Godt Nytt år !

Postet av Olden IL den 31. Des 2012

Olden IL ynskjer alle aktive,leiarar,trenarar,funksjonærar,sponsorar og andre støttespelarar eit retteleg Godt Nytt år ! Vi satsar på at 2013 skal bli eit nytt godt idrettsår for Olden IL. Nyttårsynskjet vårt er at vi skal få friidrettsanlegget/aktivitetsområdet ved Olden skule klart i løpet av det komande året.

Styret



Ny maratonsiger til Hafsås..

Postet av Olden IL den 1. Des 2012

Laurdag 1/12 tok Helge Hafsås sin maratonsiger nr. 153 då han vann Maratonkarusellen i Bergen. Tida denne gongen vart 2.46.14. Differansen til nr.2 i løpet, Per Olav Bøyum, var på vel 2 1/2 min. Dette var Helge sin 9. siger på maratondistansen i 2012.


Friidrettssamling i Forø.

Postet av Olden IL den 1. Des 2012

Laurdag  24/11 var det sprint/hekksamling i Florø. Fire 13-14-åringar frå Olden IL deltok. Det var instruksjon i løpsteknikk, blokkstart, hekketeknikk m.m. Instruktørar var bl.a. Florø sine norgesmeistrar på hekk Eivind Stavang og Øyvind Strømmen Kjerpeset.


Hafsås vann Jessheim vintermaraton

Postet av Olden IL den 19. Nov 2012

Søndag 18/11 kunne Helge Hafsås innkassere sin maratonsiger nr. 152 då han gjekk til topps på Jessheim vintermaraton for 4. gong. Vinnartida denne gongen vart så bra som 2.41.09. Sigersmarginen var på 2.32 min. Eigentleg burde dette vore Hafsås sin 5. siger i løpet. I fjor leia han nemleg klart, men sprang feil. For årstida var det gode tilhøve under årets løp.


Endeleg friidrettsanlegg i Olden.

Postet av Olden IL den 19. Nov 2012

Måndag 12. nov starta vi for alvor arbeidet med grunnarbeidet for eit framtidig delanlegg for friidrett i Olden. Overskotsmassa vert køyrt til Sandnes ved Oldevatnet og tunnellmasse frå Agjeldstunnellen vert fylt på etterkvart. Håpet er at anlegget skal stå ferdig i august 2013. Anlegget skal innehalde 6 løpebaner på 100m + anlegg for kule, høgde og lengde/tresteg. I tillegg vert det eit aktivitetsområde for basketball og badminton. Anlegget ligg like ved skuleplassen til Olden skule og vi er dermed sikra ein høg bruksfrekvens. Olden IL byggjer også eit lagerbygg like ved anlegget.

Olden IL har prøvd å få til eit friidrettsanlegg i bygda sidan slutten av 1970-talet, så det er sanneleg på tide med ei realisering. Men dette vert eit stort økonomisk løft for idrettslaget m.a. ser sjølve grunnarbeidet ut til å bli ein god del dyrare enn kalkulert

 

 



Ny fjelltrimsesong godt i gong

Postet av Olden IL den 18. Nov 2012

Den nye fjelltrimsesongen starta 1. okt. Det har så langt vore godt besøk på mange av postane, særleg Skarsteinsetra og Huaren. Når det gjeld topp-plassering kan det sjå ut til at det bryggjer opp til eit gigantisk oppgjer mellom fjellmannen Kjell Bjarne Sunde og maratonmannen Helge Hafsås. Pr. 11. nov. hadde Kjell m.a. allereie teke 24 turar til Honnvasshytta og Helge hadde runda heile 100 turar på Huaren.

Fjelltrimgruppa satsar no på å trekkje dei yngre med i større grad. Det vil i år bli ei eiga klasse for desse. Nærare informasjon om dette seinare.



Avslutningsfesten fredag 23.november

Postet av Olden IL den 11. Nov 2012

Vel 50 små og store + nokre foreldre hadde møtt opp på avslutningsfesten i Olden IL på kroa. Det var premieutdeling for fotball, alpint og friidrett. Bjarte Haugen viste bilete frå sesongen + eit knippe artige idrettsglimt. I pausen var det som vanleg pizza og brus. Dei frammøtte fekk og bryne seg på ein sportsquiz signert Hans-Petter. Totalt sett ei fin avrunding av sesongen 2012.


Flott idrettslagsbasar i Aldaheim søndag 11. nov.

Postet av Olden IL den 11. Nov 2012

Foto:HP Galtung

Det var godt frammøte på den årlege basaren til Olden IL i Aldaheim. Basarkomiteen med Else Fredheim i spissen hadde laga flott til og fått inn mange flotte gevinstar både på årar og lodd. I pausen var det lysbilete frå årets sesong og premieutdeling for fjelltrimmen. Det kom inn vel kr. 38.000 brutto. Dette er berre litt mindre enn i fjor som er foreløpig rekord. Pengane kjem vel med både til aktivitet og anlegg.

Olden IL vil takke bygdefolket for god støtte, basarkomiteen for eit godt arrangement og alle dei firma og privatpersonar som bidrog med lodd- og åregevinstar til basaren.

Suveren vinnar av fjelltrimmen vart i år som i fjor Kjell Bjarne Sunde med heile 2414 poeng. Dette er ny rekord. Han hadde sjølv den gamle med 2258 p. frå i fjor. Vi kan nemne at Kjell m.a. hadde heile 122 turar til Honnvasshytta. Fjelltrimgeneral Anders Bruvoll sin rekord frå 2009 på 105 Honnvasshytte-turar er dermed sletta  Nr. 2 totalt vart Birger Fagerlid med 1290p. Like bak følgde Johan Fredheim med 1229p.

På einskildpostar sette Helge Hafsås ny solid rekord på Huaren med 384 turar. Dette er flest turar på ein post nokon gong. Tidlegare rekord her hadde Birger Fagerlid med 375 turar til Skarsteinsetra i 2009. Totalt er det registrert 11.160 besøk på dei 19 postane. Dette er ca. 500 meir enn i fjor, men eit stykke bak rekordåret 2009 då det vart notert 12.883 besøk. Det mest populære turmålet er framleis Skarsteinsetra med 3412 besøk. Ein god nr. 2 er Huaren med 2668 besøk. 14 personar har vore innom alle dei 19 postane. Dette er ein del færre enn i 2011. Fullstendig resultatliste vil bli lagt ut her på nettsida med det første. Resultatlista er foreløpig uoffisiell. Ver venleg å ta kontakt med Anders Bruvoll dersom du oppdagar feil.

 



Ny-utdanna trenarar i Olden IL.

