av å kutte svingen, valde Olden å legge inn protest. (Fleire vitner meinte at det var nettopp kuttinga av svingen som avgjorde stafetten) Protesten vart teken til følgje sidan hendingsforløpet også kunne dokumenterast på video.

Dermed kunne Olden omsider utropast som vinnar, medan Førde fekk behalde 2. plassen.

Vi gratulerer Knut Alsaker, Asgeir Flåten, Rasmus Skarstein, Andreas Løken, Anders Muri, Anders Egset, Ole Myklebust og Sondre Guddal Muri med strålande innsats.

Veteranane våre som har vunne dei 4 siste åra, måtte denne gongen ta til takke med 2.plassen. Avstanden til vinnarlaget Florø vart til slutt på 11. sek. Olden si tid var 5 sek svakare enn i fjor.

På første etappe fekk Helge Hafsås ein svært dårleg start på då ei dame gjekk over ende rett framfor han. Men avstanden til Florø var så pass stor at vi ikkje trur at dette uhellet fekk følgjer for sluttresultatet.

Dei andre på veteranlaget var Asbjørn Gjerde, Joar Sunde, Roar Alsaker, Osvald Olsen og Einar Strand.

Litt meir om gutestafetten : Knut Alsaker leverte ein kjempegod 1 etappe og veksla først. På dei neste etappane tapte vi noko terreng og var nede på 6-7 plass(stilte m.a.her med to 10-åringar). Men dei svært unge løparane våre sprang likevel så godt at vi framleis hang med i kampen om sigeren.

På 5 etappe sprang Anders Muri inn mykje av forspranget. Anders Egset klarte seg godt på 6 etappe og veksla som nr. 4. På 7 etappe sprang Ole Myklebust Olden heilt opp i teten. Dermed var det duka for ein skikkeleg duell på den siste etappen inne på Reed stadion. Sondre leia til det gjenstod ca. 50m før Førde pressa seg såvidt forbi. Men som nemnt innleiingsvis enda det heile protest og "delevis" disk av Førde.

Resultatliste, Breimstafetten 2007-05-6

Vinnar av defileringsprisen: Florø T&IF

Kraftprøva Menn:

1. Stein Erik Gram Førde IL

Kraftprøva Kvinner:

1. Kristina Hjohlman Reed Fjellhug/Vereide IL

Gutar:

1. Olden IL 8.50.3

2. Førde IL 8.50.4

3. Florø T&IF 9.03.3

4. Vik IL 9.07.5

5. Fjellhug/Vereide IL 9.13.4

6. IL Brodd 9.23.0

7. Sandane T&IL 9.45.7

8. Hyen IL 10.18.1

9. Breimsbygda IL 10.33.4

Jenter:

1. Florø T&IF 9.24.5

2. Førde IL 1 9.34.7

3. Jølster IL 9.45.3

4. Fjellhug/Vereide IL 1 10.01.2

5. Eid IL 10.09.3

6. Førde IL 2 10.12.7

7. Vik IL 10.13.2

8. Sandane T&IL 10.15.7

9. Hyen IL 10.22.4

10. Breimsbygda IL 10.34.2

Opa klasse:

1. Eid IL 6.48.9

2. Breimsbygda IL 6.50.5

3. Eidsfossen Sykkel 6.51.0

4. Fitje Jaktlag 6.51.9

Damer:

1. GFIL Fjellhug/Vereide 6.48.3

2. GFIL STIL 6.58.1

3. Florø T&IF 7.08.1

4. Førde IL 7.31.2

Herre Veteran:

1. Florø T&IF 7.26.4

2. Olden IL 7.37.3

3. GFIL 7.44.5

4. Eid IL 8.11.7

5. Eidsfossen Sykkel 8.12.2

Herre Superveteran

1. Jølster IL 7.50.7

2. GFIL 8.11.3

Herrar:

1. Jølster IL 23.27.4

2. GFIL Fjellhug/Vereide 23.39.6

3. GFIL Hyen 24.18.1

4. GFIL Brodd/BBIL 24.27.7

5. Florø T&IF 25.46.9



Norgesstatistikken innandørs 2007

Postet av Olden IL den 4. Mai 2007

Tre utøvarar frå Olden har gode nok resultat til å kome med på denne statistikken som vert utarbeidd frå klasse 13 år og oppover.