Postet av Olden IL den 10. Nov 2012

Sondre Guddal Muri og Harald Andre Ljosdal Galtung har i helga gjennomført aktivitetsleiarkurs for barne-friidrett. Kurset var på 16 timar og vart arrangert i Hornindal.


Idrettslagsbasar i Aldaheim søndag 11. nov Kl. 15.00

Postet av Olden IL den 6. Nov 2012

Søndag 11. november kl. 15.00 er det klart for den årlege idrettslagsbasaren i Aldaheim. Olden IL satsar no stort på anleggsutbyggjing og vi treng all den støtte vi kan få.

Det vert loddsal, åresal og matservering. I pausen vil vi vise bilete frå all aktiviteten i Olden IL i 2012 inklusiv Skarsteinsetra Opp. Det vert og premieutdeling for fjelltrimmen 2012.

Vi oppfordrar medlemmane i idrettslaget til å levere to åregevinstar til basaren. Desse kan leverast i Aldaheim søndag mellom 10.00 og 12.00.

Møt opp og støtt det verdfulle arbeidet til idrettslaget !

 



Ny maratonsiger til Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 20. Okt 2012

Under Bergen Ultra i dag, 20.oktober, vann Helge Hafsås maratondistansen. Med tida 2.42.47 var han knapt 9 min. føre nestemann på distansen. Det vart og arrangert 100 km og 63 km, men Helge hadde denne gongen valt å nøye seg med maraton.


Statistikk for Helge Hafsås

Postet av Olden IL den 9. Okt 2012

Alle statistikkar for Helge Hafsås sine prestasjonar er no oppdaterte (pr. 07.10.12). Du finn dei under Helge Hafsås i menyen til venstre.

Ei lta oppsummering : Helge har no sprunge 200 maratonløp og vunne heile 150 av dei. Han er dermed den løparan i verda som har vunne flest maratonløp. Rett nok har 3 damer vunne fleire løp, men på så dårlege tider at vi ikkje kan ta damestatistikken heilt seriøst. Helge har vunne 18 ulike maratonløp rundt omkring i Noreg. Han har gjeldande løyperekord i 9 av desse løpa. Han har 42 maratonløp under 2.35 og 97 (inkl. maratonpassering på ultraløp) under 2.40. (Nokon betre ?). Vidare har Helge 3 offisielle NM-titlar i ultraløp, to på 100km og ein i 6t-løp. Han har framleis den offisielle norske rekorden på 100 km (6.50.15) og verdsrekorden på 50 km på tredemølle med tida 3.10.19.  For meir opplysningar sjå dei ferske statistikkane !



Ny månadsrekord for nettsida vår

Postet av Olden IL den 1. Okt 2012

I september hadde vi 3751 treff på nettsida til Olden IL. Dette er ny solid månadsrekord. Den forrige rekorden var frå september i fjor med 2811 treff.


Friidrett

Postet av Olden IL den 1. Okt 2012

Treningane er avslutta for denne sesongen. Det er mogleg at vi arrangerer eit lagsmeisterskap på bane i eller etter haustferien. Dette får vi kome tilbake til seinare. Uansett vert det ikkje noko arrangement denne veka. Vi startar opp igjen med fellestreningar i byrjinga av november månad (løping ute + innetrening i gymsalen). Det vert 1-2 treningar pr. veke, alt etter interesse.

Friidrettsgruppa



Siste løpet i løpskarusellen.

Postet av Olden IL den 28. Sep 2012

Foto:HP Galtung

Det 3. og siste løpet i løpskarusellen 2012 vart arrangert i joggeløypa ved Olden skule 28. sept. 16 utøvarar i alderen 7-17 år stilte opp. Best tid blant jentene fekk Jannike Melheim (11). I guteklassen vart det dødt løp mellom Mathias Melheim(13) og Asgeir Flåten (17). Med tida 1.27.9 sette Mathias løyperekord i 13-årsklassa. Elles var det mange som viste fin framgang i høve tidlegare løp.

Resultat

Statistikk.



Strålande av oldarane på Byrkjelo.

Postet av Olden IL den 23. Sep 2012

Foto:HP GaltungLaurdag 22. sept. vart DM i friidrett for Nordfjord og Sunnfjord avvikla på Byrkjelo stadion. DM var for dei som var 13 år og eldre. I tillegg var det rekrutteringsstemne for 10-12-åringane. Dei tre 13-åringane våre leverte varene og sette flotte personlege rekordar. På 60m vart det eit hardt oppgjer mellom Rafael Gildestad og Matias Melheim. Rafael vart distriktsmeister på 8.64. Matias fekk 8.69 og sikra dobbelt-siger til Olden. I lengde forbetra Matias persen sin med 80 cm ! og sikra seg gull med resultatet 4.69. Her vart det bronse til Rafael med 4,26. I kule vart det bronse til Matias med 9.25, ei personleg rekordforbetring med over 1m. Jens Guddal Muri fekk sølv på 600m og bronse i høgde. Elles prøvde oldarane seg for første gong i diskos. Medaljer vart det ikkje, men med meir teknikktrening kjem nok resultata også her. På 4x60m stafett vart vi denne gongen slått av Breimsbygda med 6/10. sek.

Jannike Melheim (11) og Lars Martin Melheim (10) deltok på rekrutteringsstemnet. Begge viste fin framgang og sette personlege rekordar i fleire øvingar. Jannike var og med på stafettlaget som tok sølv.

Biletet er teke på Utvikfjellet der vi køyrde nokre motbakkedrag medan vi venta på at vegen Innvik-Olden skulle opne. Frå v. Rafael Gildestad, Lars Martin Melheim, Matias Melheim, Jannike Melheim og Jens Guddal Muri.

Flere bilder



Skarsteinsetra Opp

Postet av Olden IL den 17. Sep 2012

Flere bilder.

Foto : Anton Eide, Hildegunn Muri



Helge Hafsås med to triumfar på same dag

Postet av Olden IL den 15. Sep 2012

Laurdag 15, sept. vart ein travel dag for Helge Hafsås og Einar Strand. Kl. 11.00 starta begge i det 8,4 km lange Kvivsvegløpet. Løpet starta med ein runde på Kalvatn på Sunnmøre før det heldt fram gjennom den 6,5 km lange tunnellen gjennom Kviven. Tunnellen skal først opnast neste helg, så dette vart som ein generalprøve. Helge kom som vanleg først i mål. Einar Strand fekk nest beste tid, ca. 3 min bak. Kl. 14.00 starta begge på Strynemila. I år gjekk løpet i delevis ny trase med start ved Isehaug kafeteria. Fotballspelaren Jon Terje Tjellaug imponerte og heldt lenge følgje med Helge, men ved Scania sette Hafsås inn det avgjerande rykket og i mål var differansen mellom dei ca. 2.20 min. i Helge sin favør. Tjellaug hadde tidlegare på dagen vunne sykkel-løpet i same traseen og sleit med krampe på slutten. Det var elles lagt inn spurtprisar i løpet. Tjellaug tok den første og Hafsås den andre.