Igjen er det 14-åringane våre som imponerer mest med m.a. 3 noteringar som er inne blant topp 3 på statistikken

Anders Muri er nr. 2 i Norge i stille lengde. Med resultatet 2.60 mangla han berre 1 cm på å toppe lista. Jens Christian Andenæs frå Fjellhug/Vereide har nemleg oppnådd 2.61. Vidare er Anders nr. 3 i lengde med tilløp med 5.47, nr. 7 på 60m med 8,05, nr. 9 i høgde u/tilløp med 1.20, nr. 20 i høgde m/tilløp med 1.40 og nr. 22 i kule (4 kg) med 8,78.

Ole Myklebust er nr. 3 i høgde u/tilløp med 1.26, kun 4 cm frå toppen av lista. Han er elles nr. 19 i lengde u/tilløp med resultatet 2.37

Sondre Guddal Muri er nr. 16 i høgde m/tilløp med 1.45, nr. 19 i kule (4kg) med 8.93, nr. 22 i lengde u/tilløp med 2.31 og nr. 27 i lengde m/tilløp med 4.80



Breimstafetten søndag 6 mai

Postet av Olden IL den 4. Mai 2007

Olden stiller med veteranlag og gutelag. Spørsmålet er om laga  greier å følgje opp suksessen frå Oldestafetten.

Veteranane kan faktisk ta sin 5 siger på rad på Breim.

Når det gjeld gutane kan vi med fullt lag og full klaff på etappane, truleg vere med å hevde oss heilt i teten. Ei plassering blant dei 3 beste er iallefall godt innan rekkevidde.

Dette er siste året at dei sterke 14-åringane våre har høve til å delta på Breimstafetten så vi håpar på ei god plassering. Uansett bør det bli ein spennande stafettdag på Reed.



MARATONSEIER NR. 100 TIL HELGE HAFSÅS ?

Postet av Olden IL den 4. Mai 2007

Helge Hafsås kan skrive idrettshistorie i Ålesund laurdag 12. mai.

Oldarar !!! ta turen til Ålesund neste laurdag og ver vitne til at Helge tek sin maratonsiger nr. 100.

Helge fortenar all mogleg støtte i dette løpet.

Vil med dette oppfordre dykk til å ta ein tur til Ålesund laurdag 12 mai og følgje Helge Hafsås sitt forsøk på å ta sin maratonsiger nr. 100.

No har Helge reist land og strand rundt og vunne maratonløp i 13 år, veldig ofte heilt åleine. Svært ofte har han reist med buss natt til løpsdagen.

Nesten alltid har han sprunge utan noko form for støtteapparat frå Olden IL eller utan oldarar som har heia på han.

I Ålesund kan han skrive idrettshistorie. Kva er då meir naturleg enn at han denne gongen får støtte frå idrettslaget og frå bygda? Beste måten å setje pris på Helge sine store prestasjonar er å stille opp i Ålesund. Løpet startar på Moa kl. 12.00

(Olden IL har allereie sett i gong noko ekstra i høve denne hendinga)

Sjå meir info. i vedlegget !

Sjå pressemelding som er sendt både til lokale media og til riksmedia

Maratonsigrar fordelt på arragement pr.05.05.07

Hans-Petter



Oldestafetten 2007

Postet av Olden IL den 29. Apr 2007

Oldestafetten vart avvikla i eit fantastisk vårver søndag 29 april. Medrekna dei 6 laga i ministafetten var i alt 36 lag i aksjon i løypene.

Jølster imponerte også i år ved å vinne 3 klassar, gutar, jenter og senior herrer. Jølstra-gutane vann faktisk for 9. året på rad og sletta sin eigen løyperekord frå 2005 med 4/10 sek.

Men Olden var og med å setje sitt preg på stafetten. Særleg vart vi imponerte av gutane våre. 1 laget (Anders Muri, Asgeir Flåten, Johnny Myklebust, Anders Egset og Sondre Muri) vart nr. 2 på den svært gode tida 5.59.0. I den noverande løypa (brukt frå 2000) er det kun Jølster som har notert betre tid. Fjellhug/Vereide oppnådde elles også 5.59.0 i 2005.

Resultater Bilder

Kanskje er det nettopp Olden som kan hindre Jølster sitt gutelag i å ta sin 10 siger på rad i 2008 ?

Olden 2 (Ole Myklebust, Harald Andre Galtung, Knut Alsaker, Kristian L. Gjerde og Are Tenden) sprang og veldig bra og vart nr. 5 av dei 11 startande laga.Tida 6.32 er den desidert beste Olden 2 nokon gong har oppnådd. Dette lovar svært godt framfor Breimstafetten komande søndag, ein stafett som går over 8 etappar.

Veteranane våre ( Joar Sunde, Roar Alsaker, Helge Hafsås, Einar Strand og Asbjørn Gjerde) tok sin 3 siger på rad og sikra seg dermed sin 2. vandrepokal til odel og eige.

Dette var Olden sin 6 siger i veteranklassa. Totalt sett er Olden no oppe i 12 topp-plasseringar i vår eigen stafett, 6 i veteran, 3 i senior og 3 i guteklassa.

Asbjørn Gjerde sprang i år sin 37. Oldestafett på rad. Han har vore med å vinne Oldestafetten heile 10 gongar. Ein imponerande prestasjon.

Jentelaget vårt ( Terese Tenden, Kristine Eide, Lillian Eide, Andrea Guddal Muri og Janne Alsaker) vart i år nr. 6 av 8 lag. Tida 7.41 var klart betre enn dei to siste åra, så også her er det framgang å spore.

Nytt av året var ei såkalla open klasse. Her stilte 4 lag til start i ein meir uhøgtidleg konkurranse. Løypa var den same som dame/veteranklassa nyttar. Bruvollsfamilien imponerte med å stille heile 3 lag. Neste år håpar vi at også lag frå andre bygder vil melde seg på i denne klassa som var eit fint innslag i ein elles tradisjonell stafett.



Helge Hafsås vinnar av Rett Vest for 8. gong

Postet av Olden IL den 23. Apr 2007

Laurdag tok "Oldenekspressen" og "maratonkongen" Helge Hafsås sin 99. siger på maraton då han vann rett Vest for 8. gong.

Under gode løpstilhøve fekk han tida 2.39.05. Hitra maraton forrige laurdag sat nok enno litt i beina. Reportasje fra Kondis.no
Det ser no ut til at Helge sin maratonsiger nr. 100 kan kome under Ålesund maraton 12 mai.
Dette kan bli ein stor dag både for Helge og for Olden idrettslag. Vi vil på nytt oppfordre oldarar og andre løpsinteresserte til å ta
turen til Ålesund denne laurdagen. Helge fortenar all mogleg støtte på dette jubileumsløpet.
Starten går på Moa i Spjelkavik kl. 12.00, så her er det gode sjansar til å kombinere maratonløp med ein handlerunde på Moa.
Vi vil kome tilbake med meir informasjon når den store dagen nærmar seg.

Gå til denne siden for mer info om Helge!



Utandørssesongen starta med løpskausell fredag

Postet av Olden IL den 16. Apr 2007

23 deltok på det første løpet i løpskarusellen 2007. Alle klassane sprang ein runde i joggeløypa ved Olden skule. Det viste seg at veteranane framleis er eldst også i relativt korte løyper, men avstanden til dei beste gutane vert stadig mindre. Joar Sunde sette offisiell løyperekord med 1.21.0 og var med det 1 sek.føre Helge Hafsås.

Like bak følgde Johhny Myklebust (15) og Anders Muri (14).

Helge Hafsås brukte løpet som oppkøyring til maratonløp på Hitra dagen etter.

Det skal avviklast ytterlegare to løp i løpskarusellen, eitt i Olden og eitt i Oldedalen.

Tidspunkta for desse kjem vi tilbake til.

Sjå resultatliste !

Se bilde !



Helge Hafsås med ny løyperekord på Hitra maraton

Postet av Olden IL den 16. Apr 2007

Helge si oppladning til løpet var som vanleg spesiell. På treningsturen fredag kveld la han inn løpskarusellen til Olden IL, for så å hive seg på nattbussen til Trøndelag for å rekke fram til Hitra til matratonløpet på Hitra på laurdag.

Helge hadde på førehand proklamert ny løyperekord og han heldt ord. Med tida 2.37.28 slo han den gamle løyperekorden med nesten 3 min og nr. 2 i løpet med 15 min.

Dette var Helge sin siger nr. 98 på maratondistansen. Komande laurdag stiller han i Rett Vest i Florø og 12 mai er det klart for Ålesund maraton. Går alt etter programmet, kan Ålesund maraton fort bli Helge sitt store jubileumsløp dvs. hans maratonsiger nr. 100.