Elles kan vi opplyse at dagens VG har ein to-siders reportasje om maratonkongen frå Olden.

 



DM i friidrett for Nordfjord og Sunnfjord laurdag 22/9

Postet av Olden IL den 13. Sep 2012

Laurdag 22. sept frå kl. 12.00 vert distriktsmeisterskapen for Nordfjord arrangert på Byrkjelo. DM for Sunnfjord er og lagt hit. DM gjeld for aldersgruppa 13-18 år. I tillegg vert det rekruttarrrangement for 10-12 år. Det vert og arrangert 4x60m stafett 11-14 år. Påmelding til Hans-Petter seinast torsdag kveld 20/9. Dette vert årets siste stemne og vi håpar at mange frå Olden vil stille opp.

Innbyding



NCC-leikane på Osterøy

Postet av Olden IL den 10. Sep 2012

To frå Olden var uttekne på krinslaget til Sogn og Fjordane i krinskampen på Osterøy ved Bergen. Rafael Gildestad (13) kom ikkje til finalen på 60m. Han vart her nr. 10 av 19 deltakarar. Betre gjekk det i lengde der han vart nr. 5 av 14 deltakarar på ny fin pers. 4.41. Sondre L. Galtung (14) deltok i diskos og spyd, men fekk ikkje opp dei store lengdene denne gongen. Hordaland vann krinskampen, følgt av Agder, Rogaland og Sogn og Fjordane.


Tre løyperekordar på Skarsteinsetra Opp

Postet av Olden IL den 8. Sep 2012

Foto:HP Galtung

Trass i dårleg ver, med vind og regn, vart det sett tre nye løyperekordar på Skarsteinsetra Opp i dag. Først på setra var Erlend Eide, Eidsfossen Sykkel. Han sykla den 4,6 km lange traseen på fantastiske 19.10. Han knuste dermed faren, Dag Arne Eide, si vinnartid frå i fjor med nesten 3 min. Det vart og sykkelrekord i dameklassen. Janne Bruhn Henriksen, Stryn Sykkelklubb, fekk her den gode tida 25.54. Blant løparane vart det ikkje uventa ein ny siger til Helge Hafsås. Han sletta sin eigen rekord frå i fjor med 49 sek. og kom inn på tida 22.40. Beste dame vart ein sprek 74-åring frå Lørenskog, Signy Henden Rustlie. Vi kjem tilbake med meir stoff og bilete. Bileta vert forsinka p.g.a. dataproblem.

37 stilte i konkurranseklassane, 26 på sykkel og 11 på løp. Arrangøren er godt fornøgd med deltakinga i sykkelklassen. Her stilte Eidsfossen Sykkel åleine med heile 9 utøvarar. Men det er skuffande at berre 11 stilte opp i løpsklassen. Skuffande er det og at totalt berre 3 damer stilte til start.

Derimot var det flott at heile 83 trimmarar tok turen til Skarsteinsetra i det dårlege veret.

Resultater

Bilder (Foto : Hildegunn Muri, Reidar Holen og Alfhild Flåten.)



Skarsteinsetra Opp

Postet av Olden IL den 7. Sep 2012

Pr. i dag (7/9) er det påmeldt 25 i sykkelklassen og 12 i løpsklassen. Olden IL håpar på fleire påmeldingar.


Kvar blir det av jentene/damene ?

Postet av Olden IL den 5. Sep 2012

Så langt er det berre 4 påmelde damer på Skarsteinsetra Opp, 2 i løpsklassen og 2 i sykkelklassen. På herresida er vi no komne opp i 24 totalt. Vi trudde det var mange spreke damer i nærområdet som ikkje var redde for å prøve seg på tid. Ser ut til at vi har teke feil. Men framleis høve til å melde seg på.


Ny siger til Hafsås

Postet av Olden IL den 2. Sep 2012

Helge Hafsås kvilte ikkje lenge på laurbæra. Allereie dagen etter sigeren i Trondheim maraton fekk han best tid i det 7,6 km lange løpet Over Brekka på Harpefossen. Helge likar å kalle seg ein"ekstremsport-utøvar". Det ekstreme her er : nattbuss til Trondheim natt til laurdag, vinne maraton på 2.39.07, nattbuss heim til Olden natt til søndag, for så å delta i og vinne Over Brekka same dag. Vi nemner og at Einar Strand vart nr. 2 i klasse 50-59 år.


Vi gratulerer Helge med sin 150. maratonsiger.

Postet av Olden IL den 1. Sep 2012

Helge oppnådde alle måla sine då han i dag vann Trondheim maraton for 11. gong. Han tok sin maratonsiger nr. 150, gjennomførde sin maraton nr. 200 og kom under 2.40 for første gong i år. Med tida 2.39.07 var han vel 10 min. føre nestbeste løpar.  Det var og i Trondheim (norges eldste maratonløp) at Hafsås fullførte sin maraton nr. 100. Han debuterte på distansen då han vann Hornindalsvatnet maraton i 1994. Olden IL er svært stolte over å ha "maratonkongen" i våre rekkjer.


Kan Hafsås ta sin 150 maratonsiger i morgon ?

Postet av Olden IL den 31. Aug 2012

Laurdag 1.september stiller Helge Hafsås på Trondheim maraton. Det store spørsmålet er om han her kan ta sin 150 siger på maratondistansen. I så fall vert han den første i verda som har vunne 150 maratonløp. Helge var og den første som nådde 100 sigrar. Det skjedde i Ålesund i 2007. Så langt har han vunne Trondheim maraton 10 gongar. Han har og løyperekorden i Trondheim. Den skriv seg frå 2006 og er på 2.30.50. Den er nok for sterk, men kanskje kan Helge kome under 2.40 for første gong i år. Oppladninga er elles som vanleg ; nattbuss til Trondheim !!!


Friidrettstrening i Stryn tysdag 4.sept.

Postet av Olden IL den 31. Aug 2012

Tysdag 4. september vert friidrettstreninga lagt til Stryn. 18.00-19.30.  Frammøte ved Ica kl. 17.30. Hovudfokus på blokkstart, lengde og tresteg. Det vert og høve til å trene kast.


To frå Olden uttekne til NCC-leikane i friidrett.