Vi vil derfor allereie no oppfordre oldarane til å setje av laurdag 12 mai til ein Ålesundstur.

Du kan finne bilete frå løpet på www.kondis.no



4 medaljar til Olden på KM i terrengløp

Postet av Olden IL den 16. Apr 2007

Laurdag 14 april vart KM i terrengløp arrangert i Åsen på Sandane. I år vart det også arrangert KM for aldersbestemte klassar.

I jenter 13 år var det kun oldarar som stilte opp.Terese Tenden slo så vidt Janne Alsaker i ein rivande spurtduell. Nadia Kvamme Alim opna friskt og tok leiinga i løpet, men måtte seinare bryte p.g.a. pustevanskar.

I gutar 14 år vart Sander Terum frå Aurland for sterk for oldarane denne gongen, men Sondre Guddal Muri og Knut Alsaker leverte gode løp og tok sølv og bronse etter eit innbyrdes spurtoppgjer. Anders Muri måtte melde forfall p.g.a. skade. 



Oldestafetten 2007

Postet av Olden IL den 12. Apr 2007

Eit av årets høgdepunkt i Olden nærmar seg. Søndag 29 april er det klart for den 53. Oldestafetten.

Vi håpar å kunne stille med 2 jentelag, minst 2 gutelag, 1 veteranlag og sjølvsagt mange lag på ministafetten. Nytt av året er eit forsøk med opne klassar. Dette er ein meir uformell konkurranse der bedriftslag, grendalag, familielag eller vennelag kan delta. Så oldarar og andre bygdelag ; still opp. Hugs at det viktigaste ikkje er å vinne, men å delta. Stafett er stafett og stafett er moro !

Sjå innbyding til årets Oldestafett og bilete frå stafetten i fjor !



INC-LEIKANE I SVELGEN

Postet av Olden IL den 12. Apr 2007

Fire utøvarar frå Olden deltok på INC-leikane i Svelgen 24 mars. Nok ein gong var det Anders Muri som stod for dei beste resultata av oldarane. Han vann lengde utan tilløp med 2.52 og lengde med tilløp med 5.04. Vidare persa han seg i stille høgde med resultatet 1.20 som heldt til ein 3.plass.

Erik Sunde (12) oppnådde sitt beste resultat i kule. 7.13 heldt til ein fin 2. plass av 6 deltakarar. I 13-årsklassa deltok Nadia kvamme og Terese Tenden. Beste resultatet her oppnådde Nadia i stille høgde med 1 m. I tillegg vann Nadia lengde med tilløp og høgde med tilløp med Terese på 2.plass, men det nå då nemnast at det i desse øvingane kun var deltakarar frå Olden.

Sjå elles resultatlista !



LØPSKARUSELLEN TIL OLDEN IL 2007

Postet av Olden IL den 12. Apr 2007

Første løpet i løpskarusellen vert avvikla ved Olden skule fredag 13 april kl. 18.00.

Klassar får 9 år og oppover til veteran, men yngre kan og stille opp og springe utan tidtaking.

Sjå innbyding !



PÅSKETRENING I ITALIA

Postet av Olden IL den 12. Apr 2007

Olden hornmusikk har nett gjennomført ein svært vellukka påsketurne til Tyskland og Italia. Men turen inneheldt meir enn konsertar. Fleire av dei aktive i friidrett og fotball

i Olden var og med på turen. Kva var då meir naturleg enn å leggje inn ein del trening

undervegs.

Det heile starta med forsering av hoppbakkane i Garmich Partenkirchen og heldt fram med uthaldande spensttrening på tribunane i Colosseum i Verona. Det vart og tid til to fellesøkter med løpstrening og fotball ved den idylliske Gardasjøen. Dei ivrigaste la også inn eit par morgontreningar i løpet av opphaldet.

Trenarkorpset bestod av Roar Alsaker, Geir Flåten, John Gunnar Mørch og Hans-Petter Galtung

Sjå bilete !



KRINSDOMMARKURS I STRYN

Postet av Olden IL den 28. Mar 2007

Stad: Stryn Vidaregåande Skule
Tid: Fredag 20/4 (kveld) og Laurdag 21/4 (dagtid)
Instruktør: Dagfinn Nyhammer

Kursavgift: ca kr 300,- pr deltakar ved 10 delt.
+ kursmateriell (ca kr 50,-) Lågare avgift ved større deltaking. Kursavgift for repetisjon kr 100,- Ein oppmodar klubbane om å dekke kursavgifta for den einskilde deltakar.

Andre opplysningar:
Kurset er på 12 timar (skuletimar) og ein tek sikte på å avvikle det på ei kveldsøkt og ein laurdag. Eksamen vert avvikla etter avtale, etter gjennomført kurs.  Ein vil oppmode dommarar som har kurset frå før om å møte for å få oppdatering/repetisjon. Vi oppmodar spesielt om å få med ungdom på kurset. Desse må vere fylt 15 år, men blir ikkje autoriserte før dei fyller 16 år.
Nærmare info om starttidspunkt vert sendt ut til alle påmelde.
Lokal kontaktperson: Hans Petter Galtung tlf 41530792

Påmelding til:
Sogn og Fjordane Friidrettskrins
Tlf: 57 76 12 22
 e-post:
sof@friidrett.no

Påmeldingsfrist: 16 april
Info:Krinskontoret tlf 57 72 39 13 evt. mob 913 14783


Sogn og Fjordane Fridrettskrins

Narve Heggheim
-dagl leiar-



Helge Hafsås med sin 9. siger på Bergen maraton på laurdag

Postet av Olden IL den 26. Mar 2007

Nedteljinga mot Helge sin maratonsiger nr.100 har no starta for alvor. Sigeren på Bergen maraton 24 mars var nr. 97 i rekkja. Med tida 2.36.57 var han vel 15 min føre nr. 2 i løpet. Dette er 7 sek. raskare enn hans eiga vinnartid på Bergen maraton i fjor.

Helge har dermed allereie gått til topps på 3 maratonløp så langt i år. Går alt etter planen vil han nå historiske 100 sigrar i løpet av sommaren. Uansett, når det skjer vil Olden IL syte for ei skikkeleg markering av denne idrettshistoriske hendinga.



Finale Fjord1 cup Utvikfjellet

Postet av Olden IL den 25. Mar 2007

Olden IL hadde 6 deltakarar med på Fjord1-rennet på Utvikfjellet søndag. Helga Skarstein kom på 3.plass totalt i Fjord1 Cup.

Resultater

Bilder



Forandringer idrettsskulen.

Postet av Olden IL den 25. Mar 2007

Torsdag 29. mars kjem Vigdis Sætren og skal ha orientering på idrettsskulen. Gruppene møter til vanleg tid som dei pleier. Dei som var oppsette som foreldrevakter 22. mars stiller 29. mars.

Vi oppfordrer foreldre i 1. -3. trinn til å være med og passe borna når dei skal ha orientering.

Torsdag 12. april blir det avslutning med bowling i Stryn, det kjem nærmare beskjed om dette.



INC leikane i Svelgen 24 mars

Postet av Olden IL den 19. Mar 2007

Svelgen har vore utuleg flinke til å stille opp på Strynehalleikane gjennom 20 år. Det hadde vore fint om nokre frå Olden og også frå Oppstryn kunne stille opp der ute laurdag 24 mars.
Som de ser har Svelgen også stille lengde og stille høgde på programmet. Påmelding til Hans-Petter seinast torsdag 22 mars
Vi tek opp dette på onsdagstreninga.
Sjå innbyding !


God Olden-innsats på Strynehalleikane

Postet av Olden IL den 16. Mar 2007

19 utøvarar frå Olden deltok på Strynehalleikane sitt 20-årsjubileum.

Kjemperesultat av Anders Muri på 40 m og i lengde. Mange pallplasseringar til oldarane.

Anders Muri sprang 40m på 5.6 og hoppa 5.47 i lengde. Begge resultata ga klare 1. plassar. I Strynehalleikane si 20-årige historie er det få eller ingen 14-åringar som har oppnådd så gode resultat som Anders. Om det er klasserekordar for Strynehalleikane får vi kome tilbake til når vi har granska dei gamle resultatlistene nøyare.

Andre vinnarar frå Olden vart : Mona Myklebust (12) i kule og Nadia Kvamme (13) i høgde.

Helga Skarstein (12) braut foten for ikkje så lengde sidan , men oppnådde likevel 2. plassar både på 40m og i lengde.

Asgeir Flåten fekk sølv både i høgde og lengde. Sondre Guddal Muri i klasse 14 år har stadig framgang og vart nr.2 i høgde og 3 i kule og lengde. Svært gledeleg var det og at vi hadde med jenter i klasse 15 år. Hildegunn Mykløen fekk her 2. plass i høgde og Lillian Eide oppnådde 2. plassar på 40m,kule og lengde.