Postet av Olden IL den 30. Aug 2012

NCC-leikane foregår på Osterøy ved Bergen og er ein lagkonkurranse mellom krinsane : Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder. Rafael Gildestad (13) skal delta på 60m, lengde og tresteg og Sondre Ljosdal Galtung (14) i spyd og diskos. I tillegg kan deltaking på stafettlaga vere aktuelt.


Framleis mogleg å melde seg på Skarsteinsetra Opp

Postet av Olden IL den 28. Aug 2012

Det er kome inn bra med påmeldingar til Skarsteinsetra Opp laurdag 8.sept., særleg i sykkelklassen. Det vil likevel vere mogleg med førehandspåmelding i konkurranseklassane heilt fram til fredag 7.sept. utan auke i startkontingenten. Denne er på kr. 200,- Konkurransedagen vil det vere mogleg med påmelding inntil 1 time før start. Startkontingenten vert då kr. 300,-

Påmelding til Hans-Petter Galtung tlf. 90418186 eller helst på mail til hans.petter.galtung@sfj.no   Hugs å gje opp klasse/fødselsår og om påmeldinga gjeld løp eller sykkel.

Status påmelding Skarsteinsetra Opp:

Sykkelklassen

Løpsklassen



Hafsås vann Nordvestmaraton for 10.gong

Postet av Olden IL den 19. Aug 2012

Helge Hafsås dokumenterte også denne helga god maratonform då han laurdag vann Nordvest-maraton på Hareidlandet for tiande gong. Tida denne gongen vart 2.40.07, berre 4 sek. svakare enn i Hornindal for 3 veker sidan. Neste løp går nok på under 2.40,  Helge !  Vinn han også neste maratonløpet, vil han og runde 150 maratonsigrar som førstemann i verda. No er nemleg Hafsås tilbake på trona som den som har vunne flest maratonløp i heile verda gjennom alle tider (149). Olden IL gratulerer og satsar på at Helge vert først til å nå 150 sigrar.


7 KM-medaljar til Olden

Postet av Olden IL den 19. Aug 2012

Foto:HP Galtung

I helga var det KM og krinsleikar i friidrett på Byrkjelo stadion. Fire frå Olden deltok i KM og fire i krinsleikane (10-12 år). Olden vart krinsmeister på 4x60m stafett for 13-14 år.  På dei neste plassane følgde Breimsbygda og Sandane. Vinnarlaget bestod av Rafael Gildestad, Sondre L. Galtung, Per William Hoddevik og Matias Melheim. Sist vi vart krinsmeistrar på denne stafetten var i 2007.

Matias Melheim (13) tok sølv på 60m, berre 1/10 frå gull. Rafael vart her nr. 4, 5/100 frå bronse. Elles tok Rafael bronse i lengde på ny flott pers. Per William (14) tok gull på 600m og sølv på 60m. Sondre L. Galtung tok sølv i spyd og i lengde. På krinsleikane deltok Steffen Melheim, Jannike Melheim, Kari Alsaker og Lars Martin Melheim. Alle gjorde det flott og sette fleire nye personlege rekordar på 60m, i lengde, liten ball og på 600m.

Flere bilder



Regionsleikane i friidrett er utsett

Postet av Olden IL den 10. Aug 2012

Regionsleikane på Sandane er utsett til søndag 9. september.


Hafsås i god form.

Postet av Olden IL den 9. Aug 2012

Foto:arkivHelge Hafsås vann Heiamila onsdag 8. august. Alle turane på Huaren (opptil 8 turar pr. dag) i sommar ser ut til å ha hjelpt godt på forma. Vinnartida 35.50 var 2 min. raskare enn i fjor. Einar Strand fekk best tid i klasse 50-59 år.

Fra Kondis.no



Hafsås vann Hornindalsvatnet maraton for 16. gong

Postet av Olden IL den 30. Jul 2012

Som vanleg var Helge Hafsås den raskaste i Hornindalsvatnet maraton. Han sette årsbeste med 2.40.03 og var eit heilt hav føre nestbeste løpar. Dette var Helge sin 4. maratonsiger i 2012 og den 148. totalt. Dvs. at han og amerikanaren Chuck Engle no står heilt likt i kampen om å kunne kalle seg verdas mestvinnande maratonløpar gjennom tidene. På halvmaraton var Einar Strand best i klasse 55-59 år med tida 1.36.42


Skarsteinsetra opp laurdag 8. september

Postet av Olden IL den 14. Jul 2012

I menyen til venstre finn du innbydinga og dessutan resultat og bilete frå fjorårets arrangement. Arrangementet følgjer malen frå i fjor med fellesstart for løparar og syklistar. Eit av dei store spenningsmomenta i løpet er om det er syklist eller løpar som kjem først opp på Skarsteinsetra. I fjor var Dag Arne Eide på sykkel 1.27 min. føre Helge Hafsås. I dameklassen sykla Anne Britt Eide 1.34  min. raskare enn Solbjørg Vedde.

Nytt av året er at det er sett opp kr. 2000,- for løyperekordar. Det vil og bli teke mellomtid på Gildestad. Trimmarar kan i år få lov å sykle eller kombinere sykkel med gåing/løping. Dvs. at ein i trimklassen f.eks. kan sykle til Gildestad og gå resten av strekninga.

Påmelding :

Førehandspåmelding i konkurranseklassane innan 27. august. Til Hans-Petter Galtung tlf. 904 18 186, men helst skriftleg til hans.petter.galtung@sfj.no. Løparar kan og melde seg på via www.sportsadmin.no (klubbvis) eller www.minidrett.no (utøvarar enkeltvis)

 

 



Hafsås vann jubileumsmaraton på Jølster

Postet av Olden IL den 8. Jul 2012

Jølster maraton vart arrangert for 30. gong på laurdag. Helge Hafsås var som vanleg først over målstreken. Med tida 2.45.06 var han vel 5 min. føre Sverre Gunnar Brunstad frå Velledalen. Helge har vunne 13 av dei 17 maratonløpa han har delteke i på Jølster. Han er no oppe i 147 maratonsigrar totalt. Dette er berre ein siger bak Chuck Engle frå USA. Spørsmålet no er kven av dei to som først når 150 sigrar.

Einar Strand deltok på halvmaraton. Han vart nr. 2 i klasse 55-59 år med tida 1.36.59.



8 friidrettsmedaljar til oldarane i Førde

Postet av Olden IL den 11. Jun 2012

Dei 7 frå Olden viste fin framgang på Åsen & Øvrelidleikane i Førde søndag 10.juni. Det var gode tilhøve i starten, men eit voldsomt regnver eit stykke ut i stemnet førte til utsetjing og gjennomblaute utøvarar. Jannike Melheim (11) vann kule og vart nr. 3 på 60m. Per William Hoddevik (14) fekk best tid på 600m og vart nr. 3 på 60m. Blant 13 -åringane vart Rafael Gildestad nr. 2 på 60m og nr. 3 i lengde. Jens Guddal Muri tok bronse i kule. Matias Melheim vart i same klasse nr. 4 på 60m av 11 deltakarar. Sondre L. Galtung  (14) fekk sølv i lengde. I klasse 11 år vart Martin Beines nr. 4 av 11 deltakarar i kule.


Fine forhold på løpskarusellen

Postet av Olden IL den 9. Jun 2012

Arkivbilde

17 deltakarar i alderen 7-14 år stilte opp på det andre løpet i løpskarusellen fredag kveld. I dei tørre løypene og det fine veret vart det oppnådd mange gode tider. Per William Hoddevik fekk best tid blant gutane. Kari Alsaker var den raskaste jenta. Vi kjem til bake med bilete

Resultat.

Statestikk



2. løpet i løpskarusellen i kveld

Postet av Olden IL den 8. Jun 2012

Det andre løpet i Olden IL sin løpskarusell vert avvikla i joggeløypa ved skulen i kveld fredag 8. juni kl. 20.00. Alder frå 7 år og oppover.


Friidrett i Førde

Postet av Olden IL den 8. Jun 2012

Olden IL stiller med 7 deltakarar i alderen 11-14 år under Åsen & Øvrelid-leikane i Førde søndag 10. juni. Det er høve til etteranmelding. Avreise frå Ica. kl. 10.30


Friidrettstrening i Stryn tysdag 5. juni

Postet av Olden IL den 4. Jun 2012

Tysdag 5. juni legg vi friidrettstreninga til det nye anlegget på Stryn stadion. Avreise frå Ica kl. 18.00. Trening 18.30-19.30.  Sprint med blokkstart og lengde.

Karusell-løp ved Olden skule fredag 8. juni kl. 20.00.

Søndag 10. juni håpar vi å få med ein del deltakarar på Åsen og Øvrelid-leikane i Førde. påmeldingsfrist onsdag 7. juni.

Innbyding



Suveren siger til Hafsås i Ålesund

Postet av Olden IL den 13. Mai 2012

Helge Hafsås vann laurdag Ålesund maraton for 14. gong. Med tida 2.53.52 var han ca. 9 min. føre nestemann på distansen. Tilhøva var ikkje dei aller beste, med regn og vind. Helge har delteke i Ålesund maraton kvart år sidan 1998 og vunne kvar gong bortsett frå i 2008 då det vart 2. plass.


Kan Hafsås ta sin14. siger i Ålesund maraton ?

Postet av Olden IL den 11. Mai 2012

Laurdag 12. mai skal Helge Hafsås prøve å vinne Ålesund maraton for 14. gong. Helge likar seg godt i Ålesund og har levert mange gode maratonløp i Sunnmørsbyen. Det var her han runda sin maratonsiger nr. 100. i 2007. Helge sin personlege rekord er også sett i dette løpet.

Helge Hafsås kan framleis kalle seg europas mestvinnande maratonløpar. Amerikanaren Chusk Engle har no 147 sigrar mot Helge sine 145.



Friidrettstrening tysdag 8. mai

Postet av Olden IL den 7. Mai 2012

Friidrettstrening tysdag 8. mai kl. 18.00-19.30. Alda stadion.


Vinterleg Breimstafett

Postet av Olden IL den 6. Mai 2012

Foto:HP Galtung

Trass i kald vind og snøbyger vart Breimstafetten 2012 ein suksess. Heile 53 lag var i aksjon i dei ulike klassane. I tillegg kjem alle skulelaga. Vi gratulerer Hornindal med ein ny sterk stafettsiger i guteklassa.  Her vart Olden nr. 7 av 13 lag. Tida var 19 sek. svakare enn i fjor. Dette skuldast nok i stor grad dei vinterlege tilhøva. Veteranane vart nr. 4 av 6 lag. Fjellhug/Vereide var her suverene. Kanskje den nye løypa passa oss dårlegare ? Elles må det seiast at vi stilte med eit skadeprega lag. Mindre trening på fleire av deltakarane er nok og ei medverkande årsak til at veteranane leverte sin "dårlegaste" Breimstafett plasseringsmessig på svært lenge. 

Jølster vann herreklassa knapt føre Hyen. Blant jentene var Førde suverene. Opa klasse vart vunnen av Stårheim/Eid. Olden stilte ikkje lag her i år.



Breimstafetten søndag 6. mai

Postet av Olden IL den 3. Mai 2012

Breimstafetten vert arrangert for 74. gong søndag 6. mai. Olden har meldt på eit gutelag og eit veteranlag. Seniorstafetten er i år kutta frå 10 til 6 etappar. Olden hadde derfor von om å stille seniorlag for første gong på svært mange år, men sidan russen vår skal til Lillehammer, er dette uaktuelt. Gutane har som mål å springe raskare enn i fjor og forbetre den 6. plassen dei fekk då. Veteranlaget vart knepent slått i fjor. Her har vi to aksjer i vandreskjoldet (2006 og 2010) Kanskje kan veteranane våre sikre seg dette til odel og eige i år. I så fall vert dette veteranane sitt andre vandreskjold på Breim (vann i 2003, 2004 og 2005).


Flott Oldestafett i strålande vårver. Hornindal vann gutestafetten for første gong.

Postet av Olden IL den 29. Apr 2012

Foto:HP Galtung

I alt 29 lag stilte opp i den 58. Oldestafetten som vart avvikla under gode forhold. I tillegg kjem dei 9 laga på ministafetten. Dette betyr at over 180 stafettløparar var i sving denne dagen.  I guteklassa tok Hornindal sin første siger nokon gong i Oldestafetten. Dei greidde også å få eit lag inn på 3. plass. 2. plassen her gjekk til STIL. Hyen ,som har vunne dei 3 siste åra, var uheldig og mista pinnen på 1. etappe. Dei enda til slutt på 4. plass.  STIL vann jentestafetten. GFIL var best i dameklassa, Jølster i herreklassa og Olden i veteran. I open klasse kom dei "Fabelaktige fem" på 1.plass.

Resultater

Bilder(tar liitt tid å laste)

Vinnertidene i dei ulike klassane i år var langt bak rekordane og stort sett svakare enn dei siste åra. Dette kan skuldast realativt kjøleg ver og litt tungt der det var grasmark. Eller kanskje nivået rett og slett er blitt dårlegare ? Relativt sett var det damene frå GFIL som presterte den beste tida. 8.57.6 er den beste tida i denne klassa sidan 2005.

I herreklassa sikra Jølster seg vandrepokalen til odel og eige. Det same greidde GFIL i dameklassa og Olden i klassa for veteranar.