Blant dei aller yngste vart 10-åringen Rasmus E. Skarstein nr 2 i lengde.

Fleire kunne vore nemnde, men vi viser vidare til resultatlista.

Elles kunne arrangørane Oppstryn IL og Olden IL seie seg godt nøgde med gjennomføringa av arrangementet. Ei stor takk til den erfarne arrangørstaben som også i år gjorde ein flott innsats.

Bilder!

Resultater!



STAFETTANE NÆRMAR SEG

Postet av Olden IL den 14. Mar 2007

Det er no kun vel 6 veker til Oldestafetten 29. april og vel 7. veker til Breimstafetten 6 mai – derfor også på sin plass med litt stafettmimring og ikkje minst er det på tide å kome i gong med skikkeleg løpstrening.

Se dokument 



Meir fotballmimring

Postet av Olden IL den 12. Mar 2007

Vi har tidlegare presentert laget som under leiing av Arne Brynestad vann både Fjording-cupen og Alexandra-cupen i 1979Olden gjentok denne bedrifta i 1985. Her ser vi laget som gjekk til topps i Fjording-cupen dette året. Trenarar/lagleiarar var Inge Sandvik og Erik HøgalmenOlden slo Hornindal 2-1 i finalen og matchvinnar vart seinare sentral spelar på Stryn A-lag gjennom mange år, Arnt Magne Fredheim.

Meir_fotballmimring.mht



God deltaking og gode resultat på LM i friidrett innandørs

Postet av Olden IL den 9. Mar 2007

23 deltakarar i alderen 9 år til veteran stilte opp då lagsmeisterskapen innandørs vart avvikla i Olden skule onsdag kveld.

Det vart tevla i øvingane lengde u/tilløp, høgde u/tilløp og kule.

Som vanleg var det 1993-årgangen som oppnådde dei aller sterkaste resultata.

Ole Myklebust hoppa 1.26 i stille høgde og Anders Muri 2.60 i stille lengde. Begge deler er resultat på topp nasjonalt nivå. Elles vart det oppnådd mange fine resultat både blant jenter og gutar.

Resultata kan du sjå her !



Strynehalleikane laurdag 17 mars kl. 12.00

Postet av Olden IL den 5. Mar 2007

Øvingane er som vanleg lengde m/tilløp, høgde m/tilløp, 40m og kule.

Klassar frå 10 år (f. 1997) og oppover, men 9-åringar kan og få delta ved å stille i 10-årsklassa.

Påmelding til Hans-Petter seinast torsdag 15 mars.

Sjå innbyding !



LAGSMEISTERSKAP I FRIIDRETT

Postet av Olden IL den 4. Mar 2007

Onsdag 7 mars i Olden skule.

Frå kl. 18.30 ( dei som er på teater kan møte seinare)

Klassar frå 9 år (4. klasse) og oppover.

Øvingar : stille lengde, stille høgde og kule

Påmelding ved frammøte.

Premie til alle deltakarar (utdeling på årsfesten).

Se program!

 

Friidrettsgruppa



Maratonsiger nr. 96 til Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 25. Feb 2007

Laurdag 24. feb. gjekk Helge Hafsås som vanleg til topps i maratonkarusellen i Bergen.

Tida vart denne gongen 2.41.50. Andremann i løpet var over 25 min. bak.

Helge er dermed på god veg til å kunne runde historiske 100 sigrar på maratondistansen i løpet av 2007.



Fotball-mimring

Postet av Olden IL den 25. Feb 2007

I høve Arne Brynestad sin bortgang er det tid for litt mimring

 

Dette er laget som vann både Fjording-cupen og Alexandra-cupen i 1979. Olden har aldri vore noko stort fotball-lag, i allefall ikkje  i seniorsamanheng. men i perioden 1976-1985 oppnådde Olden verkeleg gode resultat i aldersbestemt fotball. Mykje av æra for dette hadde leiar i fotballgruppa og trenar Arne (Wilsen, Bakaren) Brynestad. Under hans kommando vann Olden også Fj-cupen i 1985.  Seinare vann Olden også Fj-cupen i 1995, då som hallturenering.