Olden viste god breidde i Oldestafetten

Postet av Olden IL den 29. Apr 2012

Olden stilte med 5 lag i årets Oldestafett. 3 gutelag, 1 jentelag og eit veteranlag. I tillegg kjem laga i open klasse og på ministafetten. Dvs. at over 50  stafettløparar frå Olden var i sving denne dagen. Flott !

I guteklasa vart dei ulike Oldelaga nr. 5, 7 og 10 av 11 lag. Flott innsats! 2.laget var berre 7.sek bak første-laget. Dette lovar bra framfor Breimstafetten neste helg, der det er 8 etappar. Vi hadde ikkje venta å kjempe heilt i teten dette året, men berre vent til neste år ! Men då må det trenast!  Jentelaget vart nr. 4 av 7 lag. Tida 7.14.9 er den beste eit jentelag frå Olden har prestert sidan 2003. På jentelaget sprang : Kristine Holen, Kari Alsaker, Kristine Tonning, Jannike Melheim og Lise Mari Tonning. På det beste gutelaget sprang : Matias Melheim, Thomas Tonning, Anders Egset, Olav Egset og Rafael Gildestad. Det svært unge 3. gutelaget vårt, med fleire under 11. år på laget, gjorde og ein flott innsats. Dette lovar bra for framtida. Vi gratulerer elles det gode veteranlaget vårt som tok vandrepokalen til odel og eige. "Still going strong after all these years ".



Hafsås tilbake på vinnarsporet

Postet av Olden IL den 22. Apr 2012

Helge Hafsås tok laurdag 21. april sin 13. siger i maratonløpet Rett Vest i Florø. Tida vart 2.50.13. Dette var Helge sin 6. siger på rad i Rett Vest. Det var vindstille, 5 grader og litt regn under løpet.


Stafett-trening

Postet av Olden IL den 22. Apr 2012

Alle som vil vere med på Oldestafetten må møte til trening tysdag 24. april kl. 18.00-19.30. Frammøte på Alda stadion. Dei som vil vere med på 1. laget for gutar, må springe uttakingskonkurranse.


1. løpet i løpskarusellen 2012

Postet av Olden IL den 16. Apr 2012

Første løpet i løpskarusellen 2012 vart avvikla i joggeløypa ved Olden skule laurdag 14. april. Kun13 stilte opp i den kalde nordavinden. Vi håpar på fleire deltakarar i neste løp. Dagens beste tid fekk 17-åringen Asgeir Flåten. Matias Melheim sletta Anders Muri sin løyperekord for 13-åringar med 1.1 sek.

Resultat

Statistikk



Friidrettstreningar fram til Oldestafetten

Postet av Olden IL den 16. Apr 2012

Laurdag 21. april kl. 16.30-18.00 

Tysdag 24. april kl. 18.00-19.30

Fredag 27. april  kl. 20.00-21.00

Alle som vil vere med på Oldestafetten må møte opp. Laurdag og tysdag vert det trening og uttaking på etappane. Fredag spring dei oppsette laga gj. løypa.

                               



Lagsmeisterskap innandørs

Postet av Olden IL den 11. Apr 2012

16 oldarar i alderen 8-19 år deltok på lagsmeisterskapet innandørs i Olden skule. Av desse var heile 15 gutar. Kvar blir jentene av i friidretten ? Dei heilt store resultata uteblei, men mange viste fin framgang.

Resultata.



Chuck Engle er no verdas mestvinnande maratonløpar.

Postet av Olden IL den 5. Apr 2012

Amerikanaren Chuck Engle (f. 1971) har no passert Helge Hafsås (f.1966) på statistikken over verdas mestvinnande maratonløparar. Engle har no 146 sigrar, medan Helge framleis står med 144. Hafsås sin foreløpig siste siger kom 3. des. 2011, medan Engle vann Yakima River Canyon på tida 2.43.39, 31. mars i år. På 3. plass følgjer tyskaren Jobst vonPalombini (f. 1969) med 117 sigrar.


Den 58. Oldestafetten søndag 29.april

Postet av Olden IL den 5. Apr 2012

Foto:arkivbilde

Det er vår og stafettane nærmar seg. Oldestafetten går som vanleg siste helga i april, søndag 29/4, og Breimstafetten første helga i mai, søndag 6/5.

Olden reknar med å stille med 3 gutelag, 1 jentelag og eit veteranlag i Oldestafetten. Vidare vert og oldarar representert i open klasse. Veteranlaget har to aksjer i vandrepokalen og kan ta denne til odel og eige i år. I herrestafetten har både Jølster og GFIL to aksjer. Vi går ut i frå at eitt av desse laga stikk av med vandrepokalen i år. Det dominerande laget i Oldestafetten dei siste åra har elles vore Hyen. Dei stiller nok sterkt også i årets stafett.

Oldestafetten har lange tradisjonar og lever i beste velgåande. Deltakinga har vore god i gute- og jenteklassen dei siste åra. Vi håpar no på at fleire vaksne stiller opp i dei ordinære klassane eller i open klasse. Alle som er for unge til å delta på hovudstafetten, kan delta på stafettleiken for born (6-10 år) på idrettsplassen.

Løypa er rydda etter "Dagmar" sine herjingar i jula og alt er klart for ein ny flott Oldestafett,

Påmeldingsfristen går ut 24.april, men vi tek imot etteranmeldingar.

 

Innbyding 



Vellukka Strynehalleikar

Postet av Olden IL den 26. Mar 2012

Strynehalleikane vart avvikla etter tradisjonelt mønster laurdag 25.mars. Kun 57 delatakarar stilte opp i år. Dette er det lågaste deltakartalet vi har hatt. Kollisjon med diverse andre arrangement får ta hovudskulda for dette. På den andre sida var det gledeleg at 11 ulike lag var representerte.

I år hadde vi med 9 deltakarar frå Olden. Dette er  det lågaste deltakartalet vi har hatt på svært mange år. Dei som stilte opp gjorde imidlertid sine saker svært bra og viste fin framgang. Anders Muri viste at han framleis er veldig rask. Han hadde best tid på 40m av alle deltakarane med 5,4. Så vidt vi veit er Strynehallrekorden på 40 m 5,3.

Resultater



Gode alpinresultat av Rasmus E. Skarstein

Postet av Olden IL den 26. Mar 2012

Ramus E. Skarstein er for tida på Hovudlandsrenn i alpint for 14-15 åringar på Bjorli. Så langt har han oppnådd to premieplassar. I slalomrennet vart han nr. 29 av over 100 deltakarar. I storslalom vart det ein 34. plass. Også her var det over 100 deltakarar. Vi gratulerer med gode resultat så langt.

Link til Skiforbundet



Hafsås vann ikkje !

Postet av Olden IL den 26. Mar 2012

Helge Hafsås har vunne Bergen maraton heile 12 gongar, men måtte i år ta til takke med ein 3. plass. Med tida 2.54.39 var han vel 4 min. bak vinnaren.


Strynehalleikane i morgon

Postet av Olden IL den 23. Mar 2012

Det er meldt på 59 deltakarar til Strynehalleikane laurdag 24. mars. Dette er noko mindre enn dei siste åra. 7 frå Olden stiller opp. Elles kjem deltakarne frå Oppstryn, Stryn, Vikane, Breimsbygda, Fiskå, Skjåk, Hornindal,Haugen, Eid og Markane.   Stemnestart kl. 12.00

Tidsskjema



Verdas mestvinnande maratonløpar

Postet av Olden IL den 21. Mar 2012

Helge Hafsås har i mange år no kunna titulere seg som verdas mestvinnande maratonløpar. Den tida er no forbi. Både Helge og Chuck Engle frå USA står no med 144 sigrar. Vi kan nemne at Engle vann 6 maratonløp på 6 dagar i desember 2011. Amerikanaren har nok langt fleire løp å velje i enn Hafsås.


Friidrettstrening måndag 19. mars

Postet av Olden IL den 18. Mar 2012

Det vert som vanleg friidrettstrening i gymsalen måndag kl. 17.30-20.00. Dersom det ikkje er glatt, tek vi først ein løpetur utandørs.


Skarsteinsetra Opp laurdag 8. sept.

Postet av Olden IL den 15. Mar 2012

Skarsteinsetra opp vert i år arrangert laurdag 8. september. Konseptet vert omlag som i fjor med fellesstart for løparar og syklistar. Olden IL satsar i år på å få til eit "Mini-Skarsteinsetra Opp" for dei yngre årklassane.

Set av datoen no og still opp med eller utan tidtaking !



Friidrett

Postet av Olden IL den 11. Mar 2012

Det vert ikkje lagsmeisterskap i friidrett innandørs måndag 12. mars.  Derimot vert det denne måndagen vanleg friidrettstrening for dei som er 9 år og eldre kl. 17.30-19.00.  Frammøtet så langt i år har vore relativt dårleg. Friidrettsgruppa håpar at fleire vil stille opp på trening no som våren nærmar seg. Det heller dårlege frammøtet er også grunnen til at vi ikkje har gjeve tilbod om felire treningar pr. veke. Lagsmeisterskapet innandørs vil bli avvikla i løpet av mars månad. Vi kjem tilbake med informasjon om dato.


Strynehalleikane laurdag 24. mars

Postet av Olden IL den 6. Mar 2012

Strynehalleikane kan i år feire 25-årsjubileum. Det første stemnet vart arrangert i den då nye Strynehallen i 1987. Dvs. at årets arrangement er det 26 i rekkja.

Som vanleg er øvingane 40m, kule, lengde m/tilløp og høgde med tilløp. Alle som er 10 år (f. 2002) og eldre kan vere med, men 9-åringar kan delta i 10-årsklassa. Påmeldingsfrist seinast onsdag 21/3 kl. 23.59.

Oldarar melder seg på til Hans-Petter tlf. 90418186 seinast onsdag 21/3 kl. 20.00.

Sjå innbyding !



Norwell-leikane i Florø laurdag 17.mars

Postet av Olden IL den 6. Mar 2012

Laurdag 17. mars vert Norwell-leikane i friidrett arrangert i Florø. Dersom det er interesse tek vi turen. Påmelding til Hans-Petter seinast onsdag 14. mars kl. 20.00.  

Sjå innbyding !



Løypekøyring

Postet av Olden IL den 6. Mar 2012

Scooteren har ikkje vore i form i det siste. Av den grunn har det vore manglande løypekøyring i ein periode. Men Roar Alsaker har no ordna feilen.  Over førstkomande helg skal den elles nyttast under jun.-NM i skiskyting på Ullsheim. Men dersom det er nok snø og relativt stabile vertilhøve, vil Olden IL køyre opp løyper i neste veke.


Jonas og Rasmus uttekne til landsfinale/hovudlandsrenn i alpint.

Postet av Olden IL den 6. Mar 2012

Joans Henden Drageset er kvalifisert til landsfinalen i alpint for 12-13 åringar i Sauda 15-18 mars. Han kom på 5. plass samanlagt i kvalifiseringa. Rasmus E. Skarstein er klar for hovudlandsrennet for klasse 14-15 år på Bjorli 24-30 mars. Rasmus vart nr. 2 i kvalifiseringa. Olden IL gratulerer dei uttekne løparane med flott innsats så langt i alpinsesongen og ynskjer lukke til i Sauda og på Bjorli.

I finalen i Fjord 1-cupen i storslalom i Sogndal laurdag 3/3 fekk Jonas 3. plass og Olav Egset 6. plass i klasse 12-13 år. Blant  14-15-åringane vart Rasmus nr. 3.

Søndag 4/3 var det slalom på Utvikfjellet. Her vart det 4. plass til Jonas og 5. plass til Olav. Rasmus oppnådde 2. plass.



Friidrett våren 2012

Postet av Olden IL den 24. Feb 2012

Dette er dei viktigaste stemna før sommarferien ; 

I løpet av av mars : Lagsmeisterskap innandørs

Laurdag 17/3 : Norwell-leikane i Florø

Laurdag 24/3 : Strynehalleikane

Søndag 29/4 : Oldestafetten

Søndag 6/5 : Breimstafetten

Søndag 10/6 :Åsen og Øvrelidleikane, Førde

Du som er interessert i fiidrett må setje av desse datoane no !



Ny-oppkøyrde skiløyper

Postet av Olden IL den 20. Feb 2012

Måndag kveld 20. feb. vart løypene til Avleiåsen køyrde på nytt. Det er bra med snø i skogsvegane, men i det løypene vart køyrde regna det heilt opp. Det er meldt kaldare ver i morgon. Ver elles merksam på at det er relativt stor snøskredfare i fjellet no i vinterferien. Kombinasjonane av bra med nysnø, vind og mildver, gjer at ein bør vere ops.


Rasmus E. Skarstein KM-vinnar i storslalom

Postet av Olden IL den 20. Feb 2012

Km i alpint vart arrangert på Stryn skisenter forige helg. I storslalom klasse 14/15 år sikra Ramus E. Skarstein seg KM-tittelen. Jonas Henden Drageset vart nr.  2 i klasse 12/13 år. I slalomrennet vart Jonas nr. 6 og Olav Egset nr. 9 av 18 deltakarar. Lene Egset, Elias H. Drageset og Emil H, Dragset gjorde det og bra i dei yngste klassane.