(Foto : Harald Vartdal, Fjordingen)

Vi vil i den samanheng sitere noko av det Inge Sandvik skreiv i jubileumsheftet til Olden IL sitt 75-års-jubileum i 1995 :

" Noko av det mest imponerande var oppslutninga og stemninga. det var meir folk på kampane i Fj-cupen enn på heimekampane til seniorlaga (Olden sine heimekampar vart spelte i Innvik og Stryn). Alle hysteriske mødre, fedre,søsken, besteforeldre, tanter og onklar møtte opp og heia og skreik på sine håpefulle. Og på finalen i 1979 heldt det på å gå over styr, då over 200 galne oldarar gjekk av hengslene på Stryn stadion. Ikkje så rart, for Olden var eit superlag.

Utan herr Arne "Wilsen" Brynestad hadde ikkje Olden sine prestasjonar vore moglege.

Han forma Olden slik Don Revie gjorde det med Leeds United sitt storlag på byrjinga av 70-talet. "Wilsen" var ein proff, ein "fotball-manager". Han trena Olden sitt Fjording-cuplag i 10 år, ytte stor respekt, møtte på kvar ei trening og ikkje minst hadde han stort tolmod med alle "smådjevlane". Så fotballen i Olden er Arne stor takk skuldig. Han ofra mesteparten av si fritid på Fj.cuplaget".



Rapport frå TURLØYPER STRYN AS (Epost fra Arvid Hatledal fredag 4.april)

Postet av Olden IL den 16. Feb 2007

God føremiddag til alle saman !
Vi ser sol og blå himmel, sjølv om det ligg litt skoddedottar og prydar fjellsidene !
Mange fekk i helga nyte både snø og sol, i eller utanfor løypene !
Dei som var blant dei 675, som gjekk det tradisjonsrike Holmøyskarrennet, fekk ei fin oppleving i fjellheimen.
Mange tek påska som sesongavslutning, når det gjeld ski og snø.
Slik er det også med oss, som preparerer løypene.
........men, vi er no heilt klar, for stor påskeutfart !
Alle traseane mellom Ullsheim og Stryn Skisenter, vert nypreparerte no idag !
Det same gjeld løypa til Hogden/Veten, og ved sikt, løypa til Holevatnet.
Fjell-løypa frå:  Ullsheim til Blånibba, vert i påska preparert, om det vert sikt !
Ved dåleg ver, vert det "berre" løypene i "lavlandet", som vert prioriterte !
Om De er i tvil om forholda, så får De svar på infotelf.
På Ullsheim kan ein boltre seg i skileikbakkane !
Fint område for småbornsfamiliar.
Toalett og stor parkeringsplass like ved !
Vi håpar at det kan bli "litt" meir sol, enn det meldingane har lova oss !
Skulle det bli eit "fylever", får vi ete kvikk-lunsjen og appelsinene, ilag med kjente og kjære, i ei lun stove :-)
.......og gløyme mas og kav, i ein hektisk kvardag !
GOD PÅSKE :-)
Herleg påskehelsing frå :
TURLØYPER  STRYN AS
Hildegunn og Arvid
----------------------------
Infotelf : 906 37160


Idrettskulen vinter/vår - oversikt aktiviteter

Postet av Olden IL den 16. Feb 2007

Oversikten finner du her!


Nye friidrettsdrakter

Postet av Olden IL den 3. Feb 2007

Vi har motteke eit forslag frå Trimtex og ynskjer å få tilbakemelding på draktene.
Dette gjeld både på fargebruk og design. Uansett skal drakta bestå av Oldefargane blått og gult. Se beskrivelse!
Underdelen bør vere blå, evt. med litt gult. Overdelen,singlet eller t-skjorte, bør vere blå og gul.
Spørsmålet er eventuelt kor mykje gult vi bør ha med.
Så langt har dei fleste sagt at dei ynskjer shorts, men tights kan og vere eit alternativ.
Vi ynskjer sjølvsagt at ein del skal kjøpe seg drakt, men vi vurderer og å kunne låne ut drakter
til utøvarar som t.d. berre er med på stafettane.
Tilbakemelding til Hans-Petter Galtung



Helge Hafsås best igjen

Postet av Olden IL den 28. Jan 2007

Helge innleia 2007-sesongen som han avslutta den forrige, med siger på maraton.