Friidrettstrening

Postet av Olden IL den 6. Feb 2012

Friidrettstrening måndag 6. feb. kl. 17.30-19.00 i gymsalen på Olden skule. Alder frå 9 år og oppover

Friidrettsgruppa



Oppkøyrde skiløyper

Postet av Olden IL den 3. Feb 2012

Fredag kveld 3. feb. vart det køyrt løyper til Avleisåsen, øvste skogsvegen mot Murihammaren og ei 4 km-løype nede i bygda. 4 km-løypa går frå Olden skule på bøane på Muri og Brynestad. Det er fine forhold, men litt grastustar her og der i løypa nede i bygda. Det er foreløpig kun køyrt opp for klassisk skigåing. Laurdag kveld vart det også køyrt løyper frå Gildestad til Skarsteinsetra og i skogsvegen mot Vanbergssetra.


Adelskalender

Postet av Olden IL den 31. Jan 2012

Adelskalenderen Fjelltrimmen OIL pr 2011


Post

Flest turar

Antal

År

Agjeldsetra

Amund Nesje

15

-10

Kristian Nesje

14

-10

Bjarne Nesje

14

-10

Honnvasshytta

Anders Bruvoll

104

-09

Kjell Bjarne Sunde

85

-11

Ola Vangberg

68

-10

Nonshaugen

Kjell Bjarne Sunde

120

-11

Anders Bruvoll

104

-09

Ola Vangberg

95

-09

Vangbergsetra

Birger Fagerlid

200

-09

Kjell Bjarne Sunde

195

-11

Ola Vangberg

163

-09

Skarsteinsetra

Birger Fagerlid

375

-09

Bente Ljosdal

314

-09

Kell Bjarne Sunde

295

-11

Huaren

Anne Berit Bjørdal

277

-10

Tove Kristin Vedlog

224

-10

Kari G. Solheim

186

-11

Avleisetra

Anne Berit Bjørdal

107

-06

Kari Solheim

53

-06

Egil Solheim

32

-06

Murisetra

Bjørn Muri

34

-08

Rasmus Brynestad

20

-09

Terje Sundsøy

13

-10

Fossen

Gunnar Melheim

44

-10

Berit Melheim

40

-10

Roar Alsaker

22

-11

Kvitefjellet

Liv Elisabet Rygg

112

-09

Magdeli Bruvoll

21

-10

Lin Gunhild Bruvoll

11

-09

Solheimsætra

Mari Kr. Melheim

41

-11

Roar Alsaker

13

-09

Arild Hafsås

13

-10

Laukisetra

Anne Britt Eide

85

-09

Bente Ljosdal

76

-10

Elbjørg Skarstein

69

-10

Sundsetra

Bjarne Gjerde

124

-11

Gunnar Gjerde

114

-10

Einar Strand

111

-09

Sundsdalen

Gunnar Gjerde

43

-11

Svein Gjerde

34

-11

Bjarne Gjerde

26

-09

Yrisetra

Lillian Mykløen

37

-10

Einar Mykløen

37

-10

Anne Mykløen

22

-06

Høgalmesetra

Jan Høgalmen

275

-08

Reidun Høgalmen

71

-08

Tore Høgalmen

69

-10

Kvamssetra

Jakob Kvamme

84

-10

Jon Olav Kvamme

64

-09

Kari Kvamme

33

-04

Flatsteinbu

Fredrik Kvame

7

-08

Jakob Kvamme

6

-11

Jon Olav Kvamme

5

-08

Jan Høgalmen

5

-09

Brenndalen

Signe Aabrekk

103

-07

Asbjørn Indrebø

54

-07

Veronika Nitsch

20

-11

TOTAL POENGSUM OVER 500:

NAMN

POENG

ÅR

1

Kjell Bjarne Sunde

2258

-11

2

Birger Fagerlid

1892

-09

3

Anders Bruvoll

1372

-09

4

Anne Berit Bjørdal

1354

-10

5

Bente Ljosdal

1286

-09

6

Jan Høgalmen

1173

-08

7

Ola Vangberg

1138

-09

8

Reidun H. Skarstein

962

-11

9

Svein Gildestad

934

-10

10

Hans Petter Galtung

930

-09

11

Tove Kristin Vedlog

807

-11

12

Liv Elisabet Rygg

788

-10

13

Mari Kr. Melheim

704

-11

14

Per W.Skarstein

694

-11

15

Anne Britt Eide

670

-10

16

Kari Solheim

658

-06

17

Johanna Nygjerd

617

-09

18

Johan Fredheim

566

-11

19

Bjørn Muri

552

-10

20

Gunnar Gjerde

548

-11

21

Oddbjørg Bø Muri

519

-10

22

Bjarne Gjerde

509

-11

23

Alf Muri

506

-05




Adelskalenderen_Fjelltrimmen_OIL.doc


Framleis fint skiføre.

Postet av Olden IL den 30. Jan 2012

Det er framleis fine skitilhøve i skogsvegane på Muri og Avlei. Løypene vart køyrde på nytt sist laurdag. Det er fine spor til Avleiåsen og i skogsvegen mot Murihammaren. Vi håpar at enno fleire vil finne fram skia og bruke løypene. Nokre av skogsvegane kan ikkje preparerast p.g.a. vindfalne tre. Nede i bygda er det foreløpig for lite snø for løypekøyring.


Hafsås vann halvmaraton

Postet av Olden IL den 24. Jan 2012

I maratonkarusellen i Bergen sist helg valde Helge Hafsås denne gongen å springe halvmaraton. I snø og slaps vann han på tida 1.19.26. Maraton vart vunne av Gjermund Sørstad med 2.43.55.


Friidrettstrening måndagar

Postet av Olden IL den 23. Jan 2012

Friidrettstrening i kveld 23. januar, i gymsalen på Olden skule 17.30-19.00. Alder frå 9 år og oppover.


Oppkøyrde skiløyper

Postet av Olden IL den 21. Jan 2012

Laurdag kveld (21.jan.) vart det køyrt opp klassiske skilløyper i skogsvegane på Muri og Avlei. Det er bra med snø og fine forhold med minusgrader og tørrsnø.


Ny årsrekord for nettsida til Olden IL

Postet av Olden IL den 3. Jan 2012

I løpet av 2011 hadde nettsida til Olden IL 24.305 treff. Den forrige årsrekorden var frå 2008 med 12.475 treff. Desember vart og ein bra månad med over 2000 treff, særleg sett på bakgrunn av at "Dagmar" naturleg nok førte til lite besøk siste veka i desember.