Under vanskelege tilhøve på maratonkarusellen i Bergen laurdag 27 jan. var han vel 4 min. føre nestemann i løpet. Tida 3.00.35 seier mykje om tilhøva, men og noko om at Helge framleis ikkje er 100 % restituert etter 24t. løpet i byrjinga av desember. I allefall har han ikkje fått trent så godt som han har ynskt i desember og januar. Det er faktisk første gongen at Helge brukar over 3 timar på ein maraton.

Vi vil og nytte høvet til å gratulere Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL med maratonløp nr. 300. Ein fantastisk prestasjon.



Oppkøyrde skiløyper

Postet av Olden IL den 28. Jan 2007

Endleg er scooteren ferdig reparert. Fredag 2 mars vart det køyrt løyper for klassisk skigåing til Avleiåsen og i slogsvegane under Murihammaren

Det er bra med snø mot Avleiåsen. Vi har ikkje tenkt å ta opp konkurransen med Markane, men ynskjer du ein kortare tur utan særleg bilkøyring, kan Avleiåsen vere eit godt alternativ.

 

Skigruppa



To nye KM-gull til Anders Muri

Postet av Olden IL den 22. Jan 2007

Totalt vart det 9 KM-medaljar til deltakarane frå Olden under KM i fridrett innandørs søndag 21 jan. i Førdehuset.

Som vanleg var det 14-åringen Anders Muri som gjorde det aller best. Han vann 60m på 8.05 og lengde med 5.08. På 400m og i høgde vart det sølv. Alle resultata er personlege rekordar innandørs.

Men også dei andre oldarane hevda seg fint. 15-åringen Johnny Myklebust tok sølv i høgde og bronse på 400m. Therese Tenden i J13, tok sølv på 60m og i kule og bronse i lengde.

I rekruttklassa deltok Mona Myklebust. Ho fekk beste resultatet sitt i kule med ein fin 3. plass av 10 deltakarar. 

Nokre av utøvarane våre, som heilt sikkert hadde hevda seg godt, var dessverre forhindra frå å delta. Men alt i alt ein god start på friidrettssesongen 2007.

Resultat finner du her!



INNANDØRS TERMINLISTE SFFIK 2007

Postet av Olden IL den 8. Jan 2007

Dei mest aktuelle konkurransane for Olden er utheva

 

Dokumentet kan lastes ned her 

 

Dato

Stemne

Arr

 

15.12

Seriestemne hopp u.t

Svelgen T&IF

 

16.12

Seriestemne hopp u.t

IL Jotun

 

12.01

Seriestemne hopp u.t

Svelgen T&IL

 

12.01

Seriestemne hopp u.t

Fjellhug Vereide IL

 

20.01

YIT-Leikane

Førde IL

Innlagt KM

26.01

Seriestemne hopp u.t

Svelgen T&IF

 

26.01

Seriestemne hopp u.t

Oppstryn IL

 

26-28.01

UM innandørs

Stangehallen

 

03.02

Bergen Indoor Festival

Høiehallen, Fana

Internasjonalt

10-11.02

Innandørs NM sen/jun

Stangehallen

 

15.02

Seriestemne hopp u.t

IL Brodd

LM

16.02

Seriestemne hopp u.t

Fjellhug/Vereide IL

 

24.02

Florø Indoor

Florø T&IF

Internasjonalt

03.03

Gjensidigeleikane

Florø T&IF

 

03.03

Seriestemne hopp u.t

IL Jotun

 

07.03

Lagsmeisterskap

Olden IL

Olden skule

10.03

Seriestemne hopp u.t

Svelgen T&IF

 

15.03

Seriestemne hopp u.t

Hyen IL

 

17.03

Strynehalleikane

Olden IL/Oppstryn IL

 

17-18.03

Bamselekene

Stangehallen

 

22.03

Seriestemne hopp u.t

Hyen IL

 

24.03

INC Leikane

Svelgen T&IF

 

24.03

Seriestemne hopp u.t

Svelgen T&IF

 

 

 

Innandørs NM for veteranar er ikkje fastsett i NFIF si Hovedterminliste, og vil bli lagt inn når dato føreligg.

 

 

 

 

 

FRIIDRETT

- det er idrett det!

 



BASISTRENING FRIIDRETT/FOTBALL

Postet av Olden IL den 8. Jan 2007

Onsdagar i Olden skule. Oppstart 10 januar

 

18.15-19.15  : 9-11 er (3,4 og 5 kl.)

 

19.15-20.30  : 12 er > (6 kl. og oppover)